Varslar gigantsprekk og full isfront: Krev krisemøte med ministeren

12 hours ago 4



Neste sommar skulle gigantprosjektet Sotrasambandet opna, og løyse dei årelange bilkøane mellom Øygarden og Bergen.

Like etter nyttår varsla Vegvesenet at opninga var utsett på ubestemt tid.

Det dei ikkje fortalde, var at forholdet til gigantentreprenøren var fullstendig fastlåst.

No kan NRK fortelja at eit av Noregs største samferdsleprosjekt har enda i ein maktkamp av dei sjeldne.

Varslar om sprekk på 5 milliardar

Toppsjefane for tre globale gigantselskap slår alarm i eit oppsiktsvekkjande brev sendt direkte til samferdsleminister John-Ivar Nygård.

Sotrasambandet blir bygd gjennom ein såkalla OPS-kontrakt (offentleg-privat samarbeid).

I brevet, sendt 24. februar, skildrar toppsjefane i selskapa Webuild, FCC og SK Ecoplant eit totalt havarert samarbeid med Statens vegvesen.

Vidare slår dei fast at prosjektet er oppgitt å vera nærmare 150 dagar bak skjema.

Endå meir dramatisk: Dei varslar òg om eit gap på 5 milliardar kroner mellom kva arbeidet faktisk kostar, og kva Statens vegvesen er villige til å betala.

I brevet skriv toppsjefane at dei har gjort det som er mogleg for å unngå fastlåste situasjonar, men at dei no «desperat» leitar etter ei løysing.

Dei slår fast at dei står i «et uføre med Statens vegvesen på prosjektet».

Tre ambassadar bad om møte

Tilspissinga har sendt saka til internasjonalt diplomatisk nivå.

Før toppsjefane sende sitt eige kriserop, hadde ambassadane til Spania, Italia og Sør-Korea teke kontakt med den norske regjeringa for å få i stand eit krisemøte om milliardsprekken.

Framstøyten var eit felles, samordna forsøk på å setta Noregshistorias største vegprosjekt på den politiske agendaen.

NRK har fått tilgang til det felles svarbrevet ambassadane fekk i retur frå Samferdselsdepartementet.

Svaret er ein formell og diplomatisk leksjon i korleis norsk forvaltning er bygd opp. Departementet takkar for engasjementet, men gjer det tindrande klart at regjeringa ikkje kjem til å blanda seg inn i den daglege styringa av eit enkeltprosjekt.

NRK har ikkje fått innsyn i breva som seier kva ambassadane faktisk har bedt om. Men i sitt svarbrev etterlyser departementet ein agenda for å «forstå hvilke saker eller temaer de tre ambassadane ønkser å sette på dagsordenen ...»

NRK har henvendt seg til dei tre ambassadane for ein kommentar, men har enno ikkje mottatt svar.

Et nattbilde viser en vei med biltrafikk i bevegelse, tydelig synlig gjennom lysstriper. I bakgrunnen sees en bro som går over veien, omkranset av skråning med trær og bygninger. Kraner står på en byggeplass til høyre, mens lysene fra omgivelsene gir inntrykk av aktivitet. Bildets fargepalett består hovedsakelig av blå og orange nyanser.

MØRKT: Arbeidet på den nye Sotrabrua pågår for full styrke, men opninga er allereie utsett med eit halvt år.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Krise: «Eit uføre»

Dagen etter at ambassadane fekk dette svaret, gjekk toppsjefane for dei tre globale selskapa direkte til samferdselsministeren. I det oppsiktsvekkjande brevet skildrar dei eit totalt havarert samarbeid med Statens vegvesen

«Graden av alvor i et prosjekt av denne størrelsen har medført eskalering til toppledelsen i de involverte selskapene, og administrerende direktører anmoder nå om et møte med samferdselsministeren», heiter det i brevet.

