Det tok lang tid før Eline Kulstad-Torneus som ungdom klarte å spele fotball utan frykt. Utan å tenkje på konsekvensane på kva som ville skje om ho skulle tape ballen.
Den indre dialogen til den tidlegare toppseriespelaren var berre basert på at vi må score, vi må vinne, vi må ikkje sleppe inn mål. For då tapar vi.
På eit sommarstille Ullevaal stadion fortel landslagstrenaren at ho nå har fått ein heilt annan mentalitet.
Alt blei lettare da ho klarte å skifte mentalitet og såg på utvikling framfor resultat.
Det er noko av det viktigaste ho har teke med seg inn i karrieren som trenar.
– Når eg snakkar med utøvarane mine er eg alltid ute etter utviklinga deira. Så lenge eg seier alt med kjærleik, så gjer det noko med dynamikken i samtalen. Ein fotballspelar presterer ikkje om ho ikkje er trygg, seier trenaren frå Skjervøy i Troms.
– Den tryggheita hadde eg vel aldri, legg ho til.

Som spelar spelte Eline Kulstad-Torneus for Fløya og Røa i Toppserien. Ho starta trenarkarrieren som spelande trenar i Fløya, og har også trent herrelaget Skjervøy i 3. divisjon. (Foto: Kristian Moe)
Statisk mentalitet kan gi mangel på læring
Ny forsking frå Norges idrettshøgskole (NIH) viser at ein av fem norske trenarar har ein statisk mentalitet.
Desse trenarane trur i større grad at ein kan identifisere talent i tidleg alder, og at talentet har stor betydning for kor gode dei kan bli i idretten.

– Trenaren vil alltid vere ansvarleg for læringskulturen i ei gruppe. Viss den er prega av ein statisk mentalitet, kan utøvarane potensielt vere redde for å gjere feil, seier Dag André Nilsen ved Universitet i Innlandet.
– Trenaren vil alltid vere ansvarleg for læringskulturen i ei gruppe. Viss den er prega av ein statisk mentalitet, kan utøvarane potensielt vere redde for å gjere feil. Det kan i fyrste omgang føre til mangel på læring, fordi ein heile tida unngår å gjere vanskelege oppgåver, seier Nilsen.
Dei merkar at dei ikkje har det treneren anerkjenner og ser etter på treningsfeltet.
Hovudfunna i studien
- Ein av fem trenarar (19,6 prosent) i norsk idrett rapporterer om ein statisk mentalitet og trur at talent i hovudsak er medfødd.
- Omtrent to av tre trenarar (67 prosent) har ein uavklart mentalitet. Dei kan bikke begge vegar, avhengig av miljøet rundt seg.
- Trenarar frå friidrett, fotball og gym og turn, rapporterte i større grad om statisk mentalitet enn trenarar frå handball.
- Eldre trenarar og trenarar som ikkje er fødd i Noreg rapporterte i større grad om statisk mentalitet enn trenarar frå Noreg og yngre trenarar.
- Ein av fem trenarar (20 prosent) meiner ein kan identifisere talent før 12-årsalderen.
- Store forskjellar mellom idrettar på når trenarar meiner ein kan identifisere talent. Trenarar frå fotball, gym og turn og symjing meiner ein kan identifisere talent tidlegare enn trenarar frå friidrett, handball og ski.
Mange med statisk mentalitet i fotball
Forskaren meiner trenarens mentalitet har mykje å seie for både prestasjon og trivsel i ei gruppe.
– Viss ein trenar meiner å kunne identifisere dei som kan bli gode i ung alder, anerkjenner det å slå og overvinne andre utøvarar, og ser på det som viktig og gir ros for det, meiner vi at det bidrar til eit meir resultatorientert treningsmiljø.
Ein trenar med ein vekstmentalitet vil heller gje tilbakemelding på kva den enkelte utviklar og får til av ferdigheitsutvikling i idretten.
– For eksempel tilbakemeldingar om skot eller ein pasning i fotball, forklarar Nilsen.
Ifølgje kartlegginga er fotball ein av idrettane som har ein høg andel trenarar med ein statisk mentalitet.
Hypotesa til Nilsen er at mentaliteten i idretten er påverka av internasjonal idrett, talentidentifisering og treningskultur.
I enkelte idrettar og land er hovedmålet med å delta i idrett å identifisere talent i ung alder for å kunne trene desse til internasjonal suksess og gull i VM og OL. Dette kan vere idrettar der gjennomsnittsalderen på deltakarane i meisterskap er låg, som i turn.
I fotball kan mange norske trenarar vere påverka av middelhavsmodellen. Der handlar det om å identifisere dei beste tidleg for at dei skal få eit ekstra godt tilbod i en stadig mer profesjonalisert idrett.
Statisk mentalitet og vekstmentalitet
Professor Carol Dweck med kollegaer har dokumentert at den enkeltes tru på ferdigheiter og eigenskapar viser seg gjennom ein grunnleggjande mentalitet, enten statisk mentalitet eller vekstmentalitet.
Den enkeltes mentalitet er av stor betydning for korleis ein oppgåve blir vurdert, løyst og evaluert.
Dei med vekstmentalitet legg ned større innsats og er meir tolmodige, handsamar feil og motstand på ein betre måte, og utviklar i større grad positive strategiar for læring og utvikling.
– Det blir ei fryktbasert utvikling
På Ullevaal stadion fortel Eline Kulstad-Torneus om opplevingar med landets neste fotballstjerner som tok EM-sølv tidlegare i sommar.

