Warholm smadra rekord – trenaren trudde det skulle gå fortare

13 hours ago 3



– Det er umogleg å imponere fyren, seier Karsten Warholm.

Han sit saman med trenar Leif Olav Alnes på eit hotellrom i kinesiske Keqiao, eit par timar i bil sør for Shanghai, og blir intervjua av NRK på videolenke i forkant av Diamond League-stemnet laurdag.

Tema er sesongopninga i Xiamen sist laurdag. Der var distansen 300 meter hekk.

– Ei sensasjonelt god opning av Warholm, braut NRK-kommentator Jann Post ut da klokka stoppa på 33,05.

Det var nemleg bestenotering i verda, altså uoffisiell verdsrekord, med 21 hundredelar. Næraste konkurrent, Matheus Lima, blei slått med 93 hundredelar.

  • Sjå Diamond League-stemnet frå Shanghai/Keqiao i NRK TV frå kl. 13.00 laurdag.

– Aldri bra nok

Men for trenar Alnes var det alt anna enn sensasjonelt. I eit intervju etter løpet, publisert på YouTube-kanalen til Citius Mag, blei han spurd:

«Var det overraskande?»

Svaret frå Alnes var nøkternt:

«Eigentleg ikkje. Eg visste han var i det landskapet. Eg håpa faktisk han kunne springe på 32.»

Eg visste at det var mogleg, og det var jo svært nærme. Og det er jo litt artig å bryte dei grensene, men det blei ikkje sånn, seier Alnes til NRK nokre dagar seinare.

– Når eg spring på 32, så kjem han til å begynne å snakke om 31. Det blir aldri bra nok, påpeikar Warholm med eit smil.

Karsten Warholm og Leif Olav Alnes

OPNAR I AUST: Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes innleier sesongen med to løp i Kina.

Foto: NRK

– Ei viss aning

Det blei jo eit veldig, veldig bra løp, og det var veldig stor fart frå siste hekken og inn. Det er også ein god indikator, understrekar Alnes.

Trua på at det kunne ha gått enda fortare, blei ikkje tatt ut av lause lufta.

Det betyr jo det at vi måler ting når vi trenar, ja. Sånn at ein har ei viss aning om kor dette kan ende, påpeikar trenaren.

Med andre ord: Det er også lov til å håpe at klokka stoppar raskt når Karsten Warholm sesongdebuterer på 400 meter hekk laurdag.

Også forholda innbyr til det:

Stadionet er faktisk fantastisk. Leif meinte det var eit av dei betre Diamond League-stadiona han har sett med tanke på å skjerme for vêr og vind. Og banen også var superrask, seier Warholm.

Karsten Warholm i Tokyo

HISTORISK: Karsten Warholm spjerte drakta etter å ha sprunge på historiske 45,94 i OL-finalen i Tokyo i 2021. I september er det VM på same arena.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Skadefri

Likevel: Warholm og Alnes legg ikkje opp til noko rekordsnakk denne gongen.

Gjeldande verdsrekord er på 45,94. Den sette Warholm i den historiske OL-finalen i Tokyo i 2021. Ein rekord verken han sjølv eller andre eigentleg har vore i nærleiken av sidan den gongen.

Warholms nest beste tid er 46,51, frå Monaco i 2023.

2024-sesongen blei prega av trøblete hamstringsmuskulatur. Nå er skadane lækte.

Å få springe smertefritt, det er jo ingenting som er betre enn det. Det gir ei fantastisk god kjensle, seier Karsten Warholm.

  • Sjå Diamond League-stemnet frå Shanghai/Keqiao i NRK TV frå kl. 13.00 laurdag. Norske utøvarar og starttider: 13.04: Karsten Warholm, 400 m hekk. 13.17: Marie-Therese Obst, spyd. 14.01: Henriette Jæger, 200 m. 14.12: Håvard Bentdal Ingvaldsen, 400 m.

Publisert 03.05.2025, kl. 08.49

Read Entire Article