Mange kommunar må kutte i tenester som fritidstilbod og helse- og omsorgstenester for å få endane til å møtast.
Det har nemleg ikkje stått dårlegare til med kommuneøkonomien på 40 år, ifølgje kommunesektorens organisasjon (KS).
Over halvparten av kommunane i landet gjekk med underskot i 2024.
Dei har kombinasjon av høg gjeld, svake disposisjonsfond og negative driftsresultat.
Det får konsekvensar.
– Slik som situasjonen er no, kan det ligge an til at fleire kommunar kjem inn på Robek, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap) til NRK.
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Foto: Ellinor Halvari / NRKKS ventar at talet på kommunar på Robek-lista vil stige kraftig dei neste åra.
Dei meiner at talet vil auke frå 27 i dag, til nærare 100 i 2027.
No vurderar Skjæran to tiltak for å prøve å betre situasjonen:
- Sjå på Robek-systemet
- Innføre ein raud knapp
– Den første er at eg vurderer å sjå på det systemet i seg sjølv sånn som det er i dag, og om statsforvaltaren har nok verktøy i verktøykassa si, seier kommunalministeren.
– Unngå ny Moskenes
– Den gode forteljinga om Robek er at kommunar som er i driftsmessig ubalanse, får gjennom Robek-systemet rettleiing, støtte og hjelp, og blir kanskje enda meir fokusert på å få økonomien sin i balanse om ein kjem ut av Robek, seier Skjæran.
Men det er ikkje alltid dette fungerer.
Moskenes kommune har vore på Robek-lista i snart 13 år, og er skakkøyrd økonomisk.
Det var så gale at departementet sa dei skulle sletta gjelda deira på 160 millionar kroner, om dei slo seg saman med nabokommunen. Det gjorde dei.
Hareid kommune i Møre og Romsdal har også vore lenge på lista. Kommunen har til saman vore på lista i 15 år. Først frå 2001 til 2009, og deretter frå 2011 til 2017. I fjor hamna dei nok ein gong på lista.
Hareid kommune har vore på Robek-lista i til saman 15 år.
Foto: Josef Benoni Ness TveitDet er desse kommunane den raude knappen er tenkt til å hjelpe.
– Vi har ikkje greidd ut det enno. Men eg vurderer om vi skal innføre ei sterkare ordning for kommunar der det tradisjonelle systemet under Robek ikkje held. Så får vi kome tilbake til det om vi ser at vi finn ei ordning som kan passe til det formålet, seier Skjæran og legg til:
– Så vi unngår å få eit nytt Moskenes.
Fordelar og ulemper
Ordføraren i Moskenes, Hanna Sverdrup seier at ein slik raud knapp kanskje kan ha noko føre seg, for dei hadde trengt meir hjelp mykje tidlegare.
– Vi hadde hatt bruk for meir rettleiing rundt innføring av styringssystem, kontroll, og korleis vi kan gjere ting enklare. For vi har ein liten administrasjon som jobba hardt, seier ho.
Ordførar i Moskenes, Hanna Sverdrup seier den største utfordringa er talet på lovpålagde oppgåver kommunane har utan at det nødvendigvis følg midlar med.
Foto: Trude Furuly/NRKFrode Lindtvedt, avdelingsdirektør for lokaldemokrati i KS seier at ei slik ordning både kan ha fordelar og ulemper.
– Først må vi sjå kva dei har greidd ut og komme fram til som forslag. For det er ganske sterkt og inngripande i det kommunale sjølvstyret å innføre ein sånn knapp. Men det kan vere formålstenleg å ha ei ordning der ein følger opp dei som over lang tid har hatt større utfordringar som er meir vedvarande for å kunne sikre fridommen tilstrekkelege for det store fleirtalet for kommunar, seier Lindtvedt.
Vil ha meir kommunesamanslåing
I haust vart det formelt vedteke at Moskenes og Vestvågøy slår seg saman, og skal heite Vest-Lofoten kommune.
Skjæran meiner fleire bør gjere som dei.
– Eg trur det er bra om fleire kommunar ser på moglegheita for å slå seg saman. Arbeidarpartiet har vore krystallklare på at vi må også ha utvikling i kommunestrukturen.
Ifølge han har dei minste kommunane i større grad utfordringar med å levere på lovpålagde oppgåver. Men det finst sjølvsagt unntak.
– Men tendensen er at dei aller minste kommunane har større utfordringar, og vil få enda større utfordringar. Fordi befolkningsendringane er enda tøffare der enn dei er i bykommunane.
Sjølv om han heiar på samanslåing, meiner han det skal vere frivillig.
– Vi såg at tvangsreforma som blei rulla ut av den førre regjeringa, hadde òg mange negative sider.
Difor vil dei sjå på fleire mogelegheiter for å gjere det attraktivt for kommunane å slå seg saman frivillig.
– Vi må sjå på om dei incentiva vi har er gode nok. Og så vil eg òg sjå på om ramma rundt interkommunalt samarbeid er god nok.
Han meiner det vil vere eit stort behov for interkommunale samarbeid i framtida med den befolkningsendringa som skjer med færre yngre og fleire eldre.
– Eg trur det vil vere bra for folk og kommunane om vi har ein betre struktur, meir oversikt, større openheit rundt interkommunalt samarbeid. Og at det kanskje i større grad enn i dag i mange kommunar kan utøvast innanfor ein fast geografisk struktur. Det kunne vere eit godt steg også på vegen til ei eventuell kommunesamanslåing.
Publisert 22.12.2025, kl. 05.29
















English (US)