VGS-tillitsvalgte slår alarm: Elevane drikk vatn, tek Paracet mot hovudverk og bruker høyreklokker for å få ro

2 weeks ago 16



  • 20 tillitsvalgte i videregående skole i Oslo

 Ingeborg Urke Myklebust, Henrik Ueland Seehusen, Frikk Kvamme, Anne Marte Fonkalsrud. Foto: Privat

Elevane drikk vatn, tek Paracet mot hovudverk og bruker høyreklokker for å få ro.

Publisert: 16.04.2024 20:00

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

1. mars gjekk søknadsfristen til vidaregåande skule ut. Mange håpefulle ungdommar ventar no i spenning på kva dei neste åra vil bringe.

Vi som er lærarar, ynskjer å bidra til å innfri forventningar om ein spennande, trygg og lærerik kvardag på vidaregåande skule. Men kapasiteten på skulane er sprengt. Difor er vi urolege for kva som vil skje framover.

I Oslo manglar vi nesten 400 skuleplassar. Kva vil skje med desse ungdommane?

«Elevstabling» har vorte ein trend dei siste åra.

Når det ikkje er nok plassar, stablar vi i høgda. Klassene blir fylt heilt opp til 34–35 elevar. Klasseromma er ikkje blitt større, så då er det berre å halde inne magen, late opp glaset og minne dei om å prate stille. For støynivået blir intenst når så mange lærevillige ungdommar er pressa saman på såpass få kvadratmeter.

Elevane drikk vatn, tek Paracet mot hovudverk og søker seg gjerne inn bak høyreklokker for å skape meir ro for seg sjølv.

Dette er ei varsla krise

Før jul skreiv nokon av våre representantar i Utdanningsforbundet om dette i eit debattinnlegg i Aftenposten. Dei etterspurde svar frå Utdanningsetaten og ansvarlege politikarar. I mangel på respons har no mange av vi som er tillitsvalde for vidaregåande skular i Oslo, samla oss. Vi etterlyser meir informasjon om korleis etaten eigentleg har tenkt å løyse denne utfordringa.

Få skular vi kjenner til, er blitt varsla om å utvide. Så vi fryktar at dette er ei bestilling etaten kjem med altfor seint. Kanskje må ein så seint som i sommarferien lyse ut stillingar og endre den kabalen som skulane legg for komande skuleår i desse tider.

Vi ønsker oss meir openheit og dialog for at vi skal kunne lage ein så god skule for ungdommane våre som mogeleg.

Frå forsking og nyheitsbilete kan ein i desse dagar lese om valdsproblematikk, dårlegare leseferdigheiter og auke i psykisk vanhelse blant ungdom.

Vi er bekymra for det psykososiale miljøet og læringsmiljøet elevane møter til hausten.

I sin årsrapport frå 2022 skreiv elev-, lærling- og mobbeombodet om bekymringar om overfylte klasser og skular i vidaregåande skule i Oslo. Vi deler bekymringa til elevombodet.

Når skulen er full

Som lærarar og tillitsvalde er vi opptatt av å gi god fagleg og sosial oppfølging til elevane våre. Mangelen på skuleplassar gjer dette vanskeleg. Vi fryktar for kvaliteten på opplæringstilbodet til gamle og nye elevar.

Mange av skulane i Oslo er allereie så fulle at ein i tillegg har måtte leige andre bygg for å få plass til nye klasser som blir oppretta. Ein skule i Oslo har ti ulike lokasjonar.

Utfordringa med dette er at elevar mistar tilhøyrsle til hovudbygget og nærleiken til mange av tenestene som kantine, skulehelseteneste, bibliotek, rådgivarar og så vidare.

Mykje tid forsvinn i at ein må flytte rundt på seg. Sidan det er så trongt i bygga sine fellesareal, tek det ekstra lang tid å kome seg fram. Det er for få toalett til det stadig aukande elevtalet og lite plass til å trekke seg tilbake.

