Vitne skal ha fått råd: «Kan vere lurt å trekke seg ut»

2 hours ago 2



Saken oppsummert

  • En tomt ved Fanafjorden i Bergen er sentrum for en familiestrid.
  • Milliardær Oddvar Haugland og hans selskap Vortex AS er saksøkt for urettmessig overtakelse av tomten.
  • Det er påstander om misbruk av en eldre manns BankID-brikke.
  • Et vitne i rettssaken skal ha blitt fortalt at det «kunne være lurt å trekke seg ut».

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI

På eit nes ved Fanafjorden i Bergen, klemt mellom bustadhus og naust, ligg ei langstrekt ubygd tomt. 

Den har utsyn mot nordaust og strandlinje. Det er likevel aller mest buskar og tett skog som pregar tomta i dag. 

Dette stykket med land er no blitt kjernen i ein vond familiestrid. 

Den involverar også laksearving, milliardær og Sveits-utflyttar Oddvar Haugland (39). 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VAKKERT: Tomta har tidlegare blitt verdsett til tre millionar kroner. Men ein mann i slutten av 80-åra har gått til sak mot ein laksemilliardær for å få den tilbake. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Til veka hamnar tomtetvisten på bordet til Hordaland tingrett. Striden har eit stort og konfliktfylt bakteppe. 

Sentralt står skuldingar om misbruk av ein eldre mann si BankID-brikke. 

Og ein person, som skal vitne mot laksemilliardæren, som skal ha fått råd om å «trekke seg ut». 

– Haugland har ikkje oppfordra nokon til å kontakte noko vitne og var heller ikkje kjent med at nokon hadde til hensikt å ta slik kontakt. Han har ingenting å skjule og imøteser alle vitneforklaringane som er meldt, seier advokat Ole Takvam i Ræder Bing Advokatfirma til TV 2. 

– Handla i god tru

Han er advokat for laksemilliardæren sitt private selskap, Vortex AS. 

Det er dette selskapet som i dag står som eigar av tomta i Fana. 

No er altså Haugland og selskapet saksøkt. Dei tidlegare eigarane vil ha tomta tilbake og hevdar den er teken frå dei på urettvis måte. 

 Privat
BUR I SVEITS: Oddvar Haugland i Haugland-gruppen flytta til Sveits i 2022. Han har over 80 prosent av aksjane i familieselskapet Haugland-gruppen. Foto: Privat

Korleis skal vi straks kome tilbake til. 

– Vortex AS og Haugland har heile tida handla i god tru. Verken han eller advokatane hans har hatt noko grunn til å vera i tvil om at transaksjonane er gjort på riktig måte, svarar Tokvam om skuldingane. 

Dette er Oddvar Haugland (39)

Ein av fire søner i Haugland-familien frå Austevoll utanfor Bergen. Dei har gjort det stort innan oppdrett og eigedom.

Selskapet Haugland-gruppen skal vera gode for rundt tre milliardar kroner, ifølgje Kapital.

I 2022 flytta Oddvar Haugland (39) til Sveits. Med på flyttelasset følgde 80 prosent av aksjane i familieselskapet.

Dei tidlegare eigarane av tomta i Fana var eit eldre ektepar. Den skal ha vore i denne familien sitt eige sidan 1980. 

Det var i fjor sommar at ektemannen i 80-åra stemna Haugland for å få tomta ført tilbake.

Har gått bort

Men i vinter døydde han, berre tre veker etter at forklaringa hans vart sikra i eit bevisopptak.

Enka og sonen deira har ført søksmålet vidare. 

I midten av søksmålet står ein mann i 30-åra, som er barnebarn av ekteparet.

 Jonas Pedersen / TV 2
TOMTESTRID: Det er ekteparet som har gått til sak mot Oddvar Haugland, som gjennom selskapet Vortex AS i dag eig tomta det er snakk om. I midten står hans tidlegare forretningspartnar, barnebarnet til ekteparet, som blir skulda for misbruk og dokumentfalsk. Foto: Jonas Pedersen / TV 2

Han er tidlegare forretningspartnar med Oddvar Haugland.

I retten kjem det til å hagle med sterke skuldingar mot mannen. Han er i tillegg politimeld av bestefaren for dei same anklagene. 

– Eg ønskjer ikkje kommentere saka på førehand. Eg vil gi mi vitneforklaring til retten, seier mannen til TV 2. 

