– Det er litt skummelt i starten, men ein blir vant til det, seigar Samantha Sim.
Saman med Karen Ho har ho reist frå tropiske Singapore til vinteren i Lofoten.
Kontrasten kunne knapt vore større. Heime er det sol og venstrekøyring. Her er det mørketid, høgrekøyring og snødekte vegar.
– Har du køyrt på iskalde vegar før?
– Nei, ikkje så langt. Dette er første gong, innrømmer Sim.
Og dei to er ikkje aleine om å slite på vintervegane i Nord-Noreg.
Karen Ho og Samanta Sim har aldri køyrt verken på vinterføre eller på venstre side av vegen.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKTrygg Trafikk seier at dei har sett større utfordringar med turistar på vinterføre over heile landet dei seinare åra.
Det gjeld både turistar som køyrar av vegen, og turistar som skapar farlege situasjonar av andre grunnar, til og med turistar som forvillar seg inn i lysløypa med bil.
I Tromsø kom vinteren brått på mange i år. Det gir eit tydeleg utslag i tala for trafikkuhell.
Markant auke
Mellom 1. november og 10. desember i år hadde Viking redningsteneste i Tromsø 25 prosent fleire oppdrag enn same periode i fjor.
– Det trur eg har samanheng med en tidleg vinter. Vinteren kom jo allereie i oktober, seier eiger av Viking Redningsteneste sin stasjon i Tromsø, Roy Hansen.
Roy Hansen ved Viking Redningsteneste er bekymra for det aukande antalet trafikkuhell i Tromsø.
Foto: Eirik Hind Sveen / NRK– Da opplevde vi mange utforkøyringar rundt omkring, der det ikkje snakk om stor fart. Det et er ingen tvil om at turistane er overrepresenterte, seier Roy Hansen.
– På dagar med ruskevêr og dårlege køyreforhold, vil eg anslå at 70 prosent av dei som treng hjelp er turistar, seier bilbergar Jonas Petrosius i Viking.
Tala til forsikringsselskapet Gjensidige er også tydelege.
Yngve Widding, assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet i Nord-Norge, er ikkje overraska.
– Når man aldri har køyrt på vintervegar, har man ein tendens til å gjere mykje rart. Nokon køyrer midt på vegen, og andre forstår ikkje at det er glatt og at man får lengre bremsestrekning. Vi har opplevd det aller meste, seier Yngve Widding, assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet i Nord-Norge.
– Vi er redd for kvar ein form for ulykker. Sjølv de små ulykkene har potensial til å bli alvorlege.
Også fylkespolitikarane i Nordland ser på situasjonen med bekymring.
Vil innføre kurs
Trafikksikkerheitsutvalet i Nordland jobbar derfor for å pålegge utanlandske turistar kurs i vinterkøyring før dei får sette seg bak rattet.
– Vi som bur i landet og er norske, vi må ha glattkøyringskurs for å få behalde førarkortet. Men folk som kjem frå land som verken har vinterforhold eller kanskje ikkje veit kva snø er, kan komme hit og køyre så mykje dei vil, seier Richard Dagsvik (FrP) til NRK.
Richard Dagsvik (Frp)
Fylkesråd for samferdsel i Nordland.
– Det kan til sjuande og sist ende med ei stygg ulykke med døden til følge. Det er det vi ønsker å unngå.
– Har politikarar og vegmyndigheiter sove i timen her?
– Det er mogleg. Når ein skuldar på EU- og EØS-regelverket, så set vi spørsmålsteikn ved det. Det er ein mismatch her som vi må finne ut av.
Det har vore fleire ulykker på vintervegane i Lofoten dei siste åra.
Foto: NRKPå spørsmål om korleis eit krav skal løysast i praksis, ser Dagsvik føre seg ei ordning der turistane må gjennom ei rask opplæring.
– Dersom det er moglegheiter for å få til eit intensivkurs på glattkøyring for den typen bilistar, så hadde det vore veldig bra, seier han.
Fryktar tap av milliardar
Ingen bilutleigefirma i Lofoten ønsker å kommentere forslaget om obligatorisk kurs, men det får ei kald skulder hos reiselivssjef i Lofoten, Line Samuelsen.
Det står nemleg om store verdiar. Ifølge ein rapport omset reiselivet i øyriket for nesten 2 milliardar kroner årleg.
Samuelsen fryktar at særkrav vil skremme bort turistane.
Line Samuelsen
Daglig leiar og reiselivssjef i Visit Lofoten.
– Konsekvensen kan vere at enkelte marknader vel bort ikkje berre Lofoten, men heile Noreg, seier ho.
Samuelsen meiner også at forslaget er umogleg å gjennomføre i praksis.
– Det finst inga lov som opnar for å pålegge nokon eit sånt kurs i dag. Kven skulle betale? Kor skulle det skje? Og kven har ansvaret?
Jonas Petrosius må hjelpe ein bil på innfartsvegen til Tromsø.
Foto: Eirik Hind Sveen / NRKSjølv om turistane ofte manglar vintererfaring, meiner Samuelsen at fylkeskommunen også må sjå på eigen vegstandard.
– Vegane våre er smale, og vi har krevjande forhold. E10 er den største utfordringa. Det er ein kombinasjon av uvande sjåførar og eit vegnett som ikkje er bygd for trafikken vi har i dag, seier ho.
Reiselivet ønsker heller å satse på betre informasjon, som prosjektet «Safe Travel», og inviterer fylkesråden til samarbeid framfor forbod.
Ikkje første gong
Dette er likevel ikkje første gong politikarar i nord krev handling.
Allereie i 2018 løfta dåverande stortingsrepresentant – no ordførar i Vestvågøy – Jonny Finstad (H) nøyaktig same problemstilling.
Den gongen varsla Finstad at han ville ta opp krav om obligatorisk glattkøyringskurs med Samferdselsdepartementet. Men han fekk svar om at ønsket var umogleg å innfri då.
– At det ikkje er tatt initiativ til ei justering av krav til turistar for køyring på vinterføre er synd. Det utgjer ein trafikksikkerheitsrisiko.
Jonny Finstad
Ordførar i Vestvågøy
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK
Statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet viser til at norske styresmakter har jobba for strengare krav for yrkessjåførar i EU og EØS sidan 2018.
Samstundes seier han at det er lite dei kan gjere med obligatorisk glattkøyringskurs for turistar.
– På same måte som norske førarkort blir godkjente utan tilleggskrav elles i verda, så må vi godkjenne førarkort ferda ut i andre land.
Tom Kalsås
Statssekretær i Samferdselsdepartementet.
Årsaka seier han er at internasjonale forpliktingar ikkje gir rom til å krevje særskilde kurs for å køyre lovleg på norske vintervegar.
Men statssekretæren håper likevel turistnæringa vil tilby kurs til turistane.
– Slik kursing vil òg vere relevant for selskap som leigar ut privatbilar til turistar vintertid, til dømes for å redusere forsikringsrisiko.
Han legg til at Statens vegvesen jobbar med ein ny tiltaksplanen.
I den ligg det eit forslag til initiativ om å utvikle ein felles nettstad der turistar enkelt kan finne naudsynt informasjon om til dømes vinterkøyring.
Publisert 21.12.2025, kl. 19.28



















English (US)