Ut mot eiga regjering:– Skremmande

3 weeks ago 18



Ordførarar på Vestlandet er i harnisk over det dei meiner er ei forsømming av næringslivet langs kysten.

 Gorm Kallestad / NTB
SINTE: Misnøye med handtering av oppdrettsnæringa får no ordførarar på Vestlandet til å gå hardt ut mot eiga regjering. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 13.04.2024 01:54

– Vi har farga Sognefjorden raudt politisk, men eg tenker at fanken heller, det spørst kor lenge det blir verande sånn om vi ikkje snart blir lytta til, seier Kjell Eide, arbeidarparti-ordførar i Hyllestad kommune. 

Han er ein av 14 ordførarar i Vestland som har signert eit opprop mot regjeringa, for å kjempe mot eit vedtak dei meiner vil få store konsekvensar for distrikta og for Vestlandet.  

 Privat
UROA: Kjell Eide er ordførar i Hyllestad for Arbeidarpartiet. Han er misnøgd med vedtaket eige parti har gjort for deira område. Foto: Privat

For det er ikkje berre politisk at Sognefjorden i stor grad er raud. Også innanfor oppdrett er heile området frå Karmøy til Stad nok ein gong karakterisert som raud sone. 

Det betyr at alle oppdrettarane innanfor dette området må redusere produksjonskapasiteten med seks prosent dei neste to åra, på grunn av miljøsituasjonen i dette området. 

 NTB / Gorm Kallestad
LAKSELUS: Alle oppdrettsanlegg i raud sone må redusere produksjonskapasiteten med eit nedtrekk på 6 prosent. For området mellom Nordhordland og Stad er det samla nedtrekket på 18 prosent, fordi dei har fått nedtrekk tre gongar på rad. Foto: NTB / Gorm Kallestad

– Vi er sterkt bekymra for konsekvensane av det samla nedtrekket for investeringar, arbeidsplassar, utbetalingar frå Havbruksfondet og for innovasjon, skriv ordførarane i oppropet. 

Les heile oppropet lenger nede i saka. 

Trafikklyssystemet

Annakvart år gir Nærings- og fiskeridepartementet ut løyve til lakseoppdrett basert på ei vurdering av miljøforholda innanfor gitte produksjonsområde.

Trafikklyssystemet skal sørge for føreseieleg og berekraftig vekst i havbruksnæringa.

Fargen blir sett ut frå korleis lakselusa påverkar villaksen i området, og avgjer om oppdrettarane i området får lov til å vekse eller om dei må redusere produksjonskapasiteten.

Produksjonskapasiteten er den øvre grensa for kor mykje fisk ein oppdrettar kan ha i sjøen til ei kvar tid.

Det er til saman 13 produksjonsområde.

Grønt område får auke produksjonskapasiteten med inntil seks prosent, gult område kan oppretthalde dagens kapasitet og raudt område må redusere kapasiteten med seks prosent.

I år har to område fått fargen raud fordi miljøsituasjonen er vurdert som uakseptabel. Områda dekker kysten frå Karmøy til Stad.

Kjelde: regjeringen.no

Store utfordringar

Oppdrettsnæringa har fått krass kritikk for dårleg fiskehelse, problem med lakselus og høg dødelegheit. 

I fjor døydde 105,4 millionar laks og aure i oppdrettsanlegg. 

Laksemilliardær Gunnar Witzøe har sjølv innrømma at laksebransjen har eit problem.

 Marit Hommedal / NTB
LUS: Lakselus er framleis den største sjukdomsdrivaren hos oppdrettslaks, men lusenivåa var litt lågare i 2023 enn i 2022. Foto: Marit Hommedal / NTB

Ei undersøking utført av Norstat for NRK, viser at 37 prosent av nordmenn har blitt meir negative til oppdrettslaks den siste tida. 

Ordførarane i vest er ikkje ueinige i at oppdrettsnæringa har store utfordringar. Dei er heller ikkje ueinige i at næringa må ta sterkare grep for å få bukt med problema. 

Dei meiner likevel at ordninga slik ho er i dag, rammar skeivt.

– Utfordringa er at straffa er kollektiv. Det gjeld alle oppdrettsanlegg uansett kor stor luseproblematikken er ved det anlegget, seier Eide. 

Han viser til næringa sine rapportar om at lusenivået i området er redusert med 40 prosent. 

 Gorm Kallestad / NTB
KRITIKK: Oppdrettsnæringa har fått mykje kritikk når det gjeld både miljø og fiskevelferd. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Han får støtte frå ordføraren i nabokommunen Gulen. 

– Vi er einige i at det må komme tiltak, men vi reagerer veldig sterkt på måten dette blir gjort på. Dette får store konsekvensar langt utover oppdrettsselskapa, seier May-Lynn Osland (Ap). 

