Vaksenvaksinasjon: Regjeringa høyrer ikkje på faglege råd

1 month ago 47



Regjeringa har foreslått korleis store delar av den vaksne befolkninga skal vaksinerast mot infeksjonar i framtida.

Det heiter vaksenvaksinasjonsprogrammet. Den vaksne befolkninga skal blant anna vaksinerast mot pneumokokksjukdommar som det er mange av i befolkninga.

Usman Ahmad Mushtaq, Statssekretær Helsedep

Statssekretær i Helse - og omsorgsdepartementet, Usman Ahmed Mushtaq, seier det er eit spørsmål om kostnader.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Det er infeksjonar som for eksempel gir lungebetennelse og som krev antibiotika for å bli frisk.

Forslaget er sendt ut på høyring og vekker allereie bekymring.

Folkehelseinstituttet skriv til NRK at dei foreslo å vaksinere alle over 65 år mot pneumokokkbakteriar kvart sjette år.

Regjeringa har valt å oversjå dette rådet.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er ei viktig satsing for regjeringa. Vi startar med 65-årskullet.

Det seier statssekretær i Helse - og omsorgsdepartementet, Usman Ahmad Mushtaq.

Vil berre vaksinere ei lita gruppe

I forslaget frå regjeringa vil dei vaksinere 65-åringane éin gong i løpet av livet og ikkje gjenta vaksinasjonen kvart sjette år. Dei vil heller ikkje vaksinere andre enn dei som fyller 65 år.

Fleire ber nå regjeringa lytte til Folkehelseinstituttet.

Kva med ein på 70, eller kva med ein yrkesaktiv 67 åring?

Hos apotek 1

Fagdirektør Hanne Andresen i Apotekforeningen seier alle treng påfyll for å få halde oppe immunitet.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Det seier fagdirektør Hanne Andresen i Apotekforeningen.

Du treng påfyll for å få halde immuniteten oppe. Det er viktig at vi tar nokre vaksinar kvart tiande år etter barnevaksinasjonsprogrammet. Pneumokokk -vaksinane er anbefalte å ta kvart sjette år frå ein fyller 65 år. Det meiner vi det burde vore lagt til rette for i vaksinasjonsprogrammet som nå er lagt fram.

Vaksenvaksinasjonsprogrammet til regjeringa foreslår tre vaksinasjonar.

  • Eigenbetalt vaksinasjon mot sesonginfluensa, 65 år og oppover.
  • Årleg vaksinasjon mot covid-19, 65 år og oppover
  • Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom, 65 år.

Mykje smitte i befolkninga

NRK har sett på kor ofte dei over 65 år blir sjuke av bakteriar som for eksempel gir lungebetennelse.

Data frå Folkehelseinstituttet viser at slike infeksjonar skjer stadig oftare. Heilt ned i 50-årsalderen og oppover har talet på personar som får desse bakteriane auka sidan 2016.

Grafen under viser data frå 2020 for dei som er over 60 år.

Vaksinasjon er eit viktig førebyggande tiltak, som også vil bidra til at ein bruker mindre antibiotika, og kan dermed førebygge antibiotikaresistens.

Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Knut Berglund, seier det er politikarane som avgjer.

Foto: Petter Larsson / NRK

Det seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Knut Berglund.

Så da tenker du at Folkehelseinstituttet bør bli lytta til i denne saka?

Ein bør lytte til fagfolk, og så er det ei politisk avgjerd om ein skal gjennomføre tiltaka.

I regjeringa sin eigen helsestrategi mot antibiotikaresistens skriv dei at betre bruk av vaksinar vil redde liv. Likevel har dei altså valt å overhøyre oppfordringa frå Folkehelseinstituttet om ein slik vaksine kvart sjette år for dei som er 65 år og oppover.

Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvoll Ross

Generalsekretær Ingrid Stenstadvoll Ross er bekymra for sårbare kreftpasientar.

Foto: Petter Larsson / NRK

Statssekretær i Helse - og omsorgsdepartementet, Usman Ahmed Mushtaq, seier det er eit spørsmål om kostnader.

Det skal byggast stein på stein. Dette er sjølvsagt også eit kostnadsspørsmål, og det må byggast på vidare gjennom åra. Det har vi full intensjon om å gjere.

Kreftforeningen er bekymra for at sårbare pasientar ikkje blir vaksinerte og kjem til å sende beskjed om dette til regjeringa i høyringa, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvoll Ross.

Det er særleg mange med kreft i alderen 65 år og oppover. Å sørge for at dei har god vaksinasjon, at dei er godt beskytta, også indirekte gjennom at andre har godt vern, det er veldig viktig.

Publisert 09.03.2025, kl. 10.47

Read Entire Article