15 knallgode bøker til ferien

1 week ago 5


Sommar er lyden av bølgje­skvulp, fjell­sus, by­larm og regn som plaskar på vindauget.

Men det er òg forhåpentleg lysten til å opne ei ny og spennande bok!

Vi har samla dei beste lese­tipsa frå NRK sine bok­profilar.

Hopp rett til tips frå:

  • Åpen bok

    Cille Biermann

    • Kven: Programleiar, «Åpen bok» i NRK Radio.
    • Her les eg helst om sommaren: I ein kjempegammal, flassete hammock som eg kvart år tenkjer på å måle, men der lesinga tek overhand ...

Kvakking og klassisk litteratur

  • Tittel: «Litteratur i Andeby» (2025)
  • Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
  • Sjanger: Sakprosa
  • Forlag: Samlaget

Tenk deg at du sit på den gode, gamle ute­doen, dekorert med snåle post­kort og bilete av Olav, Harald og Sonja, medan lukta av do­bark riv i nasen. Og på den vesle krakken er det bunkar med dei høgt elska gamle Donald-blada!

Ifølgje Alf Kjetil Walgermo sit du med litterært gull mellom hendene.

«Litteratur i Andeby» er ikkje noko mindre enn ein guide inn til verds­litteraturen som viser korleis Andeby-universet lener seg på dei klassiske verka.

Dirrande om sorg og avskjed

  • Tittel: «Bare la dem komme» (2026)
  • Forfattar: Jens M. Johansson
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Cappelen Damm

Uansett kor du er i sommar, vil denne dirrande og draume­aktige romanen gi deg ei kjensle av intens hete. Ei mor ligg for døden, skogen gror igjen og ein ponni forvillar seg inn på kjøkenet.

Jens M. Johansson har skrive ei vakker og rørande bok om sorg, mødrer og minne – og den vanskelege av­skjeden.

Sanseleg toskansk gryte

  • Tittel: «Alt mitt er ditt» (2026)
  • Forfattar: Maria Sand
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Forlaget Oktober

Når Gemma kjem til verda med rumpa først, erklærer mora at det er ei forbanning.

Maria Sand si familie­krønike strekkjer seg over 100 år. Vi følgjer fem generasjonar på den italienske lands­bygda, med avstikkarar både til New York og Noreg.

Her er tragediar og kjærleik i ein deilig miks av kvit­lauk og timian.

Til toppen

En illustrasjon av en tegneseriesol med solbriller og et smil. Solen har gule stråler rundt seg. Bildet har en gul bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

  • En kvinne smiler mot kamera. Hun har langt, brunt hår og rød skjorte. Bak henne er det grønne trær.

    Christine Lossius Thorin

    • Kven:  Programleiar i «Leseklubben»
    • Her les eg helst om sommaren: Skal gløtte opp frå boka mens toget sniglar seg gjennom alpelandsbyar på veg til Italia.

Ei spennande og sår familie­soge full av hemmeleg­heiter

  • Tittel: «Djinner» (kom på norsk i 2025)
  • Forfattar: Fatma Aydemir (omsett av Runa Kvalsund)
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Forlaget Press

Denne kritikarroste best­seljaren frå Tyskland startar med eit dramatisk døds­fall. Hûseyin skal endeleg oppfylle draumen etter 30 harde år som fabrikk­arbeidar i Tyskland: Ei leilegheit i heim­landet der familien kan samlast og pensjonist­livet kan nytast.

Trur han.

«Djinner» vert fortalt gjennom auga til mor, far og fire barn. Ei oppslukande forteljing med masse krut, perfekt ferie­lektyre for henge­køya!

Magisk eventyr som passar for heile familien

  • Tittel: «Ishavs­pirater» (2017)
  • Forfattar: Frida Nilsson
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Aschehoug

Har du lyst til å lese det eg meiner er ei av verdas beste barne­bøker? Ta med deg denne spennande forteljinga og les ho høgt saman med barna.

