Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_c0e22a4e72b67133d7f2989603622299, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Arrestert tre dagar etter at han blei fri - NorwayToday

Arrestert tre dagar etter at han blei fri

1 hour ago 4


Kilmar Ábrego García fekk tre dagar heime i Maryland saman med kone og tre barn før han blei arrestert av USAs immigrasjonsmyndigheiter (ICE) på nytt.

Han blei kjend i media i mars, då han blei feilaktig deportert til El-Salvador og plassert i det berykta Cecot-fengselet.

No vil amerikanske myndigheiter på nytt sende han ut av landet – denne gongen til Uganda, eit land Ábrego García ikkje har noka kopling til.

Uganda inngjekk nettopp ein avtale med USA om å ta imot deporterte migrantar, så lenge dei ikkje har kriminelt rulleblad eller er einslege mindreårige.

Kilmar Abrego Garcia attends a protest rally at the Immigration and Customs Enforcement field office in Baltimore, Monday, Aug. 25, 2025, to support Abrego Garcia. (AP Photo/Stephanie Scarbrough)

Amerikanske myndigheiter vil sende Kilmar Ábrego García til Uganda.

Foto: AP

Arrestert på nytt

Kort tid etter at Ábrego García vart sett fri på fredag, informerte ICE advokatane hans om at han ville bli deportert til Uganda og at han måtte møta hos dei på måndag.

Då Ábrego García møtte opp på måndag, vart han arrestert av ICE.

Berre minutt etter arrestasjonen, leverte advokatane hans eit søksmål der dei bad dommar Paula Winis om å be om at han blir sett fri og at utvisinga blir utsett, slik at han får moglegheit til å protestera mot å bli sendt til Uganda.

Dommaren bestemde at styresmaktene ikkje har lov til å senda Ábrego García ut av Amerika, og har no bede om ytterlegare skriftlege juridiske argument frå Justisdepartementet og Ábrego Garcías advokatar.

Ho planlegg også ei høyring med vitneforklaringar dei neste dagane, skriv CNN.

 Kilmar Abrego Garcia (R) and his wife Jennifer Vasquez Sura (L) attend a prayer vigil before he enters a U.S. Immigration and Customs Enforcement (ICE) field office on August 25, 2025 in Baltimore, Maryland. The U.S. Government is threatening to deport Garcia, a Maryland construction worker from El Salvador, to Uganda after he rejected a plea deal to be charged with Human Smuggling and deported to Costa Rica. Earlier this year, Garcia was wrongfully deported to a notorious anti-terrorism prison, CECOT, in El Salvador.   Anna Moneymaker/Getty Images/AFP (Photo by Anna Moneymaker / GETTY IMAGES NORTH AMERICA / Getty Images via AFP) Kilmar Abrego Garcia speaks during a rally and prayer vigil for him before he enters a U.S. Immigration and Customs Enforcement (ICE) field office on August 25, 2025 in Baltimore, Maryland. Three days after being released, Garcia has been detained again, as the U.S. Government is threatening to deport Garcia, a Maryland construction worker from El Salvador, to Uganda after he rejected a plea deal to be charged with Human Smuggling and deported to Costa Rica. Earlier this year Garcia was wrongfully deported to the notorious anti-terrorism prison CECOT in El Salvador.   Andrew Harnik/Getty Images/AFP (Photo by Andrew Harnik / GETTY IMAGES NORTH AMERICA / Getty Images via AFP)

Kilmar Ábrego García taler under ein demonstrasjon for han før han går inn til eit møte med ICE.

AFP

Ansikt utad

Ábrego García blei sjølve ansiktet på president Donald Trumps kamp mot innvandring då han i mars blei deportert til det berykta Cecot-fengselet i El-Salvador utan rettsak.

Trump-administrasjonen framstiller han som eit medlem av den salvadoralske gjengen MS-13 og ein menneskesmuglar.

Advokatane hans framstiller han som ein familiemann og byggearbeidar, og meiner myndigheitene deporterte han tilfeldig og deretter tok ut tiltale for å dekke over feilen.

Ábrego García vaks opp i El-Salvador, og flykta til USA som 16-åring fordi ein lokal gjeng utpressa og terroriserte familien hans. Han drog til Maryland, der broren hans budde.

Kilmar Abrego Garcia walks, as he has been released from the Putnam County Jail in Cookville, Tennessee, U.S., August 22, 2025. REUTERS/Seth Herald

Her vart Ábrego García sett fri på fredag.

Foto: Reuters

Broren har amerikanske statsborgarskap, men Ábrego García fekk ikkje godkjenning til å bli.

Sidan har han jobba i byggebransjen, blitt sambuar og forlova, stefar og snart pappa. I 2019 blei han arrestert av lokalt politi utanfor ein Home Depot. Dei mistenkte at han var ein del av MS-13-gjengen, basert på kleda hans og informasjon frå ein informant, ifølge rettsdokument.

Ábrego García søkte så om opphaldsløyve, noko han ikkje fekk. Han fekk imidlartid beskyttelse mot å bli deportert til El-Salvador fordi dommaren fann at han hadde rettmessig frykt for å bli forfølgt av gjengar der.

Jennifer Vasquez Sura, center, wife of Kilmar Abrego Garcia, leaves the federal courthouse in Nashville, Tenn., Wednesday, July 16, 2025. (AP Photo/George Walker IV)

Kona til Kilmar Ábrego García, Jennifer Vasquez Sura.

Foto: AP

Større kampanje

Trump gjekk til val på å bekjempe ulovleg innvandring til USA og løfte om massedeportasjonar.

Trumps tilhengarar rosar kampanjen, medan fleire rettsekspertar og menneskerettsadvokatar kritiserer han for å bryte med internasjonal lov.

Då administrasjonen sendte 238 venezuelanske migrantar til Cecot-fengselet i starten av april, var det utan noka rettsak. Det ville «utan å overdrive ta over 200 år» sa Trump.

Dei færraste av dei 238 hadde kriminelt rulleblad, ifølge CBS News.

Forholda i Cecot er så harde at El-Salvadors justisminister tidlegare har sagt at den einaste måten ein forlet fengselet på, er i ei kiste.

Ifølge amerikansk lov kan udokumenterte innvandrarar blir deporterte, som regel til heimlandet eller eventuelt eit land dei har hatt fast bopel i. Om ikkje det går, kan dei bli deporterte til eit land som er villig til å dei imot.

Publisert 25.08.2025, kl. 22.49

Read Entire Article