– Alvorleg

Fleire av ordførarane TV 2 har snakka med, seier dei er svært skuffa over handteringa til eige parti sentralt av denne saka. Dei meiner Vestlandet ikkje blir høyrt. 

– Det er vanskeleg å nå fram med argument frå grasrota til Oslo. Vi opplever at vi ikkje blir lytta til, seier Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap). 

 Privat
KRITISK: Petter Sortland er ordførar i Høyanger. Han er kritisk til vedtaket. Foto: Privat

– Dei små oppdrettsselskapa er utruleg viktige for samfunnet vårt. Det er eit vanvitig tap om vi mistar dei. Dette er alvorleg og skremmande, seier Eide.

Fryktar for arbeidsplassar

Ein stor del av dei kommunale inntektene, sysselsetting og leverandørindustrien i kystkommunane i Vestland, baserer seg på havbruksnæringa. 

Osland er svært uroa for kva reduksjonen vil ha å seie for utviklinga i kommunen. 

 Privat
RINGVERKNADER: May Lynn Osland i Gulen meiner verkemidla som blir brukt også straffar leverandørnæringa til fiskeriet. Det får store ringverknader, seier ho. Foto: Privat

–  Vi tapar arbeidsplassar, vi tapar arbeidskraft og kommunen tapar midlar frå Havbruksfondet. Dette betyr svært mykje for små samfunn som oss, seier Osland.

Ordførarane ber difor regjeringa om å vente med å krevje at produksjonskapasiteten skal settast ned, til den nye Havbruksmeldinga er klar i løpet av våren 2025. 

– Der skal dei mellom anna vurdere denne ordninga. Når konsekvensane no blir så store, så meiner vi det er rimeleg at dei ventar på dette, seier Eide.  

Desse har signert oppropet

May-Lynn Osland, ordførar i Gulen (Ap)

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

Kjetil Eide, ordførar i Hyllestad (Ap)

Ola Teigen, ordførar i Kinn (Ap)

Gloppen, Arnar Kvernevik (Ap)

Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger (Ap)

Leif Jarle Espedal, ordførar i Fjaler (Ap)

Gunn Åmdal Monstad, ordførar i Solund (Sp)

Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver (Sp)

Lars Fjeldstad, ordførar i Osterøy (Sp)

Ole Andre Klausen, ordførar i Askvoll (H)

Stian Herøy, ordførar i Fedje (H)

Morten Sognnes, ordførar i Austrheim (H)

Erlend Kvamsdal, ordførar i Masfjorden (H)

– Ikkje rimeleg 

I 2023 kom Havbruksutvalet med forslag til ei rekke reguleringstiltak for å sikre at veksten i oppdrettsnæringa er forsvarleg. 

I rapporten føreslo utvalet å styrke dei individuelle insentiva til å redusere miljøpåverknaden, og å differensiere tiltaka mot lakselus etter miljøstatus i det enkelte produksjonsområdet. 

Mellom anna føreslo dei å senke terskelen for når oppdrettarane må sette inn tiltak mot lakselus, og at det bør bli innført ei avgift på lus over tiltaksgrensa.

Til gjengjeld vil dei fjerne ordninga med nedtrekk slik ho er i dag.

 Gorm Kallestad / NTB
LUS: Oppdrettsnæringa har store problem med lakselus. Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Vi meiner dagens trafikklyssystem inneheld element som fungerer godt og som bør vidareførast, men at dei individuelle insentiva til å ta gode og nødvendige val må styrkast, seier utvalsleiar Linda Nøstbakken.

Sjølv om Havbruksutvalet føreslo å skrote ordninga med nedtrekk, meiner utvalsleiaren likevel ikkje at det er rimeleg å krevje at nedtrekket blir utsett før andre tiltak er kome på plass.

– Vi har føreslått ein pakke med nye tiltak som kan gjere nedtrekket overflødig. Inntil det er på plass, har nedtrekket ei viktig rolle i dagens system, seier Nøstbakken.

Ikkje aktuelt

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth seier ho har stor forståing for at tiltaket kan vere krevjande for oppdrettarar på Vestlandet, men meiner omsynet til mljø må gå føre. 

Ho seier vidare at det ikkje er aktuelt å utsetje vedtaket slik ordførarane ber om. 

– Oppdrettsselskap kan få unntak frå ein slik reduksjon dersom dei kan vise til tilstrekkeleg låge lusetal, og det er det også aktørar på Vestlandet som har fått, seier Myrseth. 

 Per Haugen / TV  2
GRUNDIG GJENNOMGANG: Fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) seier at regjeringa skal sjå på heile løyvesystemet i havbruksmeldinga, med mål om å finne verkemidlar som gjer god velferd og miljøvenleg drift lønsamt. Foto: Per Haugen / TV 2

– Ordførarane meiner regjeringa viser lite forståing for utfordringane i lokalsamfunnet, og føler dei ikkje blir lytta til. Kva vil de svare til det?

