For Øystein Andersen og familien frå Tennfjord på Sunnmøre tok sydenferien med solrike dagar og vakre strender på Rhodos ei utriveleg vending.
Saman med rundt 200 andre passasjerar hamna dei i det Andersen skildrar som ein absurd runddans mellom fly, flyplass og hotell.
– Det kjennast som vi har gått rundt i ein illusjon dei siste tre dagane. Det er som vi er legofigurar som blir flytta rundt på, seier Andersen frå den internasjonale flyplassen «Diagoras» på Rhodos fredag ettermiddag.
Tekniske feil og fly utan straum
Onsdag møtte familien opp på flyplassen for å reise heim til Noreg. Flyet skulle etter planen ta av klokka 16, men etter om lag ein halvtime om bord fekk passasjerane beskjed om at flyet hadde tekniske problem.
Passasjerane sat om bord i charterflyet i rundt tre og ein halv time før dei fekk beskjed om å gå av.
– Store delar av tida var det ikkje straum i flyet. Det var varmt og dårleg luft, seier Andersen.
Han fortel at passasjerane verken fekk mat eller vatn, og at dei heller ikkje fekk reise seg frå seta medan dei venta.
Inn på flyet, men ikkje lenger.
Foto: privatMøtt av kakerlakk på senga
Etter ytterlegare tre timar på flyplassen blei dei rundt 200 passasjerane køyrde til eit hotell utanfor Rhodos.
– Det første som møtte oss var ein stor kakerlakk på senga. Det var så fuktig på rommet at det hang vassdropar frå taket. Vi torde ikkje la ungane sove der, seier Andersen.
Etter protestar fekk familien eit nytt rom. Ifølgje Andersen var ikkje dette rommet reingjort eller gjort klart med sengetøy.
Utsett igjen
Torsdag fekk familien beskjed om at flyet skulle gå klokka 14.
– Vi stilte oss opp for å gå om bord i bussane. Men i det vi skal gå om bord, får vi plutseleg beskjed om at flyet ikkje får lette før klokka 23, sidan dei skulle sende eit nytt fly frå København, seier Andersen.
Flyet følgde dei spent med på via Flightradar.
– Vi sjekka inn, sat klare og venta. Men plutseleg da klokka nærma seg halv tolv, fekk vi beskjed om at det ikkje går fly i kveld heller. Det var utsett, seier Andersen.
Det vart lenge å vente for turistane som berre ville heim.
Foto: privatDei blei då frakta til eit nytt hotell som dei overnatta på til fredag.
– Heilt forferdeleg
Fredag morgon var dei tilbake på flyplassen.
Også då heldt uvissa fram.
– Alle var klare til å reise. Vi fekk beskjed om boarding og gjekk ut til bussane som skulle køyre oss til flyet. Men etter ti minutt blei vi sende inn igjen. Folk er utslitne og frustrerte. Det er heilt forferdeleg, sa Andersen til NRK frå flyplassen fredag ved 12-tida.
På Rhodos hadde familien kosa seg i ei veke det dei skildrar som ein perfekt ferie heilt fram til onsdag.
– Dette øydelagde heile ferien. Det gjorde ferien til eit reint mareritt, seier Andersen.
Ving beklagar
– Vi er veldig lei oss, seier Ving-sjef Mari-Anne Zachrisson.
Ifølge ho starta forløpet med ein teknisk feil på flyet til Sunclass Airlines, som er Ving sitt flyselskap.
Marie-Anne Zachrisson, sjef for Ving i Noreg, beklagar forseinkingane og opplevingane i Rhodos de siste dagane.
Foto: DAVID KURTZFor å utbetre dette blei det sendt ned reservedelar og teknikarar frå København, som skulle reparere flyet for å få det tilbake i drift så fort som mogleg.
– Men då dei kom fram viste det seg at dei også trengte nokre andre delar til flyet. Derfor blei avreisa utsett på nytt, seier Zachrisson.
Flyet som skulle til Gardermoen frå Rhodos onsdag tar 212 passasjerar.
– Flya som går nå er stort sett fulle både ut og heim. Så det er nok rundt 200 som er råka, fortel Zachrisson.
Lovar refusjon
Ving tar nå kontakt med alle dei reisande med informasjon om refusjon.
– Vi beklagar til dei som fekk ein slik avslutning på ferien sin. Både flyselskapet vårt, kollegaene våre på Rhodos har verkeleg forsøkt å gjere det de kan for at situasjonen skulle vere så bra som mogleg, seier Zachrisson.
Fredag kveld var familien Andersen endeleg tilbake på norsk jord. NRK snakkar med familien medan dei køyrer heim til Sunnmøre.
Øystein Andersen seier spørsmål om erstatning har vore eit tema som tuirstane har diskutert.
– Ving har sagt at de vil dekke 400 euro på kvar. Vi vil sjå om det er mogleg å få ut meir. Vi har starta ei Facebookside der vi kan bli samde om kva vi gjer vidare.
Gleda var stor då boarding var ein realitet og det endeleg løyste seg etter nærare 50 timar.
Foto: privatPublisert 29.05.2026, kl. 19.39 Oppdatert 29.05.2026, kl. 19.46














English (US)