Weng smadret alle i ny Gålå-seier – Stenshagen og Fossesholm sikret gjev verdenscupbillett

1 month ago 46



23. mars 2025 kl. 14:53

Klæbo med fjerde siger på fem dagar – norsk storeslem

Johannes Høsflot Klæbo gjekk til topps på femmila i Lahti søndag.

Dette var sesongens siste verdscuprenn. Klæbo tok sin fjerde siger på fem dagar, inkludert lagsprint.

Den seksdoble verdsmeisteren Klæbo rykte ifrå i spurten og vann framfor tre andre nordmenn:

Martin Løwstrøm Nyenget, Simen Hegstad Krüger og Andreas Fjorden Ree.

– Han er umogleg å slå. For ein sesong, sa NRK-ekspert Fredrik Aukland.

– Han er rett og slett best, og han orkar å gå alle renn, supplerte ekspertkollega Torgeir Bjørn.

Då det var 15 kilometer var det ei gruppe på seks løparar som var med i tetgruppa.

Då hadde akkurat finske Ivo Niskanen, som mista ski-VM grunna sjukdom, falle av gruppa.

Med ei lita mil igjen forsvann også svenske William Poromaa og tyske Friedrich Moch frå tetgruppa, slik at det var fire nordmenn som måtte gjere opp om sigeren.

Pål Golberg gjekk sitt siste verdscuprenn og vart nummer ni.

Klæbo

Foto: Emmi Korhonen / Lehtikuva / Lehtikuva / NTB
Read Entire Article