Uvêr herjar i Innlandet, Sverige og Finland

3 hours ago 2



Den kraftige vinden herjar i nordlege delar av Innlandet og sørlege delar av Trøndelag.

Øystein Lind var ute og gjekk på Lillehammer ved 13.30-tida laurdag. Han fortel at ved Nordre Gravlund gjekk den største furua i bakken.

– Det hang igjen i rota litt, før ho deisa i bakken, seier Lind. Han anslår at det var minst 15 sekundmeter i kasta, kanskje meir.

et tre som har veltet over et hus

På Vingnes i Lillehammer har eit tre velta over eit hus.

Foto: Elin Fossum / NRK

– Der det blåser mest i Sør-Noreg nå, er i Innlandet fylke. Der er det ganske sterk vind frå nord-nordvestleg retning. Det seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga med Meteorologisk institutt.

Han seier at den sterkaste vinden er målt på fjellstasjonane.

– Vi har ein målstasjon på Kvitfjell, ligg på 1030 meter. Der har vi nå ein vind på 26,3 meter i sekundet. Det svarer full til storm, seier Haga.

Han seier at i kasta kan vinden på Kvitfjell komme opp i over 33 meter i sekundet.

Kraftig vind på Femunden

Video: Marianne Skille, NRK

Koparplater losnar

På Lillehammer er det målt 21,2 meter i sekundet.

Koparplater på fleire tonn er i ferd med å losne frå Lillehammer kyrkje på grunn av sterk vind. Det skriv GD.

Jørn Smidesang frå Vingrom bygg har inspisert bygget og seier til avisa at det er ein kritisk situasjon, og at det er «risikofylt å vere i området».

På Vingnes i Lillehammer har eit tre velta over eit hus etter å ha blitt tatt av vinden.

Tre trefte bil

I Åmot har ein bil fått eit tre over seg. Det melder politiet.

Det var to personar i bilen. Dei skal ikkje ha blitt alvorleg skadde.

Rundt 4000 av Elvias straumkundar har mista straumen. Dei fleste i Trysil og Ringsaker.

Meteorolog Haga seier at vinden vil gi seg utover kvelden.

Gävlebukken i Sverige velta under stormen Johannes

Ein person død i Sverige

I Sverige stormen fått namnet «Johannes». I Noreg har stormen ikkje vore sterk nok til å få namn.

Over 30.000 husstandar har mista straumen i Sverige, melder SVT.

Den berømte julebukken i Gävle blei tatt av vinden og velta.

Utanfor Sandviken har ein person mista livet etter å ha fått eit tre over seg.

Også Finland blir herja av uvêret. Der har fleire tusen mista straumen, melder Yle.

Publisert 27.12.2025, kl. 16.27 Oppdatert 27.12.2025, kl. 17.56

Read Entire Article