No kjem det eit vêrskifte i Sør-Noreg, og heilt ned i låglandet på Vestlandet kan det bli sludd og snø.
Det startar med ein god del vind og nedbør onsdag.
– Lokalt kan det koma mellom 60 og 80 millimeter nedbør. Dette lågtrykket markerer slutten på det meir haustlege vêret me har hatt og me får då meir vintervêr, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Når lågtrykket har passert, er det venta å koma kald luft frå nord og nordvest og temperaturar ned mot 0 grader.
Spesielt natt til fredag og laurdag kan det bli frost i låglandet i Hordaland. Og på kysten og i fjellet kan det koma snøbyer natt til fredag.
Før
Etter
Vinteren har allereie kome til nord
Også på Austlandet blir det kaldare, men det er ikkje venta nedbør. I Nord-Noreg har snøen allereie kome. Måndag var det såpeglatte vegar og fleire utforkøyringar på E6.
– I nord har vinteren gjort sitt inntog for ei stund sidan. Der har det snødd godt allereie. Men Sør-Noreg har ikkje hatt innslag av vinter enno. Austafjells er det ikkje venta noko nedbør med det første. Det er ganske mildt der også i starten av veka, men så blir det kjøligare luft frå torsdag-fredag.
Det har kome snø på vegane i Indre Troms. Her frå E6 litt sør for Setermoen.
Foto: 175.no / 175.noI fjor kom det første snøfallet på Vestlandet 23. november, og det var ganske seint, ifølgje meteorologen. Det hender det kjem mykje snø allereie i oktober.
– Det første snøfallet pleier å vera ganske kortvarig, men kjem gjerne litt før.
Det er nord på Vestlandet det er størst sjanse for snø denne veka, i alle fall i fjellet. Men nedover langs kysten, kan det koma sludd- og snøbyer natt til fredag.
Fem grader over normalen i november
Så langt har november likevel vore uvanleg varm i Sør-Noreg. Målestasjonar rundt om i Vestland ligg rundt 5 grader over normalen så langt.
Gjennomsnittstemperaturen i Bergen (Florida) er på 11,4. Den varmaste november nokosinne her var i 2011, med 8,1 grader i snitt.
– Hadde denne varmen halde fram, hadde me knust rekorden. Det er venta kaldare vêr, men det ligg nok an til at november blir varmare enn normalt, meiner Fagerlid.
– Det held seg for det meste kaldt også i neste veke. Det kjem eit lite mildt blaff i helga, men så er det mange dagar me ligg an til å få minusgrader, i alle fall om natta.
Publisert 10.11.2025, kl. 14.55
















English (US)