Eline Kulstad-Torneus meiner sjølv ho har ein tydeleg vekst-mentalitet. Likevel kjenner ho at den blir utfordra i mange situasjonar som trenar. (Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)
Ein spelar hadde ikkje vore innom landslagssystemet sidan ein talentleir i 2022. I sommar var ho tilbake blant dei beste. Mot alle odds.
Kulstad-Torneus meiner spelaren sjølv har ein vekstmentalitet, men har blitt møtt med trenarar med statisk mentalitet. Dei har ikkje gitt tilbakemeldingane ho har trengt.
– Ho er eit klart unnatak. Eg veit om mange med liknande historie som har slutta.
36-åringen tok over som landslagstrenar for J15-17 i vinter, og førte nyleg J-17-landslaget til EM-finale og sølvmedaljar.
Ho kom frå jobben som utviklingssjef i Vålerenga, og er langt frå overraska over at så mange fotballtrenarar har eit statisk tankesett.
– Det synest eg er frykteleg synd. Min oppfatning er at viss du har ein statisk mentalitet, så klarer du ikkje å legge til rette for ei trygg utvikling for spelarane. Det blir ei meir fryktbasert utvikling, seier Kulstad-Torneus.
For henne handlar det om motivasjon til å utvikle seg vidare. Og om å ta vare på dei som ikkje er best som barn og ungdom, men som kanskje likevel kan nå langt.
Det er nok mange trenarar som har bidratt til at spelarar sluttar altfor tidleg, meiner ho. Når du veke etter veke ikkje får spele kamp, til dømes.
– Det er slik vi tar livet av motivasjonen til spelarane våre. Vi gir dei aldri moglegheita, og dei får aldri tida til å tilpasse seg til omstendigheitene rundt kampen, seier trenaren.
Skummelt at trenarar er kyniske i laguttak for 12-åringar
Ho er tydeleg ein trenar som ikkje meiner at talentet er medfødd, men at det er noko ein kan utvikle.
– At vi begynner å vere såpass kyniske på laguttak nede i 12-årsalderen synest eg er skummelt. Det er umogleg for oss å vite kven som kjem til å bli best, og kven som klarer å stå i løpet og vere med heile vegen. Eg har ikkje sjanse til å seie kven av dei jentene eg trenar som ender opp med å bli best til slutt, seier ho.
Sjølv har ho klare verdiar ho fylgjer som trenar. Likevel veit ho at det er situasjonar der verdiane hennar blir sett på prøve.
Det er viktige kampar som må bli avgjort for å nå eit sluttspel eller gå vidare i turneringar.
Spelarar som kanskje hadde godt av å spele meir for si eigen utvikling, blir tatt av banen.
– I avgjerande minutt av ein kamp kan det vere vanskeleg å hugse på. Vala ein tek undervegs er ikkje bestandig i tråd med vekstmentalitet. Men det viktigaste for meg er at refleksjonane og samtalane eg har med spelarane i etterkant, skjer med vekstmentalitet.

