Væpna aksjon i Grimstad: Politiet har pågripe ein mann

1 day ago 1



Det som starta med ein bil som nekta å stanse i ein politikontroll, enda med ein massiv politiaksjon ved Grimstad.

Politiet meiner det blei løyst skot under flukta.

Bilen blei stoppa etter kort tid. Men sjåføren flykta til fots.

– Politipatruljen høyrde smell som dei meiner var skot frå skytevåpen, seier operasjonsleiar Arve Johan Myklebust i Agder politidistrikt.

Omfattande søk

Politiet slo alarm og sette i gang eit omfattande søk etter mannen.

Både politihelikopter og mannskap frå beredskapstroppen blei sette inn i jakta.

Etter ei tid fann politiet ut at mannen hadde brote seg inn i ei hytte i eit område vest for Grimstad.

Der hadde han forskansa seg.

Uvæpna då han blei tatt

Politiet brukte tid på å opprette kontakt med mannen for å løyse situasjonen.

Mannen var ikkje væpna då politiet gjekk til aksjon inne i hytta.

– Han blei pågripen utan skadar på politiet eller den mistenkte, seier Myklebust.

Mannen som utløyste ein stor politiaksjon ved Grimstad natt til laurdag, er no sikta for innbrot og for å ha stukke frå politiet.

Han er også mistenkt for å ha løyst skot.

Publisert 31.01.2026, kl. 08.41 Oppdatert 31.01.2026, kl. 09.02

Read Entire Article