– Samtykka fleire gonger

Søksmålet i tingretten handlar i all hovudsak om følgande spørsmål:

Gjekk mannen i 30-åra bak ryggen på bestefaren sin og overførte eigedomen til Haugland, som oppgjer for ei milliongjeld han sjølv hadde til laksearvingen? 

Nei, svarar Vortex AS. Dei meiner det er bevis for at bestefaren «ved handlemåte og signering gjentatte ganger» har samtykka til at barnebarnet:

 Først pantsette tomta hans i 2022 for sikkerheit til eit lån. 

 Deretter overførte tomta til Haugland sitt selskap i 2023. 

«Den aktuelle gjelden var til Vortex AS», presiserer advokat Tokvam i sitt sluttinnlegg. 

I starten av 2023 varsla Vortex AS tvangsinnkrevjing, fordi mannen i 30-åra ikkje hadde holdt avtalen om nedbetaling av lånet som vart inngått våren 2022.

Restkravet var på 2,7 millionar kroner. I april 2023 vart den skogkledde tomta overført til Vortex AS for så og seia same sum. 

Tidslinje i Vortex-saka

- 22. juli 2020: Ei erklæring om at barnebarnet får råderett over tomta blir signert: «Tomten blir gitt som forskudd på arv fremfor penger gitt de andre barnebarn», heiter det i erklæringa. Dokumentet er signert av bestefaren og mannen i 30-åra og er også svært sentralt i tomtetvisten. Mannen i slutten av 80-åra nektar for å ha signert erklæringen.

- 27. april 2022: Vortex AS og mannen i 30-åra inngår låneavtale på 3,49 millionar kroner. Same dag blir tomten i Fana pantsett.

- Juni 2022: Mannen i 30-åra blir politimeld av ein forretningspartnar i eit selskap der Haugland også er investert.

- 24. januar 2023: Lånet hjå Vortex AS frå april 2022 er mislighalde. Selskapet varslar tvangsinndriving.

- 28. mars 2023: Haugland og Vortex AS får prosessvarsel om at mannen i 30-åra er saksøkt for same forhold som nemnd i juni 2022.

- 27. april og 28.april 2023: Kjøpekontrakt for tomten i Fana blir signert. Det same blir skjøtet som overfører heimelen til tomta.

- 26. august 2024: Den tidlegare eigaren av tomta saksøker Vortex AS og Oddvar Haugland.

- 15. september 2025: Den sivile saken om søksmålet går for Hordaland tingrett.

– Misbrukte BankID

At mannen i 30-åra sette seg i personleg gjeld til sin tidlegare forretningspartnar «gir objektivt sett ingen meining», seier Jan Magne Isaksen i CMS Kluge Advokatfirma til TV 2.

Han er advokat for saksøkarane. I sitt sluttinnlegg til retten blir det retta sterke skuldingar om pantsettinga og overføringa av tomta. 

Saksøkarane hevdar mannen i 30-åra har misbrukt bestefaren sin BankID-brikke. 

Og med den skal han ha signert både pantedokument, og seinare overdragelsen, utan at bestefaren var til stades eller var klar over at det skjedde. 

«Pantsettingen av tomten skjedde uten hans medvirkning, samtykke eller kunnskap. Signeringen […] er gjennomført av NN med elektroniske enheter som bestefaren aldri har eid eller kunnet bruke», skriv Isaksen.

Han legg til at mannen nærma seg 90 år og var «i helt begrenset grad i stand til å bruke sin egen telefon». 

For tingretten vil Isaksen legge fram funn frå tekniske undersøkingar av IP-adresser, som dei meiner underbygger at barnebarnet var aleine under signeringane. 

Bakgrunn del 1: «Blir framstilt som kriminell»

Det var i kjølvatnet av koronapandemien at ting skal ha byrja å gå skeis for barnebarnet i 30-åra.

Då var han og Haugland forretningspartnarar i to selskap som mellom anna dreiv med sal av smittevernartiklar.

I det eine selskapet enda mannen opp med å bli politimeld for underslag i millionklassen. NRK omtala saka i fjor.

Det andre selskapet, som dreiv med sal av håndsprit, gjekk konkurs.

TV 2 har fått innsyn i sluttberetninga om tvangsoppløysinga av selskapet.

I eitt notat til retten skriv mannen at han er utsett for eit «umenneskeleg press» og at han «blir framstilt som kriminell». Der avviser han underslagspåstandane som er retta mot han.

