Utstyr for over 12 millionar blir borte: – Dette er våre felles skattepengar

1 week ago 6



Medisinsk helseapparat som er avgjerande, blant anna for heimebehandling, blir gløymde i skuffar, blir blanda med anna utstyr eller i verste fall delt ut vidare til nye pasientar utan at sjukehuset får kontrollert utstyret.

No åtvarar Vestre Viken om konsekvensane.

– Det kan vera at nokon rett og slett gløymer bort utstyret. Ein brukar det ikkje lengre, og er usikker på kva ein skal gjere med utstyret, og så blir det lagt vekk, seier Kristine Reinsbø Mathisen, leiar for behandlingshjelpemiddel ved Vestre Viken helseføretak.

en dame står foran et hus

Kristine Reinsbø Mathisen er avdelingsleiar for behandlingshjelpemidel i Vestre Viken helseføretak

Foto: Beate Bjella / NRK

Reinsbø Mathisen peikar på eit samansett problem. Gløyming, uklar informasjon og apparat som ligg i årevis utan å bli returnert. Samstundes blandar helseinstitusjonar saman sjukehusets utstyr, med sitt eige.

Årleg tap for Vestre Viken? 12 millionar kroner.

Helseføretaket har sjukehus i Bærum, Drammen, Kongsberg og Ringerike, samt sjukestugu i Hallingdal. Dei leverer helsetenester til nær 500.000 personar i 27 kommunar.

Auka etterspørsel

Behovet for heimebehandling veks år for år, og det blir stadig vanskelegare å få tak i nytt utstyr.

– Me merkar at det er fleire leveringsproblem. Blant anna mangel på delar frå andre land. Dette gjer det desto viktigare å få utstyret tilbake, slik at me kan sette det i stand og bruke det vidare, seier Reinsbø Mathisen.

en person som holder helseutstyr

Det blir stadig vanskelegare å skaffe nytt utstyr.

Foto: Beate Bjella / NRK

Sjukehuset delar årleg ut store mengder behandlingsutstyr. Forstøvarar, CPAP-maskinar og insulinpumpar er blant dei som oftast forsvinn.

– Volumet aukar. Det betyr at resirkulering blir viktigare og viktigare for at me skal ha nok helseutstyr til pasientane.

Feilbehandling og smittevern

Det største problemet oppstår når utstyr går vidare frå ein pasient til ein annan, utan å ha vore innom sjukehuset.

– Det apparatet me har delt ut, er innstilt for å behandle ein bestemt pasient. Innstillingane passar kanskje ikkje for neste pasient, og då er det risiko for feilbehandling, seier avdelingsleiaren.

Også smittevern står på spel.

– Når utstyret kjem hit, vaskar me og desinfiserer det med gass. Så gjer me ein teknisk inspeksjon, slik at me veit at det fungerer slik det skal. Den kontrollen får du ikkje om utstyret ikkje kjem til oss.

Ho trekkjer fram oksygenapparat som døme. Om ein vil det skal gi fem liter, må det målast og kvalitetssikrast før det blir levert vidare.

Skal kjennast trygt

Utstyret som forsvinn, har ein høg pris. Dei årlege tapa på 12 millionar kroner kunne vore brukt til nye innkjøp, og for å møte det aukande behovet for heimebehandling.

– Helse treng alltid pengar. Når me kjem opp i slike beløp, er det ikkje ubetydeleg. Dette er våre felles skattepengar, og dei bør brukast fornuftig, seier ho.

Trass i milliontapa, har sjukehuset ikkje vurdert gebyr for manglande innlevering.

– Det skal kjennast trygt og behageleg å låne utstyr i velferdsstaten. Dette er meir ei oppmoding om at me saman må sjå verdien av å levere tilbake.

Enkel retur og felles ansvar

Er det realistisk å få ned tapa i framtida?

– Me prøver å gjere det så enkelt som mogleg. Og me håpar at dersom alle tenkjer gjennom kva dei treng og ikkje, så klarer me saman å få ned tapa.

en person som holder medisinsk utstyr

Har du medisinsk utstyr med Vestre Viken-lapp heime?

Foto: Beate Bjella / NRK

Publisert 04.07.2025, kl. 08.04

Read Entire Article