Sommarferien er ei fin tid for å lese. Ikkje minst er det bra å lese saman!
Men kva skal vi lese?
Mangfald er eit tema ein finn att i mange norske barnebøker denne våren.
Vennskap blir utfordra og fellesskap snakka fram i ei tid der polariseringa grip om seg. At krigen kjem nærmare, kan ein også sjå i barnebøkene.
Men vent no litt, her er òg rom for undring, for latter – og ikkje minst for det som alle er opptekne av akkurat no: fotball!
Her kjem nokre tips til heilt nye bøker som kan passe for både små og litt større lesarar.
Boktipsa er sortert etter målgruppe – frå yngst til eldst.
1. Fangar verda
- Tittel: «God morgen»
- Forfattar: Joakim Kjørsvik
- Illustratør: Annette Saugestad Helland
- Passar for: 3–6 år
Verda er stor og innhaldsrik. Korleis kjennest det for ein liten kropp å skulle bli kjend med alle tinga, alt som rører seg, ja, alt som finst?
Joakim Kjørsvik gjer eit sympatisk forsøk i diktboka «God morgen».
Grepet med å helse på folk og dyr er ikkje originalt. Men Kjørsvik har sin måte:
Forfattaren startar med det heilt nære, som ein pysj eller ei tå, før han løfter blikket til noko så fjernt som månen – og til og med opnar for filosofiske funderingar.
Illustrasjonane til Annette Saugestad Helland konkretiserer teksta. Ho lar ein liten gut bli hovudperson gjennom heile boka.
Slik får lesarane nokon å identifisere seg med.
Utan å lage noko poeng ut av det lar illustratøren den vesle guten ta på seg eit par gule briller. Eg likar at brillene blir ein kvardagsleg ting, og eg likar symbolikken i at vi no får ta del i guten sitt blikk på verda.
Iblant snakkar Kjørsvik vel så mykje til den vaksne som skal lese, som til barnet som høyrer på. Han omtalar mora som «min fars sufflør» og skriv om ei tid som «er svunnen».
Det gjer ikkje så mykje.
Om ikkje barnet forstår alt, er det i alle fall mykje å snakke om, både for verdsvante vaksne og for den vesle som skal oppdage verda for fyrste gong.
2. Myldrande mangfald
- Tittel: «Bløte folk»
- Forfattar og illustratør: Kjersti Synneva Moen
- Passar for: 3–6 år
Det er laurdag, og Pelle og mamma skal til symjebassenget. Det er det beste Pelle veit. Men det er så uhorveleg mange folk der.
Kva skjer når Pelle og mamma kjem bort frå kvarandre?
Det er ikkje mange ord i denne rause og inkluderande boka. Fargar og folk er det desto meir av.
Kjersti Synneva Moen har laga ei varm myldrebok som både har ei heilt tydeleg, kronologisk historie, og som samstundes inviterer til skattejakt i bileta.
Idet eg tenkjer at det blir for mange visuelle inntrykk å bale med, roar Moen det heile ned med å sno ei raud vassklie som ein orm gjennom menneskemassen.
Tommel opp for ein illustratør som veit å avpasse verkemidla!
Ja, folk er rare. I alle fall er vi ulike – og unike. Og alle er like mykje verdt.
Det ligg stor omsorg for diversitet og likeverd i boka. Men framfor alt byr ho på ei spanande historie som lesarane ikkje blir ferdige med så raskt.
3. Alle kan noko
- Tittel: «Kåre og Marimba finn ein oppfinnar»
- Forfattar: Markus Lantto
- Illustratør: Camilla Kuhn
- Passar for: 6–9 år
Markus Lantto og Camilla Kuhn si andre bok om Kåre og Marimba er eit fyrverkeri. For den førre fekk dei Kulturdepartementet sin biletbokpris.
Kåre og Marimba trivst i lag trass i at dei har ulike interesser:
Artig formulering om den fotballen, spør du meg!
Denne gongen treffer venene ein vaskeekte oppfinnar. Han er i ferd med å lage ein heidundrande maskin som kan alt mogeleg.
Eller kan han eigentleg det?