Bakgrunn del 2: Meiner laksearvingen pressa barnebarnet

Advokat Isaksen meiner mannen også har levd under eit sterkt press frå laksearving Haugland.

Skuldingane mot mannen om at han hadde gjort millionunderslag i det eine selskapet dei begge var involverte i, dukka nemleg opp kort tid før Fana-tomta vart pantsett i 2022.

Då mannen heller ikkje greidde å betala ned på lånet han fekk Vortex AS, skjedde tomteoverføringa få månadar seinare.

Isaksen argumenterer for at dette var for å få den gamle forretningspartnaren til å «overta og stille personlig sikkerhet for Vortex sine krav/investeringer».

– At Vortex AS ønska å kome skadelaus ut av sine engasjement etter det dei blei gjort kjent med av økonomiske misleghald i 2022, kan ein sjølvsagt forstå, seier Isaksen til TV 2.

– Haugland har ikkje utøvd noko press slik som det er argumentert for, svarar Vortex-advokat Tokvam til TV 2.

«Kan vere lurt å trekke seg ut»

Og så har altså temperaturen i konflikten auka i forkant av rettssaka.

I ein telefonsamtale skal eit vitne, som står på vitnelista til saksøkar, ha fått beskjed om at det «kan vere lurt å trekke seg ut», får TV 2 opplyst.

– Som sagt var ein ikkje kjent med samtalen og difor ikkje kjent med det konkrete innhaldet. Dersom politiet etterforskar forholdet, imøteser vi utfallet av denne etterforskinga, svarar Tokvam på spørsmål frå TV 2.

– Vi ser svært alvorleg på dette, seier managing partnar Cecilie Lillehagen Welo i sikkerheitsfirmaet InSilent AS.

 Tommy Dølplads
REAGERER: Vitnet som skal ha blitt ringt opp jobbar i etterretningsselskapet InSilent. Managing partnar Cecilie Lillehagen Welo reagerer på hendinga og selskapet har varsla vidare. Foto: Tommy Dølplads

Det aktuelle vitnet er tilsett i dette selskapet, som mellom anna driv med etterretning og tekniske analysar. 

Ofte vitnar dei i retten om sine funn i ulike saker.

– Vi kan ikkje kommentere innhaldet eller hensikta med samtalen. Men vi har nulltoleranse for slike hendingar som undergrev vårt arbeid og tilliten til det norske rettssystemet, seier Welo vidare.

Kjenner seg ikkje att i påstand

Forsøk på vitnepåverknad er straffbart. 

TV 2 har vore i kontakt med den andre personen i telefonsamtalen. Vedkommande bekreftar at det var ein samtale, men kjenner seg ikkje att i påstanden om å ha kome med trugslar mot vitnet.

Det blir kategorisk avvist at det blei sagt «det kunne vært lurt å trekkje seg», eller noko liknande.

– Vi kan berre rekne med at hendinga får etterspel. Vi har gjort retten merksam på forholdet, seier derimot advokat Jan Magne Isaksen, saksøkar sin advokat, som har vitnet på si vitneliste.

– Vi er kjent med forholda og har rutinar for å handtere slike situasjonar, bekreftar sorenskrivar Håkon Rastum i Hordaland tingrett til TV 2.

Vitnet har vore til avhøyr med politiet om telefonsamtalen. Politiet vil ikkje gi ytterlegare kommentarar om det til TV 2.

– Den tilsette blir følgt opp og vi gjer løpande vurderingar fram mot det kommande vitnemålet, seier Welo i InSilent.

Familiemedlemar vitnar

Det er sett av tre dagar til behandlinga av søksmålet mot laksemilliardæren i tingretten.

Retten skal høyre forklaringane til totalt tolv vitne i løpet av dei tre dagane.

– Ut frå bevisbildet som ligg føre, oppfattar Vortex AS det slik at dei aktuelle transaksjonane er gjennomført i samsvar med ønsket til innehavaren av heimelen, gjentek advokaten til Haugland og Vortex AS, Ole Tokvam, til TV 2. 

Fleire av vitna er altså i nær familie med kvarandre. Ekteparet som tidlegare eigde tomta vart i 2022 tiltalt for forsikringssvindel

Men saka nådde aldri retten og dei vart difor ikkje dømde. TV 2 har ikkje fått svar frå politiadvokaten om saka vart lagt vekk eller om det til dømes vart gitt påtaleunnlating. 

Read Entire Article