Dei ti mest populære middagane i Noreg

3 days ago 7


Middagen er klar!

Når vi snakkar om norsk mat, tenker nok mange på tradisjonelle rettar som kjøtkaker, fårikål, lapskaus, raspeball og lutefisk.

Men kva et vi mest av i 2025?

Gjennom to store landsdekkande undersøkingar har marknadsundersøkingsselskapet Ipsos funne ut alt vi treng å vite om kva Ola og Kari Nordmann et til middag.

I dette høvet har vi invitert med Kari Nordmann, i form av komikar og skodespelar Kristine Grændsen (32), til Eidsvoll og ein av Noregs norskaste restaurantar:

Nebbenes Kro ved E6.

Kokk Morten Østnor utanfor Nebbenes kro nord.

DAGENS KOKK: Morten Østnor utanfor Nebbenes Kro Nord. Kroa ligg ca. 2 km unna Eidsvollsbygningen, Noregs norskaste hus.

Foto: Nebbenes kroer

Her skal ho ete seg gjennom dei ti mest populære middagsrettane i Noreg, 2025.

Så kva er eigentleg vår mest populære middagsrett? Og vil Kristine klare å konsumere ti måltid på rad?

titall

Kjøtkake

en kvinne som spiser kjøttkaker

Foto: Xin Li / NRK

Eg liker jo kjøtkaker, men lagar det sjeldan. Eg fekk det hos farmor og får det ofte servert heime, seier Kristine medan ho fortærer dagens første måltid.

Kristines forhold til kjøtkaker er representativ for det norske folk.

Den tradisjonsrike retten er framleis populær; i løpet av ei veke har 10 prosent av Noregs befolkning ete kjøtkaker. Men om vi ser nærmare på tala, ser vi ei kake i fritt fall.

en tallerken med kjøttkaker

Foto: Xin Li / NRK

Kjøtkakas venner har nemleg ei tydeleg overvekt av personar over 55 år. Nesten dobbelt så mange i denne aldersgruppa et kjøtkaker regelmessig i forhold til dei mellom 20 og 35 år.

nitall

Fiskekake

en tallerken med fiskekaker. En person heller smeltet smør over retten.

Foto: Xin Li / NRK

Vi et alltid fiskekaker på sommaren, da tek vi båt til ein fiskebutikk ved sjøen og kjøper reker og fiskekaker, seier Kristine.

Fiskekakene er ytterkantane sin matrett i Noreg. Han er populær hos dei eldste, men også hos dei aller yngste. Retten er difor ein gjengangar i barnefamiliar.

Men for Kristines del er det ikkje sjølve fiskekakene som gjer sterkast inntrykk i dag.

Potet! Eg elskar potet! Ofte vel eg middag ut ifrå kva slags poteter dei serverer til retten, forklarer Kristine medan fisk og potetbitar sprutar ut av munnen hennar.

en person med en tallerken med mat

Foto: Xin Li / NRK

Poteta har vore eit av Noregs viktigaste nasjonalsymbol, ei plante folket har samla seg rundt i tronge tider. Så viktig har poteta vore, at landet vårt har blitt kalla for «pottitlandet».

Men dette var før, i gode, gamle dagar.

I 1989 svarte 42 prosent at dei åt kokte poteter kvar dag. Sidan har pila berre peika ein veg for poteta: nedover. I 2023 var talet nede på 4 prosent.

Det finst likevel lyspunkt i potetas tragiske skjebne. I 2025 ser vi nemleg ein liten auke i nordmenns potetkonsum. Ifølge seniorkonsulent John Spilling i Ipsos er dette oppsiktsvekkande.

For første gong på 30–40 år ser vi ein auke av middagar med poteter. Det kan vere eit blaff, men det blir interessant å følgje med på vidare. Poteter er billeg. Med høge matvareprisar kan det ha ein samanheng, seier Spilling.

åttetall

Brødskive

en person som holder to brødskiver. Hun ser glad ut.

