Skattekommisjonen varslar høgare moms på hotellovernattingar og moms på korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb.
Moms på hotell, camping, hytteutleige, persontransport og kultur er foreslått auka frå 12 til 15 prosent.
Det er nokre av anbefalingane til nye skattereglar, som vart presentert av finansminister Jens Stoltenberg (Ap) onsdag føremiddag.
Store kutt i formuesskatten og inntektsskatten må hentast inn att ved å krevje meir moms frå reiselivet, ifølgje skattekommisjonen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBFor fyrste gong kjem det forslag om å greie ut innføring av moms på korttidsutleige av fast eigedom på delingsplattformer.
Med det siktar dei til plattformer som Airbnb og Booking.com.
At slike aktørar ikkje har betalt moms til no, meiner kommisjonen gir skeiv konkurranse til ulempe for dei meir tradisjonelle aktørane i reiselivet.
No vil dei ha meir like spelereglar for hotellnæringa og private utleigarar.
Kan få momssjokk
Det er dårleg nytt for Airbnb-utleigar Erik Finn Johnsen.
Han har leigd ut to leilegheiter i bygarden han eig i Bergen i fleire år.
Dersom forslaget blir vedteke, varslar han dyrare utleige.
– Da må eg legge på momsen på leiga. Det vil bli dyrare å leige via disse plattformene dersom det kjem moms på dei.
Lenge leigde Erik Finn Johnsen ut til studentar. No satsar han på Airbnb-utleige.
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRKEin sats på 25 prosent moms på Airbnb kan gi staten ein milliard i inntekter, medan 15 prosent kan gi 600 millionar, står det i rapporten.
Han fryktar momsauke kan ha konsekvensar for heile reiselivet.
– Då blir spørsmålet om gjestane har nok betalingsvilje eller i det heile tatt vil komme til Noreg.
– Meir like konkurransevilkår
13 prosent moms på hotellnæringa har vore vanleg. No er hotellnæringa nøgd med at også Airbnb-utleigarar må ut med meir til staten.
– Då får vi i alle fall litt meir like konkurransevilkår.
Det seier Sølvi Solmunde, direktør for Clarion Hotel Admiral i Bergen. Ho meiner det hadde vore eit steg i riktig retning.
– Ein ting er enkeltpersonar som leiger ut heimen sin når dei er på ferie. Det er ei heilt anna sak med utleige i stor skala.
Hotelldirektør Sølvi Solmunde er nøgd med at private utleigarar og hotellnæringa kan få meir like spelereglar.
Foto: Charlotte Øyane-Sanden / NRK– Då er jo det ein direkte konkurranse mot den drifta som vi held på med. Det er i praksis hotellovernatting, men utan moms.
NHO fryktar konsekvensar
Auka turistskatt og meir moms kan bety kroken på døra for fleire bedrifter, meiner NHO Vestland.
– Nokre bedrifter ligg både i null og minus allereie. Og viss du får ein momsauke som gjer at det blir færre overnattingar, så kan det ramme bedrifter kraftig, seier fungerande direktør, Sondre Olsen.
Fungerande direktør i NHO Vestland, Sondre Olsen, er uroa for at momsauke kan føre til færre gjester.
Foto: NHOHan peiker også på at Airbnb ikkje gir særleg mange arbeidsplassar, i motsetnad til hotellnæringa.
– Hotellnæringa er ein viktig arbeidsgivar for mange, seier han.
Også hotelldirektør Solmunde er bekymra.
– For overnattingsbedrifter vil det bety at vi må auke prisane. I tillegg kjem kanskje ein turistskatt på 3 prosent. Så prisane på overnatting vil auke, seier ho.
Hotelldirektør ved Clarion Hotel Admiral i Bergen meiner auke i moms og turistskatt vil gi prisauke.
Foto: Atle Markeng– Bør ikkje råke den enkelte utleigar
Skattekommisjonen har førebels ikkje spesifisert korleis moms på Airbnb kan fungere i praksis. Momsforslaget skal utgreiast nærare.