Direktørane i dei tre selskapskolossane skriv at entreprenøren har «i god tro gjort det som er mulig for å unngå fastlåste situasjoner, men vi forsøker nå desperat å finne en løsning», og slår fast at dei står i «et uføre med Statens vegvesen på prosjektet».

Ene siden av den nye Sotrabruen under konstruksjon. Brotårnene ruver høyt over fjorden. En kran arbeider med å løfte materialer.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Kranglar om milliardar

Kjernen i den fastlåste konflikten toppsjefane no vil ha politisk hjelp til å løyse, er kampen om kven som skal ta rekninga.

Entreprenørane hevdar dei har meldt inn endringskrav for over 2 milliardar kroner, men at Statens vegvesen har avvist nesten alt. Dei skal ha godteke knappe 45 millionar kroner.

Samstundes skuldar dei Vegvesenet for forseinkingane, og peikar på uforutseielegheit og manglande tilgang til anleggsområde heilt sidan byggjestart.

Bilde viser en vei med billys som sveiver i natten. En synlig veiskilt annonserer bygging av Sotrabandet som åpner i 2027. Omgivelsene inkluderer trær langs veien og gatebelysning. Bilene ferdiggjør en sving, noe som skaper bevegelse i bildet.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Vegvesenet nektar å ta rekninga

Men Statens vegvesen nektar å ta på seg skulda for krisa. Prosjektleiar Lene Sælen Rivenes avviser tvert at byggherren har ansvaret for at prosjektet er eit halvt år forseinka.

– I OPS-kontrakten er det leverandøren som har ansvar for både prosjektering og bygging av Sotrasambandet, inkludert å hente inn nødvendige løyve. Me meiner ansvaret for forseinkinga ikkje ligg hjå oss som oppdragsgivar, slår Rivenes fast.

Ho avviser òg det enorme økonomiske gapet toppsjefane viser til.

– Statens vegvesen har ikkje motteke krav på 5 milliardar kroner frå Sotra Link, opplyser Rivenes.

Ho understrekar at etaten berre betalar ut beløp for dei krava dei etter kontrakten har risikoen for.

Kjell Inge Davik

STUSSAR: Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, er krystallklar på kva han meiner om at dei globale selskapa no prøver å løfte konflikten opp på politisk nivå. – Kvifor Sotra Link Construction ynskjer å løfte denne saka til eit politisk nivå, må dei sjølve svare på.

Foto: Even Norheim Johansen

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, er krystallklar på kva han meiner om at dei globale selskapa no prøver å løfte konflikten opp på politisk nivå.

– I dei tilfella vi ikkje lukkast med å finne løysingar er det domstolane som avgjer sakene, ikkje politikarane. Det er eit viktig prinsipp, seier Davik.

Han legg ansvaret for den uvanlege eskaleringa rett tilbake på selskapa.

– Kvifor Sotra Link Construction ynskjer å løfte denne saka til eit politisk nivå, må dei sjølve svare på, seier utbyggingsdirektøren.

Direktøren avviser desperasjon

Overfor NRK tonar Pedro Manuel Rodríguez Hernández ned dramatikken. Han er prosjektdirektør for Sotrasambandet (Sotra Link Construction JV), og er avsendar på brevet frå dei tre toppsjefane.

Trass i at dei skriv at dei «desperat forsøker å finne en løsning», forsøker han å avkrefta at situasjonen er dramatisk.

– Det er viktig å framheva og avkrefta tanken du nemner i e-posten din: desperasjon. Samarbeidsselskapet bygger Noregs største infrastrukturprosjekt og er ikkje desperate eller engstelege over situasjonen; snarare er dei ivrige etter å halda eit møte med departementet for å gi ei oppdatering om dei tekniske og økonomiske aspekta ved prosjektet, skriv han, og legg til.

– Det er avgjerande at realiteten i situasjonen blir formidla, skriv Hernández og viser til ein pressemelding selskapet snart vil senda ut.

Publisert 17.03.2026, kl. 11.58

Read Entire Article