Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_a9ce2a9df803005682d3f13c45113cb6, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Isalill Kolpus sluttar: – No vil eg gjere andre ting - NorwayToday

Isalill Kolpus sluttar: – No vil eg gjere andre ting

2 days ago 6


Isalill Kolpus (35) blei fast lagleiar i «Nytt på Nytt» i 2023. No går ho vidare til andre prosjekt.

– For oss har det først og fremst vore ein fest å sjå Isalill utvikle seg til ein skarpskodd satirikar.

Det seier prosjektleiar Kjetil Kooyman til NRK.

– Vi skulle gjerne hatt ho med litt lenger, men slik er det med flinke folk. No trøyster eg meg med at det kjem til å kome morosame ting frå Kolpus-kanten også i framtida.

Ho seier sjølv at tre år som arvtakaren til Pernille Sørensen og kollegaen til Bård og Johan har vore ei ære.

– Eg har lært utruleg mykje, og er takksam for det, men no vil eg gjere andre ting enn «Nytt på nytt», seier Kolpus.

Ho legg humoristisk til:

– Dessutan går Charlo Halvorsen av med pensjon og eg ser fram til å få meir tid saman med familien hans.

Charlo er underhaldningsredaktør i NRK, men går av med pensjon no i vår.

Isalill Kolpus under sending på NRK

Isalill Kolpus under si siste ordinære sending fredag 10. april.

Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK

Var tekstforfattar

Våren 2023 vart det kjent at Isalill Kolpus skulle ta over den ledige stolen etter Pernille Sørensen.

Ho kom då frå jobben som tekstforfattar i same program, men steget frå bakrommet til rampelyset var stort.

– Det er ein skrekkblanda fryd, sa Kolpus då ho vart presentert som ny lagleiar for tre år sidan.

Bildet viser to personer kledd i tradisjonelle samiske drakter. Den ene personen har på seg en fargerik kjole, mens den andre har en mørk kofte med detaljer i rødt og hvitt. De står nært hverandre og har armene rundt hverandre i en vennskapelig gest. Bakgrunnen er enkel og ensfarget, noe som fremhever de fargerike draktene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Isalill Kolpus og Ánte Siri var tidlegare i vår programleiarar for Sami Grand Prix.

Foto: Robert Rønning / NRK

Har skrive roman

Det siste året har ho også gjort seg merka med romanen «Hvem brente John Savio?» og som programleiar for musikktevlinga Sami Grand Prix.

Kva ho skal gjere vidare i karrieren er førebels hemmeleg.

Men prosjektleiar Kjetil Kooyman skulle gjerne hatt ho med vidare i «Nytt på nytt.»

– Ho har meistra «oneliner-satire-biten» til fingerspissane, seier han.

– Mange er nok spent på kven som blir ny lagleiar. Kva kan du seie om det?

– Det veit vi ikkje enda, men det blir klart før hausten kjem.

En kvinne i frakk og skjerf ser intenst inn i kameralinsen en grå vinterdag med et skogholt i bakgrunnen

I 2026 debuterte ho som forfattar med ei detektivforteljing om den samiske kunstnaren John Savio sin forsvunne kunst, om familie og tystnad, og eit forsøk på å forstå sitt eige opphav.

Foto: Fartein Rudjord

Opptatt av samiske røter

Isalill Kolpus har ikkje vore redd for å tøyse med sine eigne samiske røter og ho har vore ei tydeleg røyst for sin kulturbakgrunn.

Då det blei kjend at ho skulle vere lagleiar i «Nytt på nytt» i 2023, var ho klar på dette.

– Det er viktig for meg å vise at samisk kultur ikkje berre er noko som høyrer fortida til eller noko som berre er alvorleg.

Kreativ jobb

Sjølv om ho no er fast på skjermen kvar fredag, meiner ho at komedie er eit handverk der ein må tole å feile.

– I ein redaksjon som «Nytt på nytt» vert det kasta hundrevis av vitsar kvar veke. Det meste går i søpla, og det må ein berre tole, har ho uttalt om den kreative prosessen bak kulissane.

Takkar Isalill

Dei faste lagkameratane i «Nytt på nytt» takkar Kolpus for innsatsen på sin muntre måte.

NB! Satirealarm!

– Det har vore ei stor glede å få lov til å henge med ho i fleire år. Det er trist at ho no vel å gi seg, men eg forstår at jobben som vindmølle på Fosen blei for freistande, seier Johan Golden.

Bård Tufte Johansen parerer lett:

– Isalill har overraska og overlevert heile vegen. Eg synest ho har hatt sin beste sesong, så eg støttar ikkje at ho sluttar. Spent på kva ho kan finne på vidare, men mogleg eg kjem til å snakke det ned, faktisk.

Hurra, det er fred i Midtøsten! Det var jammen nære på dere, men nå kan vi puste lettet ut. Gjester: Forsvarsforsker Karen-Anna Eggen og Karsten Blomvik, “Lykkelig Deprimert”.

Publisert 10.04.2026, kl. 10.28 Oppdatert 11.04.2026, kl. 10.10

Read Entire Article