Det viser ferske tal frå overvakinga av villsvin hos Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Inger Maren Rivrud, forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA)
Foto: Norsk institutt for naturforskning– Villsvin kan skade avlingar og spreie sjukdom til tamgrisar, som kan skade næringa. Derfor ønsker Noreg å utrydde arten, seier forskar ved NINA, Inger Maren Rivrud.
Trass i at Noreg ønsker å bli kvitt alle villsvin, held antalet seg stabilt.
I jaktåret 2024/2025 blei det anslått at det levde om lag 450–700 individ rundt Halden og Aremark i Østfold.
Ifølge forskaren, er grunnen samansett.
– Det er krevjande. Det krevst stor innsats å få ned bestanden, seier Rivrud.
Migrerer frå Sverige
Rivrud fortel om et stort villsvinproblem i Sverige, der dei kvart år skyt nærare 120.000 villsvin årleg. Likevel har dei over rundt 300.000 villsvin i dei svenske skogar.
Tidlegare har den svenske biologen Marcus Öhman føreslått å servere villsvinkjøtt i offentlege institusjonar, som ein del av løysinga.
– Sjølv om vi blir kvitt alle i Noreg, vil det framleis kome villsvin frå Sverige. Å halde bestanden på null, vil vere nesten umogleg, seier Rivrud.
Villsvinet er uønskt i Noreg – men gjer seg på middagsbordet.
Foto: NRKDet har tidlegare blitt føreslått av Mattilsynet og Miljødirektoratet å bygge et gjerde mot Sverige i dei områda der det strøymer flest villsvin til.
– Ein må skyte rundt 50-60 % av bestanden for å få den til å gå nedover. Jegerinnsatsen er avgjerande, og veldig mange er ivrige, seier Rivrud.
Den nye rapporten til Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser ein stabil bestand dei siste åra. I 21/22 blei det ikkje målt.
Forskar Rivrud seier kvar hogris kan få mellom seks og åtte ungar, og at dei har stor tilvekst.
– Det tar veldig mange timar å få felt eit villsvin. Dei dukkar ikkje opp på post kvar natt, så det er mange bomturar. Det krev at ein har nok tid, seier forskaren.
– Ønsker å ha ein bestand
Pål Sindre Svae, vilt – og utmarksforvaltar i Indre Østfold kommune, bekreftar at villsvin er ein utfordrande art å jakte på.
– Dei lærer fort. Dersom du forstyrrar flokken og skyt éin, kan resten av flokken halde seg unna området i lang tid etterpå, seier Svae.
– Dei er sky, har god luktesans og det krev mykje planlegging for å finne dei, seier Pål Sindre Svae, Vilt- og utmarksforvaltar i Indre Østfold kommune.
Foto: Indre Østfold KommuneJegerane i Indre Østfold kommune har høg motivasjon for å skyte dei, ifølge utmarksforvaltaren.
– Men det er framleis jegerar som ønsker å ha ein bestand å jakte på i framtida, uansett kva nasjonal styresmakter måtte ønske, seier Svae
Dei fleste dyra lever i Halden og Aremark i Østfold, på grensa mot Sverige. Dyra har blitt observert så langt nord som Trøndelag. Også i landbruksfylket Innlandet er det villsvin.
Bonden Svein Amund Øvergård i Åsnes fekk besøk av ein villsvinfamilie i åkeren i fjor sommar:



Svein Amund Øvergård filma ein villsvinfamilie i åkeren i Åsnes
Foto: Svein Amund ØvergårdOm du skulle møte eit villsvin, bør du ikkje vere redd, seier forskar Inger Maren Rivrud.
– Dei er i utgangspunktet ikkje farlege, og dei er svært sky. Dei unngår gjerne menneske. Møter du et villsvin tilfeldig, har du flaks, seier Rivrud.
Publisert 15.11.2025, kl. 18.38

















English (US)