Helge vågar seg sjeldan på bussen. – Forvirrande for folk som meg

6 hours ago 1


Helge Birkeland (62) har fått ei oppgåve; ta kollektivtransport den korte turen til terminalen Lagunen i Bergen.

For dei aller fleste ei enkel oppgåve. Men for Helge har alt blitt meir vanskeleg etter at han fekk diagnosen Alzheimers for tre år sidan.

På kva side av vegen er det riktige buss-stoppet?

Korleis finn han den riktige avgangen i tabellane som er oppslått i venteskuret?

Korleis kjøper han billett i appen?

– Eg roter mykje. Og så er eg redd for å hamne ein stad eg ikkje veit kvar er. Eller at eg ikkje klarer å forklare kva eg skal. Det vert som regel til at eg berre blir heime, forklarer økonomen.

Skyss, Fare for kollektiv Streik Buss og Bybane i Bergen 2022

Skyss, kollektivselskapet i Vestland, har fokus på å legge til rette betre for dei med ein demensdiagnose.

Foto: Brynjar Myrtveit Osgjerd

Dårleg tilrettelagt for dei med demens

På denne turen med buss og bybane har Birkeland følge med Anja Fleten Nielsen.

Ho er forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI) og har teke slike turar mange gongar det siste året, for å sjå kva menneske med demens slit med i kollektivtrafikken.

Nielsen konkluderer i ein fersk rapport med at somme utfordringar går att.

– Veldig mange slit med at informasjonen er uoversiktleg. Det er mange tal og tidspunkt. Særleg er det vanskeleg å orientere seg i digitale flater, som i appar eller billettautomatar, seier Nielsen.

På Sandslimarka skal Birkeland og Nielsen byte frå buss til bane. Men Helge er usikker på kva side av sporet dei skal på.

Han trur det er på andre sida. Men forskaren får rettleia han til riktig stopp.

– Der hadde eg hamna på feil stad om eg hadde vore åleine, seier Birkeland.

– Eit typisk problem som kunne ha vore unngått med enkel skilting av kva retning som er mot sentrum, konkluderer transportforskaren.

en mann og kvinne som går ut av et tog

Ved hjelp av forskar Anja Fleten Nielsen er Birkeland trygg på at han er på veg i rett retning.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Stor gevinst av betre tilrettelegging

Nielsen seier det ikkje skal så mykje til for at mange fleire skal kunne kjenne seg trygge nok til å reise på eiga hand.

Det må bli meir tydeleg skilting, enklare billett-løysonger og eit menneske som kan rettleie på dei store knutepunkta.

Ho er klar på at det vil vere lønsamt for samfunnet å inkludere menneske med demens i universal utforming.

– Alle er avhengig av å kunne handle mat på daglegvarebutikken eller hente medisin på apoteket. Denne gruppa kan bli meir sjølvstendig med enkle grep, seier ho.

Nasjonalforeningen for folkehelsen støtter konklusjonen.

– Det er ikkje tvil om at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å legge til rette betre. Det gjer at fleire kan bu heime og ikkje treng institusjonsplass, seier generalsekretær Bo Gleditsch.

Han meiner stadig fleire kommunar og transportselskap er i ferd med å få opp auga for at noko bør gjerast, men at det framleis er langt igjen å gå.

en mann i blå skjorte

Bo Gleditsch meiner samfunnet har mykje å tene på å legge til rette betre for menneske med demens.

Foto: Anne Elisabeth Næss / Anne Elisabeth Næss

Regjeringa: – Ein nyttig rapport

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vedgår at dei med demens ikkje har vore prioriterte i utforminga av kollektivtilbodet, men at dette no vert jobba med.

Rapporten gir nyttig informasjon om kva for utfordringar denne gruppa møter og kva for tiltak som kan setjast i verk, skriv statsråden til NRK.

Nygård er samd i at det kan vere store gevinstar i å betre legge til rette for denne gruppa.

Det er eit overordna mål for regjeringa at flest mogleg skal kunne leve gode og sjølvstendige liv, så lenge som mogleg. Regjeringa ønskjer at kollektivtransporten skal opplevast som trygg og brukarvennleg – også for personar med demens.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) smiler bredt på perrongen på Oslo S

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård meiner det er viktig med betre tilrettelegging.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Og i kollektivselskapa er det i ferd med å bli meir fokus på problematikken. Skyss har ansvar for tilbodet i Vestland.

Vi er svært positive til forskinga som TØI har gjennomført, og vi kjem til å studere rapporten nærare for å sjå om det er tilrådingar og tiltak som vi kan sette i verk, både på kort og lengre sikt, seier Hallvard Natvik, avdelingsleiar for kunde og marknad i Skyss.

Han seier selskapa i dei ulike fylka er opptekne av å lære av kvarandre.

– Uoversiktleg

Framme på Lagunen terminal har Helge Birkeland fått to nye oppgåver.

Først skal han kjøpe billett heim att på ein automat. Så skal han finne ut kva perrong bussen går frå.

Han slit med å finne den informasjonen som er viktig for han mellom alle alternativa.

– Det er for dårleg tilrettelagt og for forvirrande for dei som slit med det eg slit med, meiner Birkeland.

Han innrømmer at han stadig sjeldnare våger seg ut. Han er redd for å ende opp ein stad der han vil vere hjelpelaus.

Tiltak som fargekodar i bakken, tydelege skilt og nokon å spørje kan gjere at han vågar seg på turen åleine neste gang.

en mann og en kvinne som ser på en dataskjerm

Informasjonsstraumen på terminalane kan vere overveldande og forvirrande.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 25.08.2025, kl. 17.17

Read Entire Article