Foto: Xin Li / NRK

Brødmat til middag er heilt nydeleg. Eg jobbar ofte på kvelden, og da er det så enkelt å ha med seg matpakke, seier Kristine.

Ja, brødskiver er faktisk Noregs åttande mest populære middag. Dette er retten for dei einsame; to av tre brødskivemiddagar blir etne aleine.

en tallerken med en brødskive. Det er ost og skinke på.

Foto: Xin Li / NRK

Seks av ti et brødskiver fordi dei ønskjer noko raskt og enkelt, ofte på grunn av dårleg tid i kvardagen.

Det er også verdt å merke seg at denne retten er mest populær hos kvinner. 13 prosent kvinner mot 10 prosent menn et brødskive til middag i løpet av veka.

Kan det vere at mange menn ikkje vil akseptere brødskive som middag?

en person som spiser en brødskive og ser på et portrett av kongen.

Foto: Xin Li / NRK

sjutall

Laks

En tallerken med laks og tilbehør

Foto: Xin Li / NRK

Da eg var liten, var raud torsk, som eg kalla det, med mosa poteter og smelta smør, min favorittmat, seier Kristine og mimrar tilbake til barndomen.

Vesle Noreg er faktisk verdas største eksportør av sjømat. Da skulle det kanskje berre mangle at vi også et ein del fisk her heime?

Og det gjer vi jo også ... på ein måte. Ein av fem nordmenn et laks minst ein gong i veka. (Om vi berre ser på kvinnene, er konsumet enda høgare.) Men ifølge seniorkonsulent John Spilling kviler det mørke skyer i horisonten.

en kvinne med en porsjon laks. Hun tar en slurk av et. vannglass.

Foto: Xin Li / NRK

For åtte–ti år sidan gjekk laks så det grein i Noreg. Sidan har laks og fisk generelt gått ned med 3–4 prosent, seier Spilling.

Han forklarer noko av nedgangen med at fisk i all hovudsak er ein kvardagsrett for nordmenn, med tysdag som den soleklart største fiskedagen.

Frå måndag til torsdag vil vi ha billeg og sunn kvardagsmat, aller helst fisk. Men sidan lakseprisane blir styrt av den globale marknaden, har fisken blitt frykteleg dyr, og da vinn billegare mat over dyrare mat.

Interessa for den raude fisken kan nok også ha blitt påverka av kontroversane rundt oppdrettslaksen. Ifølge ei undersøking gjord av NRK i 2024 sa 37 prosent at dei hadde blitt meir negative til oppdrettslaksen den siste tida.

sekstall

Lasagne

Kristine Grændsen med lasagne

Foto: Xin Li / NRK

– Eg elskar lasagne. Det lagar eg faktisk ein del av, som regel i store batchar, slik at eg har til lunsj og middag i fleire dagar framover, seier Kristine og lepjar i seg ein lasagnebit.

Nok ein gong viser Kristine seg å vere den perfekte Kari Nordmann, for lasagne er den store restemiddagen i Noreg. Middagen blir eten jamt over heile veka og er spesielt populær blant unge og barnefamiliar.

Lasagnens popularitet viser også at noko er i ferd med å forandre seg i landet vårt.

Den norske matkulturen er ikkje lenger norsk, seier John Spilling.

en tallerken med lasagne

Foto: Xin Li / NRK

Sidan ca. 2020 har nemleg det norske kjøkkenet først og fremst vore italiensk. Heile 17 prosent av alle middagar vi et, kjem frå det italienske kjøkkenet. Vi ser også at både amerikansk og meksikansk mat pustar «den norske middagen» i nakken.

Repertoaret vårt har blitt mykje breiare. Vi et mat frå mange fleire matkulturar enn kva vi gjorde for nokre få år sidan, seier Spilling.

femtall

Hamburgar

en kvinne som holder en burger. Hun tar en stor bit av den.

