17. juni går Noreg sin første VM-kamp på 28 år av stabelen.
Irak – Noreg på Boston Stadium i Massachusetts. Og kven som startar den historiske opningskampen, verkar blant dei fleste ekspertar å vere sett.
Med unntak av éin posisjon:
Venstrekanten.
– Ein kjempefordel for Noreg og Ståle (Solbakken), meiner Kristoffer Løkberg.
– Trygg relasjon frå start
For i dei fleste landskampane dei siste par åra har Ullevaal-yndlingen Antonio Nusa starta på topp, saman med Alexander Sørloth og Erling Braut Haaland.
Men under den siste landslagssamlinga blei Nusa benka til fordel for Andreas Schjelderup mot Nederland. Det enda med nettsus for Schjelderup, før han blei plukka av etter 64 minutt til fordel mot Nusa.
JUBEL: Andreas Schjelderup feirar skåringa si mot Nederland på bortebane. Det er også hans einaste skåring med flagget på brystet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBMot Sveits i 0-0-kampen på Ullevaal nokre dagar seinare var rollene snudde.
NRK-ekspert og fotballtrenar Eirik Horneland er i den nyaste episoden av podkasten Bakrommet tydeleg på at han vil ha Schjelderup i ellevaren mot Irak.
TRENARAR: NRK-ekspert Eirik Horneland (t.h.) helsar på landslagstrenar Ståle Solbakken.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Nusa og Schjelderup kjem til å dele på kamptida under VM. Eg som fotballtrenar tenker at alt skal handle om å vinne den første kampen, så kjem alt etter det, seier Horneland.
– Derfor vil eg starte med relasjonen Schjelderup – (Fredrik) Aursnes, som er kjende frå Benfica. Eg ville valt å gå med ein trygg relasjon frå start, fortset den tidlegare Brann-, Rosenborg- og Saint Etienne-trenaren.
GODT KJENT: Fredrik Aursnes har nettopp skåra mot Tondela – det blir feira med at Andreas Schjelderup kyssar issen hans.
Foto: PEDRO ROCHA / REUTERS,NTBHøyr heile Bakrommet-episoden her:
Ulike spelartypar
Dei to speler saman under José Mourinho i den portugisiske storklubben. Ifølge fotballnettstaden Transfermarkt har Aursnes og Schjelderup vore på banen i 69 kampar samtidig.
Aursnes har berre to spelarar på Benfica han har fleire målpoeng med enn Schjelderup.
– Dei to (Nusa og Schjelderup) er ulike spelartypar. Nusa er litt meir pågåande éin mot éin, mens Schjelderup er meir ein kombinasjonsspelar, seier Horneland.
SAMAN FOR NOREG: Antonio Nusa og Andreas Schjelderup deltok saman på TV-sendinga av landslagsuttaket.
Foto: NRK51-åringen får motbør frå resten av Bakrommet-ekspertane Kristoffer Løkberg og Andrine Hegerberg.
Dei vil begge ha Nusa frå start i opningskampen.
– Dei kjem til å dele speletida under VM, men eg vil starte med Nusa sidan Irak er liknande motstand som han har vore god mot tidlegare. Han er den beste landslagsspelaren i verda, og kjem til sin rett i 4-3-3 i motsetning til det han speler i RB Leipzig (ofte vingback i 5-3-2, journ.mrk.), seier Løkberg.
På 22 kampar for det norske landslaget, har Nusa notert seg med 16 målpoeng. Eller eitt målpoeng kvart 85 minutt i snitt.
VANLEG: Antonio Nusa-mål på Ullevaal stadion har blitt eit kjent syn dei siste par sesongane.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBReell konkurranse
Noreg møter Senegal fem dagar etter Irak-kampen, og Frankrike fire dagar etter det igjen.
Samtidig meiner Løkberg at venstrekanten er «Nusa sin å tape».
– Startar han første kampen, er han i førarsetet. Tuslar han av etter 74 minutt med to mål og éin målgivande, startar han neste òg.
– Men konkurransen er heilt reel. Og det er to unge gutar (begge 21 år) som speler sitt første VM. Dei kjem ikkje til å lykkast med alt, men at dei kan dele på 90-minuttane er perfekte for Noreg og resten av laget, seier Løkberg vidare.
Publisert 22.05.2026, kl. 13.04












English (US)