Dette er eit fantastisk eventyr om Siri som prøver å redde vesle­systera si frå dei frykta ishavs­piratane. Heltinna vår møter på store farar, her er ikkje skurkane berre litt skumle, men skikkeleg, skikkeleg vonde.

Denne boka er full av magi, søsken­kjærleik og trua på at det gode sigrar til slutt og passar like godt for 80-åringen som åtte­åringen, akkurat som dei beste barne­bøkene gjer.

Ikkje rart at Frida Nilsson vert samanlikna med meisteren sjølv, Astrid Lindgren.

Ellevilt og tanke­vekkande frå japansk stjerne­forfattar

  • Tittel: «Kafka på stranden» (2019)
  • Forfattar: Haruki Murakami (omsett av Ika Kaminka)
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Pax Forlag

Éin ting er å lese denne historia som startar med at 15 år gamle Kafka rømmer heimefrå åleine. Noko heilt anna er det å dele opplevinga med komikar og skode­spelar Vidar Magnussen og heile «Leseklubben».

Pakk denne mur­steinen av ei bok i kofferten og les ho saman med oss i sommar! Denne heilsprø, absurde, til tider bestialske, morosame, rørande og til tider komplett umogleg å forstå-historia er perfekt å diskutere med andre.

Ei av dei villaste og beste lese­opplevingane eg har hatt, særleg fordi eg fekk høyre kva andre meiner. Passar til lange tog­turar eller i sol­veggen.

Til toppen

En illustrasjon av en tegneseriesol med solbriller og et smil. Solen har gule stråler rundt seg. Bildet har en gul bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

  • Anne Cathrine Straume

    Anne Cathrine Straume

    • Kven: Litteraturkritiker i NRK.
    • Her les eg helst om sommaren: Ved havet! Og brukar like mykje tid på å sjå på bølgjene som på bøkene 😆

Eit blink­skot frå Island

  • Tittel: «Seksti kilo solskinn» (2026)
  • Forfattar: Hallgrímur Helgason (omsett av Maren Barlien Guntvedt)
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Kagge

Denne tjukke boka kan fylle deg med latter og glede gjennom fleire dagar. Ikkje nok med det, ho er den fyrste i ein trilogi, så her er det mange timar med språk­leik og fantasifull soge­forteljing i vente.

Feiande uærbødig fabulerer Helgason kring fram­veksten av det moderne Island. Visst er her karrig og forblåst, men kjær­leiken til land og folk – og ikkje minst til krafta som ligg i ei god skrøne – pressar seg fram på kvar side.

Og sjå om ikkje norske silde­fiskarar har ein finger med i spelet når det vesle samfunnet går frå å vere ei attergløyme til å bli det reinaste Klondyke.

Ei meir gøyal historie­bok kjem du knappast til å lese.

Lar dei usynlege skine

  • Tittel: «Kjøkken» (2026)
  • Forfattar: Lars Saabye Christensen
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Cappelen Damm

Korleis klarar han det, Lars Saabye Christensen, å skrive ein roman som kjennest frisk og original sjølv om han nok ein gong skildrar vanlege liv i Oslo 50–60 år tilbake i tid?

Det er fru Minde vi møter denne gongen. Sonen er akkurat flytta til student­byen på Sogn. Herr Minde brukar krefter på det intrikate hierarkiet på jobb. Kva skal den heime­verande Gerd Minde ta seg til?

Plottet i romanen er korkje dramatisk eller spektakulært. Men kjenslene og stemningane forfattaren skildrar dei meir usynlege i samfunnet med, fyller romanen med vemod, lengt, attkjenning og jubel.

Snedig bygde­skildring

  • Tittel: «Folk som hater lokal­historie» (2026)
  • Forfattar: Tyra Teodora Tronstad
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Aschehoug

Kva høver vel betre som sommar­lesing enn ein underhaldande puslespel-roman frå bygda? «Folk som hatar lokal­historie» skårar høgt på lista over gode titlar denne våren. Og innhaldet står ikkje tilbake for tittelen.

