VM-heltens klare råd – denne feilen må Noreg unngå

3 hours ago 2



– Dei må ikkje trene så hardt som vi gjorde den gongen, seier Noregs tidlegare landslagskaptein til NRK.

32 år etter meisterskapen er 65-åringen klar på kva den største tabben Noreg gjorde under lagets første VM på 1990-talet.

– Slo imot oss

Det er venta at Ståle Solbakkens menn kjem til å spele kampane mot Irak, Senegal og Frankrike i opp mot 30 graders varme.

Også i 1994 førte varmen til sjokkarta opplevingar for spelarane, hugsar Bratseth.

– Det var berre så vidt at eg klarte å gå ifrå matsalen og tilbake på rommet der vi var innlosjert. Varmen slo imot oss. Det var forferdeleg. Og slik kan det bli no også.

Det seier den tidlegare midtstopparen, som gjekk under namnet «Elgen» på grunn av sine lange klyv både for Noreg og Werder Bremen i Tyskland.

Den gongen møtte Drillos menn Mexico, Italia og Irland i gruppespelet. Alle tre kampane gjekk i temperaturar mellom 30-35 grader.

Champions League play off fotball 2020, Molde - Ferencvaros (3-3).

LANDSLAGSHELT: Rune Bratseth var kjent for lange klyv på fotballbana. No gjev han råd til Ståle Solbakken.

Foto: NTB

– Bruke minst mogleg energi

Men den største feilen gjorde troppen mellom VM-oppgjera, meiner Bratseth.

– Den gongen var det stor kamp om plassane. Det førte til at spelarane trente alt for hardt. Dei stod på ordentleg på kvar økt. Det var ein tabbe i den varmen, minnast trønderen.

Resultatet var at spelarane var slitne allereie før kampane starta. Etter siger mot Mexico og tap mot Italia, var tanken tom i den siste gruppespelkampen mot Irland.

Det norske fotballandslaget smiler av at landslagslegen må ta på seg en søppelsekk.

SØPPELSEKK: Å trene ikledd ein søppelsekk var eit grep for å bli vant til varmen.

Foto: Knut Falch / NTB

Oppgjeret enda 0-0, og var ei liding for alle involverte, og Noreg rauk hovudstups ut av turneringa.

Likevel meiner Bratseth at situasjonen er annleis denne gongen.

– Lagoppstillinga - og kven som skal spele - er mykje meir klar no. Difor må treningane mellom kampane brukast til taktikk og vedlikehaldstrening. Ein må bruke minst mogleg energi, er Bratseths klare råd til Ståle Solbakken.

 Bjørn Sigurdsøn

VM-KLARE: Egil Olsen og Rune Bratseth jublar etter at landslaget blei klare for fotball-VM i 1994 etter 3-0-sigeren over Polen i Poznan i 1993.

Foto: SCANPIX

– Mykje varmare enn vi er vande med

På plass i Greensboro i USA kan landslagsassistent Brede Hangeland stadfeste at dei første dagane blir rolege for landslagsspelarane. Den første dagen etter at dei landa, er det treningsfri for at dei skal venje seg til tidsforskjellen og slappe av. Den andre dagen blir det ein litt lettare økt.

– Det viktigaste med treninga er å erfare korleis dei reagerer på varme og luftfukt, forklarar Hangeland til det frammøtte pressekorpset i USA.

Han held fram:

– Det er mykje varmare enn vi er vande med.

En mann med kortklipt, lyst hår og skjegg ser til siden. Han har på seg en rød genser med logoer. I bakgrunnen er grønne trær i lett uskarphet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LANDSLAGSASSISTENT: Brede Hangeland til stades i Greensboro i USA.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Må nyte meir

Ein som også minnast den kvelande varmen er Mini Jakobsen. Den hurtige venstrekanten, som var kjent for å ta salto etter scoring, var med i Noregs tropp både i 1994 og 1998.

Mini Jakobsen med bart

MÅ NYTE: Mini Jakobsen meiner landslaget må nyte dei eventuelle triumfane i VM.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Han meiner også at Noreg må unngå å trene for tøft og hardt på treningsanlegget i Greensboro i Nord-Carolina på austkysten av USA.

Han åtvarar likevel Noreg mot ein annan tabbe han meiner laget gjorde etter den legendariske 2-1-triumfen mot Brasil i VM i 1998 i Frankrike.

– Av og til er det viktig å ta vare på augneblinken. Då vi slo Brasil skulle vi møte Italia i åttedelsfinalen seks dagar seinare. I staden for å nyte det - fekk vi lov å ta éin øl til maten, og så gjekk vi på rommet. Der sat vi aleine og såg på fransk fjernsynsteater eller noko liknande, seier Mini Jakobsen til NRK.

For då resten av Noreg mista bakkekontakten, og skapte sydlandske scener sankthansaftan i 1998, gjekk spelarane rett til sengs.

– Eg seier ikkje at ein skal gå på stupfylla. Men ein skal sitje og vere glade saman etter slike triumfar, meiner Jakobsen.

Rekdal

HISTORISK: Sigeren mot Brasil i 1998 blei ikkje feira nok av spelarane i etterkant, meiner Mini Jakobsen. Sjølv om Kjetil Rekdal feira 2-1-scoringa på heftig vis.

Foto: Erik Johansen / NTB

Dopingtrøbbel

For Rune Bratseths del blei VM i 1994 det siste han gjorde som fotballspelar etter ei stor karriere.

– Etter kampen mot Irland sette eg igjen skoa i midtsirkelen og gjekk av bana. Kanskje står dei der endå, humrar Bratseth.

Også etter oppgjeret skapte varmen trøbbel.

– Eg hugsa eg var på dopingkontroll saman med Irlands Phil Babb og Paul McGrath og lagkamerat Ola By Rise. Det var ikkje enkelt i varmen, og eg fekk ikkje ut ein drope, ler Rune Bratseth.

Rune

KAPTEIN: Rune Bratseth ruva i lufta på det norske landslaget.

Foto: Erik Johansen / NTB

I dag jobbar Bratseth som programleiar i den kristne TV-kanalen TVL.

VM skal han sjå frå sofaen.

– Først må vi kome oss vidare frå gruppespelet, og det blir ingen ønskekonsert. Men at forventingane blir skrudd i vêret er forståeleg fordi toppnivået til Noreg er skyhøgt med dei spelarane vi har no, seier Rune Bratseth.

Illustrasjon av en jublende Erling Braut Haaland

Går Norge videre fra gruppa?

Jo, dette ser lyst ut

73 % sannsynlighet

Norge kunne ikke bedt om et bedre kampoppsett: Først venter antatt svakeste motstander, Irak, der en seier vil senke de norske skuldrene.

Samtidig må Senegal bruke masse krefter mot Frankrike, og Frankrike står fort med to seire – og kanskje foten litt av gasspedalen – før siste kamp mot Norge.

Kristoffer Løkberg

Kristoffer Løkberg NRKs fotballekspert

Sannsynlig plassering i gruppa

1.- og 2.-plass – går videre

Frankrike • sannsynlig 1.-plass (45 %)

Norge • sannsynlig 2.-plass (29 %)

3.-plass – kan gå videre*

Senegal • sannsynlig 3.-plass (28 %)

*8 av 12 3.-plasser går videre. Senegal er sannsynligvis blant de åtte beste treerne, ifølge NRKs beregninger.

4.-plass – går ikke videre

Irak • sannsynlig 4.-plass (55 %)

Basert på NRKs VM-prognose.

Publisert 03.06.2026, kl. 22.11 Oppdatert 03.06.2026, kl. 22.48

Read Entire Article