– Havbruksnæringa er viktig for Noreg, og difor må vi også ha ei ansvarleg havbruksforvaltning. I område der påverknaden på miljøet er for stor så må næringa ta ned produksjonen eller finne andre løysingar, svarar Myrseth. 

Misnøgd

I kystkommunane er ordførarane misnøgde. 

 – Alle tapar på dette. Det går utover arbeidsplassar, verdiskaping og næringa sjølv sin økonomiske evne og motivasjon til å investere i ny miljøteknologi, meiner Sortland. 

For sjølv om dei er einige i at miljøomsynet skal vekte tungt for tiltak i oppdrettsnæringa, meiner dei at regjeringa no gjer det vanskelegare for næringa å ta grep. 

– Eg trur ikkje vi løyser problema berre med pisk og straff. Vi treng eit betre samarbeid, seier Eide. 

Les heile oppropet her

Vi ønskjer å rette merksemda mot utfordringane knytt til trafikklyssystemet som vart vedteke i 2015 for å styre veksten i norsk oppdrettsnæring for laks og aure. Norskekysten vart delt inn i 13 ulike produksjonsområde, og basert på modellar frå Havforskingsinstituttet (HI), Veterinærinstituttet (VI) og Sintef, blir det sett trafikklys med ulike fargar som indikerer vekst, stabilisering eller nedtrekk i produksjonen.

I samsvar med pressemelding frå fiskeri- og havministeren den 6. mars 2024, har det blitt bestemt å setje Produksjonsområde 4 (frå Sotra i sør til Stadt i nord) til raudt lys for perioden 2022 og 2023. Dette inneber ein nedtrekking av produksjonen av laks og aure med 6%, noko som utgjer det tredje nedtrekket i PO 4 og ein total reduksjon på 18%.

Ordninga generelt

Vi er sterkt bekymra for konsekvensane av det samla nedtrekket for investeringar, arbeidsplassar, utbetalingar frå Havbruksfondet og for innovasjon. Til trass for innsatsen for å oppretthalde låge luse-nivå, ser det ut til at dette ikkje har hatt ønska effekt på trafikklyset. NOU 2023:23 «Heilskapleg forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping» peikar også på at nedtrekk som verktøy ikkje er tilstrekkeleg for å betre forholda for villaksen og fører til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar i distrikta.

Vi føreslår difor at tiltaket med nedtrekk på 6% i raude produksjonsområde setjast på pause. Regjeringa må utarbeide ei stortingsmelding som sikrar ei heilskapleg regulering av havbruksnæringa og legg til rette for berekraftig vekst på sjø og land, basert på norske fortrinn og teknologiutvikling.

Vi oppmodar til ei grundig gjennomgang av trafikklyssystemet og ei meir heilskapleg tilnærming til reguleringa av havbruksnæringa for å sikre berekraftig vekst og bevaring av våre marine ressursar.

Produksjonsområde 4

Lakselusnivået i PO4 er redusert med 40%. Etter vedtatte modellar har dette ført PO4 frå rødt til gult. Men ekspertgruppa har i 2023 innført «Områdekorrigert verdi», med ein faktor på 1,85 med konsekvens at PO4 var omgjort til rødt.

Produksjonen av laks og aure blei i 2023 redusert av oppdrettselskapa i Sognefjorden med 50% i perioden april-juli utan at dette har hatt ønska effekt på trafikklyssystemet. PO4 er også eit av dei største produksjonsområda, der trafikklyset basert på tråling og vurdering av tilstand i Sognefjorden blir bestemmande for heile dette store området.

Basert på ei totaltvurdering meiner vi det er åpenbart at usikkerheita rundt det faglege grunnlaget for fastsetjing av raud sone i PO4 er svært stor og at departementet derfor må vedta at det for 2024 ikkje vert gjort nedtrekk i PO4.

Oppsummert

Vi fokuserer ikkje på trafikklysfargen, men ber om utsettelse på nedtrekk. Vi veit at det skal gjennomførast eit viktig arbeid med Havbruksmeldinga og det bør vere enkelt å stadfeste i forskrifta at vi ventar med nye nedtrekk til denne meldinga er ferdig Vi ber om nytt forslag til § 5 i høyringsnotatet slik:

Tilbakestilling av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet gjelder fra denne forskriftens ikrafttredelse. Nedjustering av utnyttelsesgrad for tillatelseskapasitet blir satt på hold i påvente av nye retningslinjer som måtte komme når Stortinget behandler ferdig den kommende Havbruksmeldingen (våren 2025).

Read Entire Article