Vil bruke bompengar til rassikring av Trollstigen

1 week ago 22



I juni i fjor blei den populære turistvegen med hårnålsvingane stengt umiddelbart då ein stein dundra ned fjellsida og trefte ein bil.

På grunn av rasfaren blei den nasjonale turistvegen stengt resten av sesongen. Stenginga gjekk hardt utover det lokale reiselivet.

No har fylkestinget i Møre og Romsdal bestemt at det skal bli brukt bompengar til å rassikre strekninga. Vedtaket blei gjort med 35 mot 12 stemmer.

– Dette er vi nøydde til å gjere. Alternativet er å stenge Trollstigen, sa Torgeir Dahl (H).

Frank Sve (Frp) meiner pengane enten må bli henta frå rassikringspengane som fylkeskommunen får, eller at Staten tek over ansvaret.

– Vi veit at det er eit stort problem å få inn bompengar frå utanlandske turistar, meiner han.

Skal opp til Stortinget

Vedtaket i fylkestinget i dag var ei prinsippavklaring som skal danne grunnlaget for ein søknad om å få bruke bompengar.

Det er Stortinget som skal gjere det endelege vedtaket i saka.

– Glade

Kristine Rønning, styreleiar i Romsdal reiseliv, seier dei er fornøgde med dagens vedtak.

– Det er vi veldig glade for, og vi støtter vedtaket, seier ho.

Rønning vektlegg at Trollstigen er svært viktig både for reiselivet og lokalsamfunnet.

Kristine Rønning, Styreleder i Romsdal reiseliv

Kristine Rønning trur bompengar er ei god løysing for å få rassikra Trollstigen fortast mogleg.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Det er ein motor for reiselivet her. Dei som køyrer over Trollstigen besøker butikkar, kafear og butikkar. Og dei stoppar ikkje berre her, det er viktig for heile regionen. At det er trygt gjer at folk slepp å vere usikre, seier ho.

Rønning meiner at om fylkeskommunen ikkje har nok pengar til rassikringa sjølv, så er bompengar ei god løysing.

– Det er mange som køyrer over Trollstigen kvart år. Så om alle spyttar inn litt, så betyr det pengar i kassa. Då kan ein få gjort meir og at det skjer fortare. Men vi heier veldig på at dei som bur i Rauma og Fjord ikkje skal bli råka av bompengane. Det bør vere for dei som besøker oss.

– Kan bompengar føre til at det blir mindre turistar?

– Nei, eg trur ikkje det. Beløpet treng jo ikkje å vere unødig høgt. Bompengane vil hjelpe oss å få ein sikrare veg og at vi kan halde vegen open. Det vil også gjere det meir føreseieleg for dei som besøker oss, seier Rønning.

Publisert 24.04.2025, kl. 12.53 Oppdatert 24.04.2025, kl. 13.25

Read Entire Article