Gunn Smedplassen drar heim til Stor-Elvdal for å sjå til den aldrande faren sin – og brått blir for­tida kvervla opp, med nabo­skap, fiend­skap, kjærleik og sakn. Ei real røvar­historie får og plass i denne boka, som er like full av tragedie og komedie som livet sjølv.

Og lesaren sit att med kjensla av at lokal­historie, det er ikkje det verste ein kan bruke sommar­ferien til.

Til toppen

En illustrasjon av en tegneseriesol med solbriller og et smil. Solen har gule stråler rundt seg. Bildet har en gul bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

  • Hans Olav Brenner

    Hans Olav Brenner

    • Kven: Programleiar, «Brenner deler dikt» i NRK Radio.
    • Her les eg helst om sommaren: Lengst nord i ein mørkegrå sofa i stua, der den nonchalante sittestillinga mi får putene til å ugjere seg før eg har lese tjue sider. Så eg må opp med jamne mellomrom og resette sofaen.

Rystande lesing

  • Tittel: «Rombo» (2026)
  • Forfattar: Esther Kinsky (omsett av Miriam Lane)
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Forlaget Press

– Les denne, sa kona mi, og stakk til meg den tyske forfattaren Esther Kinsky sin roman «Rombo».

Eg gjorde som ho sa, og vart på poetisk og ganske forsiktig vis dratt inn i ei gru­full historie om jord­skjelva i det nord­austlege Italia i 1976 der nærmare tusen menneske mista livet. Rombo er forresten namnet på buldringa som oppstår i bakken når jord­skjelvet rammar.

Sju roman­karakterar fortel om sine opplevingar, og i tillegg er det ei historie om tilhøyring, botanikk (!), infra­struktur, eit for alltid endra landskap og ikkje minst minne. Både dei pålitelege og dei upålitelege.

Dikt om krig og fred og kjærleik

  • Tittel: «Smuldre» (2026)
  • Forfattar: Øyvind Berg
  • Sjanger: Lyrikk
  • Forlag: Forlaget Oktober

Poet, gjen­diktar og tidlegare skode­spelar Øyvind Berg har gitt ut ei ny dikt­samling, og det er ein del år sidan sist. Kort sagt: ei stor­hending.

I dikta lever det sanseleg nære side om side med det ugripelege og ubegripelege. To menneske i eit kjærleiks­forhold med heilt ulikt utgangs­punkt. Han er eldre enn ho, og har vakse opp i eit trygt etterkrigs-Noreg, medan ho ber med seg traumatiske erfaringar frå krigen i Bosnia.

Etter eit dikt på side 28 står det ganske enkelt «Sarajevo, Bosnia 1996» i ein parentes. Dikta kretsar med andre ord rundt krig og fred, dei beveger seg att og fram i tid, assosiasjonane er uventa og treffande, og dikta tvingar i beste forstand fram nye refleksjonar og innsikt hos meg.

Til dømes var det nytt for meg at metaforar kunne gå på eit isfjell.

Synde­bukkane si forsvars­tale

Håkon Opdal med keeperhansker og bokomslaget til Den ellevte mann

Foto: NTB
  • Tittel: «Den ellevte mann» (2022)
  • Forfattar: Håkon Opdal
  • Sjanger: Sakprosa
  • Forlag: Vigmostad & Bjørke

Mi fotball­interesse er ikkje meir djupt­gåande enn at eg ærleg talt ikkje kjente til den nå pensjonerte keeperen Håkon Opdal. Som har feira store sigrar med laget Brann, og som spelte lands­kampar for Noreg på tidleg totusen­tal.

Men eg har vore på utkikk etter VM-lektyre, og Opdal kom meg til unnsetning med denne boka om fotball­keeperen sin kamp for å behalde nullen.

Opdal har ikkje vore i VM, men driv eit både psykologisk og litt filosofisk folke­opplysnings­prosjekt om kva det vil seie å vere keeper, nær sagt til alle tider. Og man tar seg i å lure på korleis nokre tør å ta ei oppgåve med så store utsikter til å bli sett på som syndebukk.

Ein bonus er boka sitt muntre forord av Dag Solstad, som jo sjølv har briljert med sine fem bøker frå fotball-VM, skrivne saman med Jon Michelet.