Foto: Xin Li / NRK

Burgar kan vere veldig godt dagen derpå, med milkshake og pommes frites. Men han må ikkje vere for stor! Det er så slitsamt med burgarar som eg ikkje kan halde med ei hand, seier Kristine og deler raust med Nebbenes Kros utstoppa gaupe.

en person som holder en burger. Hun "mater" en utstoppet gaupe med den.

Foto: Xin Li / NRK

Hamburgaren har hatt ein kraftig vekst i Noreg dei siste åra. Retten er spesielt populær blant menn, og 43 prosent av alle burgarane blir etne «ute», i all hovudsak på bensinstasjonar, storkioskar, McDonalds, Burger King og liknande.

Denne middagsretten er også tydeleg «ungdomsmat». Nesten dobbelt så mange i aldersgruppa 20 til 35 år et hamburgar regelmessig i forhold til dei over 55 år.

en tallerken med burger og pommes frites

Foto: Xin Li / NRK

Ein annan interessant faktor med hamburgaren er at han blir eten nesten dobbelt så ofte av folk i Sør-Noreg, samanlikna med folk i Midt- og Nord-Noreg. Ei mogleg forklaring her kan vere tilgangen på fastfood-restaurantar.

I Midt- og Nord-Noreg finst det til saman berre 29 Burger King- og McDonalds-restaurantar.

I Sør-Noreg: 168.

firetall

Pasta

en tallerken med spaghetti bolognese

Foto: Xin Li / NRK

Det skal så utruleg lite til for at pasta blir godt, seier Kristine før ho slurpar i seg store mengder spagetti.

Pasta er ein av dei verkeleg store klatrarane på den norske middagslista. I løpet av ei veke et ca. halvparten av det norske folk pasta til middag.

Frå måndag til torsdag er det vår aller mest populære matrett.

en kvinne som spiser spaghetti bolognese. Hun ser rett inn i kamera og har pasta i munnen.

Foto: Xin Li / NRK

Og når vi snakkar om pasta, snakkar vi i all hovudsak om dei to mest populære rettane: bolognese og carbonara.

Mange lagar også pasta utan kjøt eller fisk, men ifølge Ipsos har vi sett ein kraftig nedgang for vegetarmat.

– Vegetartrenden sprakk. Sidan rekordåret 2019 har vi sett ein kraftig nedgang, særleg hos ungdomen, seier John Spilling.

Men nordmenn er framleis interessert i «sunn mat», altså. I alle fall seier vi det. Samtidig har det i løpet av dei siste seks åra blitt mindre viktig for oss at maten har lite sukker og lite feitt, at han er merkt med nøkkelhol eller at han har lite salt.

en mann som holder en panne med spaghetti.

Foto: Xin Li / NRK

Forresten er ikkje miljøet heller så viktig for oss lenger. Vi bryr oss mindre om miljøvennleg emballasje og miljøvennleg produsert mat.

tretall

Taco

en person som sitter ved et bord med mat på. Hun spiser tacokjøtt fra et lite tortillachips.

Foto: Xin Li / NRK

No begynner eg å kjenne det, seier Kristine og tar seg til magen, den universelle handrørsla for å vise mettheit.

Og det skulle berre mangle. Fordøyingssystemet hennar er allereie stappfullt av norske middagsfavorittar. Kristine deler heller ikkje nordmenns begeistring for dagens neste rett.

Nei, taco er på ingen måte min livrett, men eg må jo ete han heile tida, da, på hytteturar, filmkveldar og andre sosiale lag.

76 prosent av det norske folk et taco regelmessig. Eg gjentar: 76 prosent! Halvparten av desse middagane blir etne på fredagar. Laurdagar er også ein stor tacodag. Resten av vekedagane et nesten ingen taco.

Et bord med taco

Foto: Xin Li / NRK

Fredagstacoen har blitt ei søyle i den norske kulturen. Retten vaks jamt i popularitet sidan starten av 1990-talet og har dei siste åra stabilisert seg på eit høgt nivå. Det er kanskje verdt å spørje seg kvifor? Kvifor et vi nordmenn så ekstremt mykje taco?

