Vil kutte brannvern for å bygge billig

6 hours ago 2



Selvaag Bolig viser rundt på ein byggeplass der dei snart er ferdige med 350 leilegheiter.

Dagleg leiar Sverre Molvik peikar mot ein oppstillingsplass for brannbil.

– Alle slike tiltak kostar. Brannbilen kunne stått i gata. Då ville sjølvsagt prosjektet blitt billigare, seier Molvik.

Under bakken er garasjekjellaren forsterka for å tole vekta av slike bilar, forklarer han.

På ein byggeplass på Løren i Oslo viser Sverre Molvik fram leilegheiter som Selvaag har bygd.

For å få bygge måtte Selvaag Bolig lage oppstillingsplass for brannbil. Slikt håpar dei å sleppe i framtida.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Lite bustadbygging

Dei siste åra har bustadbygginga i Noreg gått ned.

Vi må heilt tilbake til 1946 for å finne så få byggestartar som i fjor, ifølge tal frå Boligprodusentenes Forening.

Regjeringa har sett seg som mål å bygge 130.000 nye bustader innan 2030.

Samstundes aukar tida det tek å behandle byggesaker i byane og fleire meiner målet er urealistisk.

Sjefen i Selvaag bolig viser rundt på ein byggeplass på Sinsen i Oslo

Selvaag Bolig har rundt tusen bustader under bygging no, men dei vil gjerne bygge langt fleire.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Bustadprisane har i snitt auka langt meir enn lønene til folk og byggenæringa er den bransjen med flest arbeidsledige.

I Oslo og Bergen er saksbehandlingstida problemet, ifølge Selvaag-sjefen.

Her vil folk betale så godt at prosjekta er lønsame, men i resten av landet er det få slike prosjekt.

– Hovudårsaka er at krava er så mange at byggekostnadane blir for store. Då blir ikkje det lønsamt å bygge og du får ikkje finansiering til prosjektet. Då går ikkje det an å bygge, seier Molvik.

Vil droppe sprinklaranlegg

Sidan 2010 har det vore krav om sprinklaranlegg i alle nye bustadblokker i Noreg.

– Det er heilt unødvendig. Vi har så gode røykvarslaranlegg at vi ikkje treng sprinkling, seier Molvik.

Brannalarm og sprinkleranlegg på Comfort Hotel Square i Stavanger

Merka rømmingsveg, sprinklaranlegg og røykvarslar. Selvaag Bolig meiner dysa i midten er eit krav som er unødvendig og dyrt.

Foto: Anders Fehn

Regjeringa har lova å gjere det enklare å bygge. Selvaag Bolig var med i ei gruppe som har lagt fram 72 forslag til endring.

Enkelte av forslaga er kontroversielle:

  • Fjerne krav om å ha vindauge som du kan opne på soverommet.
  • Endre krav til plass for rullestolar, slik at dei må greie seg med litt mindre plass.
  • Fjerne støykrav for å bygge bustader i meir bråkete område.
  • Innføre like krav i Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Sverige har ikkje krav om sprinklaranlegg i alle bustadblokker.

På ein byggeplass på Løren i Oslo viser Sverre Molvik fram leilegheiter som Selvaag har bygd.

Sverre Molvik har over 20 års erfaring med å bygge bustader. På den tida har næringa fått stadig nye krav.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Selvaag-sjefen meiner politikarane må tørre å prioritere hardt dersom dei faktisk skal få ned byggekostnaden.

– Vil ikkje fjerning av krava føre til dårlegare bustader?

– Nei. Dette er unødvendige krav. Sjå på ein bustad frå 2009. Den vil framstå som ny og er ein god bustad utan desse krava.

– Men krava har vel kome av ein grunn?

– Ja, det kan du seie. Lobbygrupper har jobba dei inn i periodar med låg rente og høg betalingsevne. No har vi høgre kostnader og då ser vi at det ikkje er berekraftig. Det er nok gjort i beste meining, men dei negative konsekvensane er for store, seier Molvik.

Brannvesenet protesterer

Utspelet får brannsjefen i Oslo til å protestere.

Han meiner sprinklaranlegg er særleg viktig for å verne folk som er dårlege til beins og peikar på at det blir stadig fleire eldre som skal bu heime.

Omtrent 75 prosent av alle som dør i brann er eldre, pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne eller rusavhengige, viser tal frå DSB.

Brannsjef i Oslo Jon Myroldhaug i bilhallen til Eikenga Brannstasjon.

Jon Myroldhaug er leiar for Brann- og redningsetaten i Oslo kommune. Han jobba i årevis for å få krav om sprinklaranlegg på alle nye bygg.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

At reglane er mindre strenge i Sverige synest ikkje brannsjefen er noko godt argument.

– Noreg bør vere eit føregangsland. Vi var først ute med krav om røykvarslarar og det har hatt god effekt. Sidan då har vi omtrent halvert kor mange som dør i brann. Sprinklaranlegg er også eit viktig tiltak som vi bør ta oss råd til, seier Myroldhaug.

Kravet om oppstillingsplass for brannbil kjem frå kommunen i «Gatenormal for Oslo», men dette er ikkje ei kampsak for brannsjefen.

– Det er ikkje så nøye for oss om brannbilen står på offentleg eller privat grunn. Det viktige er at avstandane ikkje er for lange. Vi må kunne trekke slange frå ein kum til bilen og vidare inn i bygget, seier Myroldhaug.

Lovar endringar

Kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng jobbar no med å gå gjennom regelverket.

Ho vil ikkje utelukke endringar også innan krav til brannvern.

– Vi skal gå gjennom alt. Vi må ha reguleringar på eit fornuftig nivå. Eg vil gjere det så enkelt som mogleg, men samtidig trygt, seier ho.

Kommunalminister, Kjersti Stenseng, står ved Youngstorget utanfor Folkets hus

Som kommunal- og distriktsminister er Kjersti Stenseng ansvarleg for krav som utbyggarar må følge.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Ho lovar at dei vil kome med konkrete forslag til endringar tidleg i haust.

– Krava er der av ein grunn, så det er litt vanskelege vurderingar. Vi må vege ting opp mot kvarandre, men eg kan garantere at vi ikkje skal legge fram noko som vil gå utover sikkerheita, seier Stenseng.

Publisert 03.07.2025, kl. 08.04 Oppdatert 03.07.2025, kl. 08.19

Read Entire Article