Rømmingsvegar og korridorar er blitt vanlege plassar å ha elevsamtaler, som ofte er fortrulege samtaler (eller som kunne ha vore det, men som stadig blir avbrotne fordi andre elevar går forbi, fordi dei til dømes må gå på do i timane, for i friminutta er køen for lang).

Øvre tak på 28 elevar pr. klasse

Vi lærarar ynskjer å gi elevane våre variert, engasjerande og motiverande undervisning. Det ligg i mandatet vårt å gi kvar enkelt elev læringsfremjande vurdering som skal gi lærelyst gjennomgåande i året. Eit absolutt øvre tak på 28 elevar pr. klasse vil kunne gi oss betre mogelegheit til dette.

I ei norskklasse på VG1 har læraren cirka fem minutt i veka pr. elev, dersom elevtalet er 32–34 elevar. I historietimane på VG2 vil læraren berre ha halvparten av dette.

Då er det ikkje rart at både elevar og lærarar opplever at individa druknar i gruppa, og at enkeltelevar fell lettare ut. I praksis betyr store klasser færre minutt på kvar enkelt elev til tilpassa opplæring, tilbakemelding og samtaler. Resultatet er mindre merksemd og oppfølging til den enkelte. Dette er alvorleg når forskinga viser at læraren er den suverent viktigaste enkeltfaktoren for å påverke læringsutbyttet til elevane.

Fleire forsvinn i mylderet

Ungdommane i Oslo må få møte ein skulekvardag til hausten som gir dei trygge rammer, at dei skal bli utfordra, oppleve meistring, få støtte når dei treng det, og nå sitt fulle potensial. Mange elevar har gode år på vidaregåande skule i Oslo. Men når skulane og klassene er overfylte, blir dette eit urealistisk ideal for ein stadig større del av elevane. Fleire forsvinn rett og slett i mylderet.

Vi i Utdanningsforbundet har sagt ifrå om denne krisa lenge. Det er skulane og lærarane som sit igjen med problemet, fordi den politiske leiinga og Utdanningsetaten ikkje tek leiaransvaret sitt og legg til rette for at vi lærarar og skuletilsette får gjort jobben vår tilfredsstillande. I siste instans er det ungdommane våre som blir ramma. Dei får ikkje eit godt nok skuletilbod.

Ingeborg Urke Myklebust, tillitsvalgt, Elvebakken videregående skole

Ingvild Mjøset Bogen, varatillitsvalgt, Elvebakken videregående skole

Sarah Breidvik Blomvågnes, tillitsvalgt, Stovner videregående skole

Lars Ewart Thomas, tillitsvalgt, Kirkeveien videregående skole

Ina Beate Thoresen, tillitsvalgt, Persbråten videregående skole

Elin Tandberg, tillitsvalgt, Oslo katedralskole

Jorunn Moksnes, tillitsvalgt, Kongsskogen videregående skole

Anne Marte Fonkalsrud, tillitsvalgt, Ulsrud videregående skole

Henrik Ueland Seehusen, tillitsvalgt, Nydalen videregående skole

Sara Reitan Jacobsen, varatillitsvalgt, Nydalen videregående skole

Ivar Melby, tillitsvalgt, Holtet videregående skole

Melisa Bonvik, tillitsvalgt, Kuben videregående skole ST

Camilla Stensrud, tillitsvalgt, Kuben videregående skole YF

Frikk Kvamme, tillitsvalgt, Hartvig Nissens skole

Trond Halvorsen, tillitsvalgt, Edvard Munch videregående skole

Liv Karin Erikstad Andersen, tillitsvalgt, Valle Hovin videregående skole

Roger Pettersen, tillitsvalgt, Hellerud videregående skole

Grete Nordbø, tillitsvalgt, Foss videregående skole

Øystein Jetne, tillitsvalgt, Ullern videregående skole

Anilton Paulina Delgado, tillitsvalgt, Etterstad videregående skole

Read Entire Article