Det er usikkert om Airbnb-moms berre vil gjelde utleigarar i stor skala eller også ein bustadeigar som leigar ut i ny og ne.
Carsten Pihl, leiar for politikk, samfunn og berekraft i Huseierne, meiner det vil vere urimeleg om momsen også vil gjelde «vanlege bustadeigarar»
– Å bli momsregistrert for å leige ut ei veke eller to på sommaren, eller ei helg eller to på hausten, det er for mykje jobb for den enkelte.
Dersom eit slikt forslag kjem, varslar Huseierne motstand.
Leiar for politikk, samfunn og berekraft i Huseierne, Carsten Pihl, meiner kommisjonen må skilje mellom profesjonelle utleigarar og folk flest.
Foto: Anders FehnPihl har derimot stor forståing for å innføre moms for dei som driv med Airbnb-utleige i større skala.
– Vi skjønnar at tanken er å likestille korttidsutleige med hotelldrift for å jamne ut prisane. Det er jo noko ein kan ha sympati for.
Dette må du vite om skattekommisjonen:
- Hva er skattekommisjonen?
I mars i fjor var finansminister Jens Stoltenberg tydelig på at han ville ha en skattekommisjon. Kommisjonen ble oppnevnt i statsråd 19. desember i fjor.
Målet til kommisjonen er å finne en skattepolitikk som det kan være bred politisk enighet om.
Eigil Knutsen, tidligere stortingsrepresentant for Ap, ble satt til å lede skattekommisjonen, som består av eksperter og folk fra flere partier.
Høyre, Venstre og KrF ble med i arbeidet sammen med Ap, Sp og Rødt. Frp valgte å ikke bli med.
Kommisjonens rapport skal etter planen legges frem 24. juni.
Kort tid før fremleggelsen trakk Rødt-representant Astrid Hauge Rambøl seg i protest. Hun er uenig i kommisjonens forslag om formuesskatten som, ifølge Rambøl, vil gi «massive skattekutt til de aller rikeste».
- Hva er skattekommisjonens mandat?
Skattekommisjonens hovedoppgave er å foreslå en skattereform som skal sikre norsk næringsliv i møte med utenlandsk konkurranse.
Kommisjonen skal også komme med løsninger og anbefalinger som kan oppnå bred politisk støtte.
Mandatet til skattekommisjonen innebærer å:
- Vurdere hvordan skatten bør fordeles mellom arbeid, kapital, sparing og forbruk.
- Gjøre skattesystemet rustet for fremtiden.
- Sikre politisk flertall på Stortinget over tid.
- Vurdere hvilke skatte- og avgiftslettelser som er viktigst.
- Hva er et skatteforlik?
Et skatteforlik vil si at det blir en enighet mellom partiene på Stortinget om en felles skattepolitikk.
Målet er å sikre forutsigbarhet for innbyggere og næringsliv.
Finansminister Jens Stoltenberg ønsker at rapporten fra Skattekommisjonen skal resultere i et bredt skatteforlik.
Airbnb-utleier Erik Finn Johnsen er einig.
Sjølv omtalar han seg sjølv som ein «liten aktør». Inntekta frå Airbnb kjem godt med når rekningane skal betalast.
– Men når det gjeld dei store aktørane som er profesjonelle, så forstår eg at dei er ein direkte konkurrent mot hotellnæringa.
Kan bli historiske skatteendringar
Rapporten frå skattekommisjonen kan bli starten på dei største skatteendringane i Noreg på fleire tiår.
For å redusere skattetrykket med inntil 23 milliardar kroner meiner leiar for skattekommisjonen, Eigil Knutsen, at eit breiare skattegrunnlag er nødvendig.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBLeiar for skattekommisjonen, Eigil Knutsen, seier målet er eit betre og meir rettferdig skattesystem.
– Eg meiner folk flest vil kome betre ut med skattekommisjonen sitt forslag samla sett.
Publisert 24.06.2026, kl. 20.47 Oppdatert 24.06.2026, kl. 21.19













English (US)