Inn i mørket: Baksida av det mørkegrøne skiftet

13 hours ago 3


Ei typisk vestlandsk li med mørke felt av granskog, kulturmark som her er snødekt, og lauvskog innimellom. (Foto: Stein Joar Hegland)

Grana veks betre enn best i det milde klimaet på Vestlandet, men kva gjer granplantasjane med økosystema våre? I forskinga vår fann vi nokre dramatiske effektar.

Å gå inn i eit granfelt på Vestlandet kan vere som å tre inn i ei dunkel og litt framand verd. Lyset svinn, og alt du ser er rettstamma gran som ein hær på strak geledd på ein mosekledd skogbotn, og mot ein mørk himmel. 

Om vinteren ligg skogbotnen nesten bar. Fargane er brun-grøne, og lukta av mose og sopp er nesten lik, året rundt, litt som ein evig haust. Kva skjer med livet i skogen når denne mørke verda breier om seg?

Godt tømmer, men delte meiningar

For skogbruket har grana vore ein suksess. Ho utkonkurrerer ofte andre treslag i vekst, og tømmeret har mange bruksområde. I dag haustar mange skogeigarar av skogreisinga etter andre verdskrig. Då blei skoglaus mark eller hogstflater planta til med Picea abies, den norske grana. Skogbrukaren tener oftast meir på grana enn han ville gjort på den innfødde furua, Pinus sylvestris.

Mange på Vestlandet forbannar likevel grana. Det finst til og med ei eiga facebookgruppe som samlar folk som likar å røske opp smågran. I ein video frå i vinter viser eit gruppemedlem korleis han feller smågran med ein liten kanon. Så sterkt hatar altså enkelte grana her i vest!

Ein slik naturskog med både levande og døde tre, og tre i ulike aldrar og storleikar, vil gi større mangfald av artar enn ein typisk produksjonsskog. Her er det også godt med lys for bærlyngen på skogsbotnen. (Foto: Stein Joar Hegland)

Skog er ikkje berre tre

Skogen er jo ikkje berre produksjonsareal for tømmer, den er også opphav til ei mengde med andre naturgode og det viktigaste økosystemet vi har. Skogen formar landskapet vi og andre artar bur i. Heile 80 prosent av artane på jordkloden har skogen som sin heim, så her finn vi både dei vanlege og dei sjeldne artane.

Dei siste åra har vi alle, gjennom TV-seriar og medieoppslag, blitt meir merksame på at det betyr noko korleis vi steller med skogen. Av barskogområda våre blir rundt to tredelar forvalta for skogbruk. Å produsere tømmer her i nord er altså like arealkrevjande som matproduksjonen er elles i Europa.

Studentforsking både under og over bakken

Kva slags mørke hemmelegheiter finst det så i desse granplantasjane? Kollegaene mine og eg drog saman med studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) ut i dei store skogane til Kaupanger Hovedgård, der vi fann fram til passande forsøksfelt. Forskinga blei utforma som eit naturleg eksperiment der vi samanlikna «tvillingområde» med planta furu og gran, som elles hadde så like forhold som råd (produktivitet, alder og hogstklasse).

Landskapsstudentane Martin og Jakob undersøkte kor mykje blåbærlyng skogsbestandane hadde, kor store plantene var, og kor mange bær dei produserte. Emma frå klima- og miljømasteren på HVL tok jordprøver for å finne ut om mengda med karbon under bakken var lik eller ulik i gran- og furufelta.

Til saman skulle undersøkingane gi eit bilete av tilstanden til naturgode i skogane. Blåbærlyngen si evne til å produsere sunne og næringsrike bær, og skogsjorda si evne til å lagre karbon og redusere problem med klimaendringar, er viktig for folk, fe og fleire med.

Tvillingskogar med gran og furudominans som elles har like forhold. Legg merke til forskjellen i lyngvegetasjonen på skogbotn. (Foto: Stein Joar Hegland)

Sjokkeffekt av treslagsvalg

Vi forventa at det skulle vere noko meir blåbærlyng i furuområda, men sjølv vi vart sjokkerte over skilnadane. Blåbærplantene var nemleg dobbelt så store i furuskogen, og lyngen dekte ti gonger meir areal enn i granfelta. Mest dramatisk var det likevel at furuskogen hadde 100 gonger fleire bær! Bærproduksjonen går nesten i null i områda der det er planta gran.

Når du no har lest teksten kan du sikkert tippe kva for planter som stod i furuskogen og i granskogen? (Foto: Stein Joar Hegland)

Dei massive skilnadene er enkle å forklare: det handlar om lys. Grana sine tette trekroner slepp berre gjennom ein firedel av lyset vi finn i furufelta, sjølv med like mange stammar.

Karbonet let seg derimot ikkje påverke, og det var overraskande små forskjellar i mengda jordkarbon. Forklaringa kan ligge i at nedbryting og omsetting av næringsstoff, også karbon, uansett går ganske treigt i desse barskogdominerte økosystema.

Er effekten overraskande?

Observante bærplukkarar vil kanskje påpeike at bær-funna ikkje er så sjokkerande – dette visste vi vel? Ingen plukkar vel blåbær i granplantasjar! 

Ei innvending mot denne enkle feltobservasjonen har vore at grana oftast blir planta på den beste jorda. På god jord er blåbærplantene aldri så vanlege, og difor har det vore litt som å samanlikne eple og pærer. Det naturlege eksperimentet vårt i bærparadiset Kaupanger, der furu- og granfelta hadde like forhold, gjer likevel at vi no kan dokumentere større og sikrare effekt av granplantasjar på blåbærplanta sitt ve og vel enn nokon før oss har gjort.

I Sverige og Finland har andre forskarar også funne sterk nedgang i dekket av blåbærlyng for store delar av landa. Vår forsking la til ei ny brikke i det vitskaplege puslespelet: den dramatiske innverknaden tett kronedekke i granbestandar har på bærproduksjonen.

Korleis skal framtida skogar sjå ut?

Kunnskapen frå forsking av dette slaget, kan ein bruke til å stille gode spørsmål om korleis framtidas skogar bør sjå ut, og kanskje om korleis framtidas skogbruk kan drivast. Kor mange granplantasjar skal vi ha i landskapet når vi tek omsyn til alt frå tømmerproduksjon til biologisk mangfald og andre naturgode skogen gir oss? Og ikkje minst: Kor mykje av skogbruksarealet bør nyttast til andre treslag, og kor mykje skog bør vi verne og la stå urørt?

Sjølv er eg ingen granhatar, og som økolog veit eg at grana er eit treslag som potensielt kan huse veldig mange andre artar som lever i barskogen. Men ein tett granåker er i alle fall ikkje den beste staden å leve, verken for blåbærplanta eller dei andre artane, oss inkludert, som likar den!

Les vår vitskapelege artikkel som handlar om noko av dette: "Spruce vs pine....." som ligg open tilgjengeleg i PlosOne: https://journals.plos.org/plosone/article?id=10.1371/journal.pone.0320877

Les meir om skog og naturvern i Vill vest-bloggen: https://blogg.forskning.no/blogg-vill-vest/naturvern-eit-columbi-egg-for-a-loyse-to-miljokriser/1802267

Read Entire Article