Kulstad-Torneus trur mange trenarar i barne- og ungdomsfotballen favoriserer spelarar dei ser på som talentfulle i 12-13-årsalderen, men at vala ofte er ubevisste. Dei mindre talentfulle får spele mindre eller blir sett på B-lag. (Foto: Colourbox)
Kan du endre mentaliteten din?
Forskar Dag André Nilsen vil anbefale trenarar i Noreg å vere bevisste og fleksible på kva mentalitet ein har.
– Vi trur at trenarar som har vekstmentalitet i større grad klarer å vere fleksible på kva slags mål dei har, som grunnlag for deira val i den enkelte situasjon. Dei kan sjå verdien av å vinne ein kamp, det er jo ikkje noko gale i det, seier Nilsen.
Mykje idrett handlar jo om tap og vinn.
– Men om det blir tap ser dei at læringa ikkje ligg i den statiske mentaliteten, men i at dei klarer å skifte tilbake til vekstmentalitet og fokusere på det dei kan gjere noko med, seier forskaren.
Alle er fødd med ein form for tendens i sin mentalitet. Den blir forma gjennom livet og oppveksten. Men er det mogleg å endre den i vaksen alder?
Som ein del av doktorgradsprosjektet sitt gjennomførte Dag André Nilsen også eit forsøk der dei fylgde trenarar på ei trenarutdanning frå dei starta til halvanna år etter.
Mentaliteten deira blei målt både før dei starta studia, undervegs og etter at dei var i gang som trenarar.
Funna viste at det er mogleg å endre mentalitet.
– Fleire av trenarane fortalde at dei bevega seg frå å vere instruktør til å bli rettleiarar i utøvaranes utvikling. Dei gjekk frå å sjå på seg sjølv som nokon som skulle overføre sin eigen kunnskap, til ein som skal guide utøvarane i treningskvardagen og gje dei meistring på sitt nivå.

Eldre trenarar og trenarar med utanlandsk opphav har meir statisk mentalitet, viste kartlegginga. (Foto: Norges idrettshøgskole)
Still deg sjølv spørsmål
Det fyrste steget ligg i å vere bevisst på kva situasjonar du som trenar har statisk mentalitet og når du har vekstmentalitet, meiner forskaren.
Spør deg sjølv om korleis du vurderer utøvarane dine. Meiner du at nokon av dei har noko som er medfødd, som er grunnen til at dei lykkast?
Eller tenkjer du at alle har medfødde ferdigheiter, men at det handlar om å utvikle dei, og at det er årsaka til at nokon når lengre enn andre?
– Still deg spørsmål som: Kva vektlegg eg som trenar? Kva gjer eg på treningsfeltet for at utøvarane skal oppleve at eg anerkjenner læring og utvikling, og at det er viktig for meg som trenar? seier Nilsen.
Utøvarane treng å oppleve at dei er verdifulle sjølv om de ikkje får til ein oppgåve her og no. Eller at de gjer ein feil som får konsekvens for den enkelte eller for laget.
Spør også deg sjølv om kva det er som gir deg energi som trenar, og om det er noko du er redd for. Korleis ser du på innsats, andre sin suksess og møte med utfordringar?
Nilsen meiner det er klassiske trigger-situasjonar der du får testa din eigen mentalitet.
Ekstra viktig for barne- og ungdomstrenarar
Som barne- og ungdomstrenar har du eit spesielt ansvar, meiner han. Hjernen er nemleg på sitt mest sårbare og formbare i barne- og ungdomsåra.
– Kva du anerkjenner og kva for strategiar du vel, vil prege dei resten av livet, seier Nilsen.
Kulstad-Torneus meiner utøvarar som veks opp i idretten med ein trenar med ein vekstmentalitet, får nytte av det også utanfor idrettsarenaen.
– Det strekk seg så forbanna langt utanfor idretten, seier ho engasjert.
Når ungdomane kjem ut i arbeidslivet og skal ta val sjølv, har dei ein heilt annan ballast å kome inn med.
– Viss vi da har lagt til rette for at dei er med på å ta val om si eiga utvikling, og ikkje tar alle vala for dei og spelar PlayStation med dei på sidelinja, fordi vi er besatt av resultatet. Då legg vi ikkje noko godt grunnlag, seier ho.
Referansar:
Dag André Nilsen mfl.: Part I of a two-step mixed-methods approach in developing the Growth Talent Mindsets for Sports Coaches Intervention: The design and targeting of the intervention. Journal of Applied Sport Psychology, 2025. Doi.org/10.1080/10413200.2024.2361692
Dag André Nilsen mfl.: Part II of a two-step mixed-methods approach in developing the Growth Talent Mindsets for Sports Coaches Intervention 2.0: The coaches’ perceptions of delivery and possible psychological processes of change. Journal of Applied Sport Psychology, 2025. Doi.org/10.1080/10413200.2024.2370797
Om studien
- Kartlegginga er gjort i samarbeid med Universitet i Innlandet og Norges idrettsforbund.
- Nesten 6000 trenarar deltok i kartlegginga gjennom å svare på spørreskjema.
- Studien har sett spesielt på trenarar frå dei store særforbunda, som hadde over 100 trenarar med i kartlegginga.
- Totalt 3830 trenarer blei inkludert frå fotball, handball, ski, symjing, gym og turn.
- Trenarar på alle nivå, frå breiddetrenaren i barne- og ungdomsidretten, til topptrenarar i dei ulike forbunda var med.