– Vi treng ei samtykkelov i Norge. Som brekkstong

2 weeks ago 11



KOMMENTAR: «Samtykkelov? Hø, hø, hø, skal vi måtta skriva under på ein kontrakt før vi kan ha sex? Hø, hø, hø!»

Onsdag kveld møtte fleire hundre opp i Byparken i Stavanger for å demonstrera for samtykkelov i Norge. Foto: Christine Andersen Johnsen
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Valdtekt går som eit stort sår gjennom samfunnet. Vi vil helst ikkje koma borti det, ikkje ta i det. Det splittar kvinner og menn, på sårt og brutalt vis, for i nesten alt vi kjenner til, som ikkje er nesten alt, sidan vi ikkje liker å ta i dette, er det flest jenter og kvinner som blir utsette for det, og flest gutar og menn som utset nokon for det.

Livet ditt

Ei av fem norske kvinner rapporterer å ha blitt valdteken i løpet av livet. Altså vil minst 500.000 kvinner koma til å rapportera det i løpet av livet sitt. Talet aukar, og det aukar mest i den yngste gruppa, der nå 16 prosent av jenter mellom 16 og 19 rapporterer at dei har blitt valdtekne, 4 prosent av gutane. Og som alltid er dei mest sårbare blant oss meir utsette enn oss andre. Vi veit at det kan ha alvorlege konsekvensar, for helse, utdanning, livskvalitet. For korleis livet blir.

Og eg trur dei fleste av oss meiner at det difor er ei straffbar handling, som du skal kunna tiltalast og straffast for. At det er noko vi som samfunn må halda opp eit sterkt skjold mot. Men gapet mellom kor mange som rapporterer om valdtekter, og kor mange som melder det til politiet, er vidopent. Ein reknar med at ni av ti saker ikkje når politiet. Mange fortel ikkje om det til nokon. Fire av fem melde saker blir lagt vekk. Blant dei som når rettssalen, endar rundt 30 prosent med frifinning. I andre straffesaker er det talet rundt 6 prosent.

Og her er vi ved det andre argumentet som ofte stoppar diskusjonen om samtykkelov nesten før den er i gang: Rettssikkerheita. Dette er alt saker der det ofte er ord mot ord, der det er vanskeleg å bevisa at noko straffbart har skjedd. Og straffa er streng, i gjennomsnitt fire år i fengsel om du blir dømd. I Sverige ligg den på halvparten.

Dersom samtykke skal inn i lova, korleis blir bevisføringa og bevisbøra og rettssikkerheita då?

Dei som har prøvd

Det er eit viktig spørsmål. Det er ikkje berre unge jenter og kvinners liv det handlar om. Det er også ofte unge gutar med svært lite seksuell erfaring. Korleis skal dei handtera dette? Korleis skal retten handtera det? For ei typisk sak er gjerne unge på fest, som kjenner kvarandre, men ikkje er kjærastar, som har drukke, og som sovnar, kanskje i same seng, utan tanke på å ha sex. Så skjer det likevel, så er kanskje begge aktivt med på det til å begynna med, så blir det plutseleg hardhendt, eller skjer på ein måte som ho ikkje vil vera med på. Forstår guten det, burde han ha forstått det, og korleis heldt han seg til det, viss han forstod?

Eksempelet er frå ein svensk rapport. For samtykkelov er ikkje eit slags luftig forslag frå naive småjenter. 17 land i Europa har ei slik lov. Blant dei er alle dei andre nordiske landa.

Sverige innførte lova i 2018. Talet på fellande dommar gjekk opp med 75 prosent. Frå 190 i 2017, til 333 i 2019. Ei endring langt større enn nokon hadde sett føre seg. I 76 av alle valdtektsdommane frå 2019 ville det ikkje blitt tatt ut tiltale etter den gamle lova. I halvparten av desse enda det med fellande dom. Lova har verka slik det var tenkt.

Og så?

Denne svenske rapporten viser også at dommarane i større grad måtte konsentrera seg om den sikta si åtferd, om han forstod, om han burde forstått, korleis han heldt seg til det han forstod.

Frivillige svenske organisasjonar som jobbar med valdtektsoffer, trekkjer fram at ofra ikkje lenger så lett tar på seg skulda sjølv. Aktoratet er positive, forsvarsadvokatane er negative, og viser til at det er svært vanskeleg å finna ut kva som er ulovleg etter den nye lova. Rapporten held også fram at dette er vanskeleg for retten, og at ein treng å få prøvd ut rettspraksis på dette heilt opp til Høgsterett, i tillegg til å forska meir. Om rettssikkerheita held, eller har blitt dårlegare, er det kanskje for tidleg å seia noko om.

Snakket funkar ikkje

Ei lov kan ikkje alltid endra alt. Det er ikkje alltid ei god løysing. Men vi må inn i desse diskusjonane.

For alt snakket i Norge om å prioritera valdtektssaker, setja inn tiltak og jobba med haldningsendringar, det har ikkje ført til noko som helst. Talet på oppklarte saker har ikkje vore lågare sidan 2013. Kripos si spesialistgruppe på valdtektssaker er oppløyst og nedlagt. Sjølv om det ligg heilt opp i dagen at du treng ein annan kunnskap for å ta imot og avhøyra ei som kjem til politivakta for å melda frå om valdtekt, enn ei som kjem for å melda frå om stolen sykkel. Kunnskap om korleis eit menneske kan oppføra seg då, korleis du tryggar, korleis du gjer eit avhøyr, kva som må sikrast når av bevis og vitneforklaringar, og på kva måte. Alt det ville sjølvsagt vera med på å betra rettssikkerheita, både for den som er ramma og for den som kan bli sikta.

Haldningsendringar?

Over halvparten av unge i Norge mellom 13 og 18 har sett porno på nett. Det er ikkje særleg overraskande. Men over halvparten av dei var under 13 då dei gjorde det første gong. Dei har porno lett tilgjengeleg på mobilen i lomma, heile dagen, frå barneskulealder, frå dei er så små at dei slett ikkje kan skilja mellom kva vaksne ser ut til å gjera i ein pornofilm, og kva som er verkeleg liv. Til TV2 fortel seksualrådgjevar Margrete Wiede Aasland om spørsmål som vitnar om meir og meir grenselaus seksualitet, om gutar som trur jenter blir opphissa av å bli tatt hardt, til og med slått, om jenter som trur det er vanleg at sex gjer vondt.

Det er hjarteskjerande.

Eg trur vi treng ei samtykkelov. Også som brekkstong. For å få til diskusjonar om kva det er å forstå den andre, kva verkeleg sex er, kva respekt er. Kva som er straffbart, kva som skal beskyttast, kva som skal førast bevis for.

Og ingen av dei diskusjonane bør begynna med «hø, hø, hø».

Publisert:

Publisert: 18. april 2024 19:46

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article