Draumen lever i alle fall, både hjå barna og hjå denne fyren som ikkje akkurat var noko skulelys, men som til sist vinn pris for noko heilt anna enn teknisk og teoretisk talent.
Både tekst og illustrasjonar gir ei kjensle av noko fritt og vilt, fulle av kreativitet og energi som dei er.
Ja, denne boka kan stimulere fantasien hjå lesarane og vere eit vitne på at det meste er mogeleg, om ein berre held fast på draumane sine.
4. Trøyste og bere
- Tittel: «Johannes Jensen og krigen»
- Forfattar: Henrik Hovland
- Illustratør: Torill Kove
- Passar for: 6–9 år
At Johannes Jensen er ein krokodille som både kler seg og ter seg som eit menneske, er vi blitt vande til gjennom ei handfull bøker. At han dessutan er ein kjenslevar type med mange utfordringar i livet, veit vi også.
Redsla han kjenner på denne gongen, er av det slaget ein ikkje kan trene bort: Utan noko varsel blir han send i krigen som soldat.
I krigen må ein brått drepe, eller ein kan sjølv bli drepen.
Johannes Jensen skjuler seg i ei djup grop og nektar å skyte. Takk og lov blir han redda av den gode venen sin, Doktor Fjeld, som tar Johannes med seg til trøyste-og-bere-gruppa. Eller Saniteten, som ho også blir kalla.
Det er ikkje berre berre å skildre krig for barn. Eg meiner Hovland og Kove kjem godt ifrå det.
På den eine sida viser dei kor brutal krigen kan vere. På den andre sida får både Johannes og lesarane sjå at fienden er eit menneske som oss sjølv (i Kove sin poetiske strek er dei til og med krokodillar!).
Så sjølv om mangfald er eit poeng i mange barnebøker for tida, er også likskap og fellesskap verdiar Hovland understrekar.
Det trengst, ikkje minst i ei tid då fiendebilete florerer og angsten for dei framande skapar polarisering og hat.
Kan fort bli ein klassikar, denne.
5. Stang inn
- Tittel: «Historien om herrelandslaget»
- Forfattar og illustratør: Halvor Mjaugedal
- Passar for: 9–12 år
Her er ei faktabok som er midt i blinken for alle som fylgjer fotball-VM.
For korleis har eigentleg ballen rulla gjennom dei drygt 140 åra vi har hatt eit herrelandslag i fotball?
Halvor Mjaugedal er god på portrettlikskap og karikaturar. Så det er ikkje vanskeleg å kjenne att verken Haaland, Sørloth eller Ødegaard, eller sjølvaste Drillo for den del.
Han er kanskje ikkje så kjend for yngre generasjonar, men i denne boka spelar han ei hovudrolle, for her er heile historia rulla ut, frå 1885 og fram til VM-deltakinga i sommar.
Mjaugedal refererer kampresultat og teiknar miniportrett av spelarar og trenarar.
Nokre profilar trer ekstra tydeleg fram, som Asbjørn «Assi» Halvorsen. Han var ein av dei viktigaste personane på landslaget i 1920, 1930- og 1940-åra, både på og utanfor banen.
Underhaldande nok startar historia i svart-kvitt, før fargane gjer sitt inntog. Tekstene er korte og greie å lese – dette er ei lærerik og morosam bok, akkurat i rette tid.
6. Smart satire
- Tittel: «Robotministeren»
- Forfattar og illustratør: Arild Ørnholt
- Passar for: 9–12 år
Politisk satire for barn er ikkje kvardagskost. Men stundom dukkar det opp, og det skulle ikkje overraske meg om denne boka er starten på ein serie.
Nikki og Mia er dei late elevane i klassa. Men late og late – når dei spelar dataspel, er det full fart. Det er berre skule og lekser dei saboterer.
Lærar Pærefjord har temt alle dei andre elevane i klassa ved å dressere dei som hundar. Ho gir dei godbitar for å få dei til å gjere som ho vil.
Mia og Nikki bit ikkje på.
Når dei to venene brått får tilgang til den elektroniske kontrollen som styrer sjølvaste statsministeren (boka heiter ikkje «Robotministeren» utan grunn), vil dei ta hemn over læraren.
Korleis det går skal eg ikkje røpe.
