Ein 43 år gamal mann er varetektsfengsla i fire veker etter innbrotet i villaen til artisten Alan Walker i Oslo sist onsdag.
I avgjerda frå Oslo tingrett blir det spekulert i om det kan vere fleire gjerningspersonar.
– Vi gjer undersøkingar om det er fleire involverte, men så langt har vi ikkje identifisert nokon andre.
Det seier politiadvokat Erik Storsveen til NRK.
Han peikar på at det er berre ein person som er sikta i saka.
– Mistanken mot sikta er styrka etter funn som er gjort gjennom ransaking, seier Storsveen.












English (US)