I Ipsos’ undersøking svarer 41 prosent at dei lagar retten fordi ungane likar han så godt.

totall

Kylling

en person som spiser et kyllinglår

Foto: Xin Li / NRK

Eg merkar at eg ikkje har den same entusiasmen lenger. Hadde eg vore svolten, hadde eg sikkert blitt gladare, for dette er jo ein godt steikt kylling, seier Kristine og gnafsar på eit kyllinglår.

Men stopp ein hal. «Kylling» kva slags middagsrett er eigentleg dette?

John Spilling i Ipsos er klar over at dette er ein litt diffus rett, men når det norske folk svarte kva dei åt til middag i 2025, svarte svært mange berre «kylling». Evt. svarte dei «kylling med ditt» eller «kylling med datt». Som oftast ris, salat eller grønsaker.

Dette er altså ikkje medrekna kyllingrettar som har eit anna etablert namn, som til dømes kyllinggryte, kyllingsuppe eller cæsarsalat.

en tallerken med kyllinglår og ris

Foto: Xin Li / NRK

Om vi tar med alle rettane som har kylling som hovudingrediens, så er kylling vår desidert mest populære middagsrett, seier John Spilling.

Poenget er uansett klart:

Kylling er i kraftig vekst.

Fuglens enorme popularitet kan ha ein samanheng med at nordmenn har blitt heilt gale etter å bygge musklar dei siste åra.

– Spesielt ungdom har fått eit veldig stort fokus på protein. Dette kan også vere ein av grunnane til at interessa for vegetarmat har gått kraftig ned, seier John Spilling.

ettall

Pizza

en kvinne som spiser pizza

Foto: Xin Li / NRK

Åhhh, seier Kristine.

Ho er sliten no, den 32 år gamle kvinna frå Lillehammer. Kvalm er ho også, uvel – og kanskje litt bleik?

– Åhhhhhhhh, seier ho igjen, nærmast gråtkvelt.

Vi er framme ved dagens siste måltid, Noregs mest populære middag over fleire år: pizza.

Eg likar både «trashy» pizza og veldig god pizza, men det må vere anten-eller. Eg føler meg ferdig med «heilt grei» pizza. Altså take-away-pizza som ikkje er kjent for å vere spesielt god.

Pustepause ...

Når eg er trist og lei, et eg helst frosenpizza, forklarer Kristine medan ho motlaust suttar på eit pizzastykke.

Nordmenn et mest pizza på laurdagar, da er nesten 1 av 6 middagsmåltid i landet ein pizza. Retten er også populær gjennom heile veka. Men:

Det er stor skilnad på helge- og kvardagspizza. Frå måndag til torsdag er nesten halvparten av pizzaane vi et, frosenpizza. I helga er det mykje meir heimelaga, forklarer John Spilling.

en person sitter ved siden av et par pizzaer

Foto: Xin Li / NRK

Kristine ligg som eit slakt over bordet i kjellaren på Nebbenes Kro. Ho har klart det nesten ingen trudde ho skulle klare. Ho har ete seg gjennom Noregs ti mest populære middagsrettar, som stort sett ikkje er så veldig norske, men som kanskje er det likevel?

For det er jo denne maten vi nordmenn et.

Det er desse middagane vi gaflar i oss i dei tusen heimar. Frå Nordkapp til Lindesnes, i helg og kvardag, aleine eller med familie og vennar, med god tid eller i eit rasande hastverk mellom jobb, skule og ymse fritidsaktivitetar.

Snart skal Kristine kave seg opp trappa, krabbe ut døra og fortsette ferda i sitt norske liv.

Men først ein liten middagskvil.

Skuespiller Kristine Grændsen ligger over et bord. Hun blunker til kamera, og på bordet ligger det brukte tallerkner.

Foto: Xin Li / NRK

Kva slags rett frå topp 10 er din favoritt?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Hei!

Vi et middag, men send oss gjerne ein e-post om de har innspel, tankar og følelsar kring denne saka, så les vi ved første høve!

Publisert 10.08.2025, kl. 20.05

Read Entire Article