Venstre med nytt skattegrep: – Vil stimulere folk til å jobbe

1 month ago 126



– Vi veit at å gi skattelette stimulerer folk til å jobbe. Det kan gjere at det lønner seg for nokre å ta ein heiltidsjobb, framfor ein deltidsjobb, eller for nokon som står utanfor å kome inn i arbeidslivet, seier Venstre-leiar Guri Melby.

Saman med nestleiar Sveinung Rotevatn har Melby invitert NRK inn på sitt hjørnekontor på Stortinget, før landsmøtet til partiet brakar laust fredag.

Leiarduoen vil gå til val med følgjande skattelovnad:

  • Ingen med arbeidsinntekt under 500 000 kroner skal betale meir enn 20 prosent i inntektsskatt.
  • Ingen med inntekt under 750000 kroner skal betale meir enn 25 prosent.

Men kven er det som eigentleg blir trefte av dette?

Sveinung Rotevatn og Guri Melby på Melby sitt kontor på Stortinget.

KUTT: Nestleiar Sveinung Rotevatn og leiar Guri Melby har pønska ut ein plan for å få fleire folk til å jobbe.

Foto: Kamilla Willix / Venstre

Alle som får inntekter i form av trygd og pensjon, får inga glede av dette skattekuttet. Det skal berre treffe dei som står i arbeid.

Heller ikkje dei som har store bustadlån og får rentefrådrag, vil få full utteljing, fordi dei i realiteten betaler mindre enn dette i skatt (sjå forklaring i faktaboks).

– Difor vil dette særleg kome til gode dei som har lite skattefrådrag. Typisk unge, eller folk som leiger bustad. Dei vil kunne få opp mot 15 000 kroner i skattelette. Det meiner vi gjer systemet meir rettferdig og sosialt, seier nestleiar Rotevatn.

15 000 er fordelt utover dei neste fire åra (stortingsperioden).

Men – dei kjem med eit løfte til:

  • Dei lover at alle som har inntil 750 000 kroner i lønn, skal få minst 7500 kroner i skattelette – fordelt utover dei neste fire åra (stortingsperioden). Altså 1875 kroner per år. Uansett kor mange skattefrådrag du måtte ha.

Venstre har rekna seg fram til prislappen for dette vil vere kring 4 milliardar kroner i tapte skatteinntekter til staten.

Prinsippforskjell

Framstegspartiet er per i dag det største partiet på borgarleg side på meiningsmålingane – og dermed eit parti Venstre truleg må sjå seg nøydde til å samarbeide med om dei ønskjer regjeringsmakt.

Finanspolitisk talsperson Hans Andreas Limi er ikkje vidare imponert over skattelovnaden.

– Dette vil treffe relativt få. Vi har valt å auke personfrådraget frå 100 000 til 150 000 kroner, og det vil treffe alle. Det vil gi skattelette på 9000 kroner per år for folk med dei same inntektene, seier Limi.

Hans Andreas Limi

Finanspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Hans Andreas Limi, meiner Venstre sin skattelovnad vil treffe for få.

Foto: William Jobling / NRK

Det er også ein prinsipiell skilnad mellom dei to partia:

I årevis har ein skatta arbeidsinntekter og trygdeinntekter likt i Noreg. Men Venstre sine forslag til skattekutt går berre inntekt frå lønna arbeid.

– Om dokke skulle hamna saman i regjering etter valet, er dette noko dokke kunne blitt samde om?

– Vi har opna for å vurdere dette i vårt partiprogram, å gi frådrag eller skattelette for dei med arbeidsinntekt. Men utfordringa med Venstre sitt opplegg er jo at dei vil auke avgiftene, og det vil jo ramme alle. Det kan ikkje Frp gå med på, seier Limi.

– Riktig

Men det er ein som er svært begeistra for Venstre si prinsipielle vending på skattefronten, nemleg professor Ragnar Torvik.

Allereie i 2022 foreslo Torvik-utvalet at politikarane må gjere nettopp denne typen grep, for å faktisk gjere at det i større grad løner seg å jobbe.

– Det er ei riktig vriding av skattesystemet, å gjere at ein betaler mindre skatt på arbeidsinntekt enn på trygdeinntekter. Det var eit av våre viktigaste forslag, seier Torvik.

Ragnar Torvik

Professor Ragnar Torvik er svært begeistra for den prinsipielle endringa i skattesystemet Venstre no tek til orde for.

Foto: NRK

– Vil Venstre sitt skattegrep ha andre konsekvensar?

– Om ein står utan bustad, men er i ferd med å kjøpe ein, så vil ein kunne få skattelette med dette forslaget. Men det vil jo relativt sett løne seg mindre for dei å faktisk kjøpe seg bustad, seier Torvik.

Publisert 07.03.2025, kl. 07.16

Read Entire Article