Til toppen

En illustrasjon av en tegneseriesol med solbriller og et smil. Solen har gule stråler rundt seg. Bildet har en gul bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

  • En person som sitter ute og leser en bok (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Siss Vik

    • Kven: Bokbrevet-profil.
    • Her les eg helst om sommaren: På eit svaberg på stranda. Med caps mot sol i auga og utsikt til havet.

Tause menn i storslege land­skap

  • Tittel: «John sønn av John» (2026)
  • Forfattar: Douglas Stuart (omsett av Hilde Stubhaug)
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Gyldendal

På øya Harris i Dei ytre Hebridane låser dei leike­stativa med kjetting på sabbaten, så barna ikkje skal ha noko anna å tenkje på enn Gud.

Dette strenge kalvinistiske miljøet er det Cal har reist ifrå for å studere kunst og mote i Glasgow. No må han reise heim fordi mor­mora er sjuk. Men korleis skal ein 22 år gamal homofil gut finne seg til rette i lands­bygda etter å ha smaka på den store verda?

Eg elska å lære om dette sær­eigne miljøet i dramatiske landskap, kor dei snakkar gælisk og mennene vev den verds­kjende Harris-tweeden. Den rapp­kjefta mor­mora frå Glasgow som forsøker å mekle mellom tagale menn er eit høgde­punkt.

Boka er ei kjærleiks­historie, men ikkje før heilt på slutten blir det klart mellom kven. Nemnde eg at Oprah Winfrey har valt «John son av John» til bok­klubben sin?

Gnistrande klassikar

  • Tittel: «Kvinnen og den svarte fuglen» (opprinneleg 1945, ny­utgitt i 2025)
  • Forfattar: Nini Roll Anker
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Aschehoug

Eg skjøner godt kvifor Aschehoug har valt å trykkje opp att denne klassikaren frå 1945, med eit vakkert omslag.

Nini Roll Anker leverte frå seg manuset i løyn­dom i et Noreg okkupert av nazistar, og boka handlar om tida før og under ein krig. Vi møter Bett som sit i ei fengsels­celle, men kvifor? Ho tek oss tilbake til tida ho valde å gifte seg ung med nabo­mannen, som får jobb på ein våpen­fabrikk.

Når dei får tre barn, to av dei søner, stridast foreldra om kva slags verdiar gutane skal oppdragast til. Skal dei bli gode soldatar eller fram­elska kunst og kreativitet?

Språket gnistrar og dilemma kjennest (diverre) aktuelle på nytt.

Storpolitisk strand­lesing

Forsiden på en bok med bilde av Jens Stoltenberg

Foto: Jorunn Hatling / NRK
  • Tittel: «På min vakt. Å lede Nato i krigstid» (2025)
  • Forfattar: Jens Stoltenberg
  • Sjanger: Sakprosa
  • Forlag: Gyldendal

Då Jens i 2014 blei spurt om å ta over rolla som general­sekretær i Nato, ringde han far sin, Thorvald, for å spørje om råd.

– Eg trur det kan bli veldig keisamt for deg, sa Pappa Stolten­berg. Han visste ikkje då at Donald Trump skulle bli president i USA, eller at Putin skulle invadere Ukraina.

Stoltenberg si memoar­bok frå tida i Nato er alt anna enn keisam. Lesaren får smyge seg med bak lukka dører inn i nokre av dei viktigaste diskusjonane i Natos sikrings­politikk. Samstundes krydrar historie­nerden Jens kapitla med fun facts om landa han besøker og artige anekdotar om verds­leiarar.

Super strandlesing!

Til toppen

En illustrasjon av en tegneseriesol med solbriller og et smil. Solen har gule stråler rundt seg. Bildet har en gul bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Treng du fleire tips, les Siss Vik sitt bokbrev om bøker frå Europa!

Høyr lydboka og «Leseklubben» sine diskusjonar om Astrid Lindgren sin klassikar «Brødrene Løvehjerte» i sommar:

Publisert 19.06.2026, kl. 15.46

Read Entire Article