Ute var det over 20 minus. Så banka ein naken mann på døra

11 hours ago 3



I berre sokkane hadde mannen blitt knivtruga og forlaten på ein aude stad i januarmørket.

 Jan-Petter Dahl / TV 2
KALDT: Bilturen starta ved togstasjonen i Tønsberg. På ein aude stad nordvest for byen vart ein naken mann tvinga ut av bilen og forlaten i over 20 minusgrader. Foto: Jan-Petter Dahl / TV 2

Publisert 18.12.2025 12:02 Sist oppdatert 43 minutter siden

På kvelden 24. januar 2024 fekk politiet i Tønsberg ein spesiell telefon. 

Ein huseigar fortalde at ein naken mann hadde kome på døra hans og bedt om hjelp. Ute var det mellom 20 og 30 minusgrader.

Til politiet fortalde den nakne mannen at han hadde blitt rana, slått med kniv og blitt tvungen til å kle av seg alt utanom sokkane. 

Så var han blitt forlaten på ein aude stad i januarmørket. 

Dømd for ran

– Han måtte gå naken ut av bilen. Ute var det snø og svært kaldt. Han såg ingen busetnad og bestemte seg for å springe i ei retning, skriv Vestfold tingrett om fornærma sin forklaring.

Etter 700–800 meter kom han altså til eit hus, i enden av ein grusveg, der nokon var heime og han kunne få hjelp.

No er ein 26 år gamal mann dømd for ran og valdsbruk mot mannen, og for å ha forlate mannen i hjelpelaus tilstand. 

 Thomas Evensen / TV 2
ERKJENTE SKULD: Den 26 år gamle mannen møtte i Vestfold tingrett i Tønsberg førre veke. Der erkjente han straffskuld for alle tiltalepunkt. Foto: Thomas Evensen / TV 2

I den bitande kulden kunne mannen ha overlevd i berre underkant av to timar, fekk retten opplyst.

– Forholdet er alvorleg, for dette kunne enda med døden, eller alvorlege mein.

Krangla om pengar

Bakgrunnen for at dei to mennene møttest denne kvelden var usemje om pengar. 

Den fornærma kom med toget til Tønsberg, medan den dømde kom i bil saman med ein sjåfør. Den fornærma meinte 26-åringen skulle levera tilbake eit bankkort han hadde fått låna på ein fest nokre veker i førevegen.

26-åringen meinte derimot at det var fornærma som skulda han pengar. Med seg i bilen hadde han ein kniv. 

I baksetet oppstod det ein krangel mellom dei to. Som altså enda med at fornærma måtte gi frå seg mobiltelefonen sin, ei lommebok med rundt 1200 kroner i kontantar, bankkortet til kjærasten sin og alle kleda sine.

Han vart også slått i ansiktet med knivskaftet, slår retten fast.

Staden han vart kasta ut av bilen ligg 20 minuttar køyring unna E18 som passerer vest for Tønsberg.

Lokket menn i sex-felle, nå er de tiltalt for ran

Slepp å sone halvparten

26-åringen er i same rettssak dømd for vald mot ein ambulansearbeidar sommaren 2025 og for å vald mot ei kvinne på ferie i Thailand i desember 2024.

Samla blir mannen dømd til fengsel i eitt år og åtte månadar. Men halvparten av fengselsstraffa, altså ti månadar, er på vilkår med ei prøvetid på tre år.

Årsaka er at meddommarane meiner det ligg føre positiv livsendring hjå 26-åringen, som skal vera i ferd med å ta vidaregåande fag på nytt og fått lærlingplass. 

– Han er nøgd med å bli høyrt på at fengselsstraffa skal gjerast på vilkår, så slik sett er han positiv til dommen. Vi skal likevel gå grundig gjennom den for å vurdere om den skal aksepterast eller eventuelt ankast, seier forsvarar Jon Anders Hasle til TV 2.

26-åringen må likevel betale oppreisning og erstatning til ransofferet på totalt 140.000 kroner, og dessutan 40.000 kroner i oppreisning til den fornærma kvinna.

Han erkjente straffskuld for alt då han møtte i retten førre veke.

Read Entire Article