Men etter kvart blir fleire moralske og høgst aktuelle dilemma kvervla opp.
Må ein politikar vere gøyal for å vinne folket, til dømes?
Og kva skjer når den som før ikkje har hatt makt, plutseleg har makta i sine eigne hender?
Om «Robotministeren» er noko ustrukturert og prega av å vere eit debutarbeid, er boka både underhaldande og lattervekkande.
7. Tittelen lyg
- Tittel: «Det kuleste fra Romerriket»
- Forfattar og illustratør: Martin Aas
- Passar for: 9–12 år
Eg skulle gjerne sagt at dette er ei fantastisk bok. For det er ho, på mange vis. Ho er berre for mykje, meiner eg.
Dette er ikkje det kulaste frå Romarriket. Det er alt frå Romarriket.
At forfattar og illustratør Martin Aas har ein særskild kjærleik for slag og krigar, det er tydeleg.
Visst var romarane stort sett i klinsj med naboar, men må han nemne alle kampane, alle storleikane på hærane eller alle kiloa med sølv og gull som blei overlevert av den tapande parten?
Mordet på Julius Cæsar, som jo er ei av dei mest kjende og dramatiske hendingane frå perioden, blir avfeia med eit par-tre setningar.
Når no innvendingane mine er bringa til torgs:
Aas ruller ut forteljinga kronologisk. Teikneserieruter alternerer med større teikningar og kart. Skalla, kjortelkledde senatorar går att på sidene, det same gjer forfattaren sjølv, som blir ein fysisk guide i vrimmelen.
Etter kvart kapittel gir han oss bonusmateriale, og både her og i framstillinga elles er det mykje å lære: om namna på månader, om ord og uttrykk som kjem frå Romartida, om statsforfatning og ulike variantar av demokrati, religion eller geografi.
Så ja: Denne boka vil treffe nerdegenet til mange barn og vaksnare lesarar også.
8. Vesle Frøken detektiv
- Tittel: «Pass dine eigne saker»
- Forfattar: Ingelin Røssland
- Passar for: 12–16 år
Farane ved sosiale medium er ramma for Ingelin Røssland si første bok på mange år. Boka har ho skrive etter ei idémyldring med 10.-klassingar ved Tysnes skule.
Så då er det vel nett slik ei spanande og ikkje så lite moralsk bok ungdommane vil ha?
Etter sommarferien gler Ida seg til å treffe att bestevenninna Pernille.
Men kva har skjedd?
Pernille har farga håret, bytta brillene ut med linser, og i staden for å vere med Ida som før, vil ho heller feste med dei sjølvopptekne hurpene i klassa.
Ho seier ho har sommarjobb med å hjelpe ei gammal dame, men det er løgn. I staden tener Pernille grovt på å selje brukte truser på nettet.
Ida får mistanke om at det ikkje berre er trusene som er til sals.
Forteljinga får ei dramatisk vending når Ida set seg føre å redde venninna ved å følgje i Nancy Drew sine handlekraftige fotspor.
«Pass dine eigne saker» er ei skikkeleg medrivande forteljing.
Her er såre draumar om å bli populær, vennskap som kollapsar og nye som varsamt blir vikla ut. Dialogen er god, og meldingsutvekslingar på mobil bryt opp teksta og gjer ho lett å lese.
Om ein erfaren lesar kan spore stereotypiske karakterteikningar, trur eg boka vil gå rett heim hjå målgruppa.
BONUS: Denne teikneserien vil få elleveåringen til å halde seg vaken om natta:
NRK opplyser: Forfattarane Arild Ørnholt og Martin Aas har jobba i NRK, men kritikar Anne Cathrine Straume har aldri møtt dei eller hatt kontakt med dei verken privat eller profesjonelt.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Nokre av dei verkeleg gode barnebøkene eg har lese i det siste er «Skogens hemmeligheter» av Anne Sverdrup-Thygeson og Nina Marie Andersen, og «Olav og bokstavene» av Tore Rem, Erlend Loe og Svein Nyhus. Her finn du fleire meldinger av barne- og ungdomsbøker.
God sommar!
Publisert 30.06.2026, kl. 10.22


















English (US)