Trønderske 2J er den typen rappar som er vanskeleg å kategorisera.
Om ein lyttar seg gjennom hans eigen diskografi er det ei overflod av harde trap beatar med dunka bass i sentrum av lydbiletet. Men han er heller ikkje framand for å rappa over melodiar frå både pop og klassisk hip hop.
For å gjera det endå meir komplisert så er 2J ofte ein primitiv låtskrivar. Samtidig kan han presentera seg meir sofistikert, som ved «Tårene» (2024).
Med debutprosjektet «Går broke prøver å bli rik» står rapparen med ein fot i kvar av desse hip hop-verdene. Kvar han endar opp står att å sjå.
På debutprosjektet har 2J alliert seg med gudfaren av norsk hip hop – Tommy Tee, og det framstormande stavangerbaserte produsent-kollektivet Spacewave.
Foto: Aleksander Forsbakk, Tee Productions (promo).Byggjer vidare på det gode
Fram mot utgivinga av «Går broke prøver å bli rik» har 2J markert seg som ein rappar fleire ønskjer å samarbeida med, mellom anna Karpe, OnkelP og Beathoven.
2J coveret OnklP på besøk hos «P3 Live» 8. mars i 2026.
«Går broke prøver å bli rik» er eit slags Frankensteins monster. Det er verken eit fullstendig album eller ein kompromisslaus miksteip.
Men fortvil ikkje: Det er framleis flust av minimalistisk trap ein kan festa til – samstundes er det òg plass til introvert og personleg rap ein vil vera påkopla for. Faktisk så inneheld debutprosjektet noko av den mest dryge musikken 2J har laga enn så lenge; men også den mest elegante.
Høglydt med god grunn
Frå opningssporet «Hindu» merkar ein at 2J er ein artist som er i endring. Samtidig er musikken langt frå ugjenkjenneleg. Energinivået er høgt, tekstane er smått teite og diksjonen er tidvis grumsete. Og det fungerer som berre juling.
Essensen av heile «Går broke prøver å bli rik» finst i «Hindu». På ungdommeleg vis avbryt den kven som helst for å skrika ut «sjå kva eg kan».
2J blei nominert til «Årets gjennombrot» av NRK P3 i 2025. Her saman med produsenten Benocchio.
Foto: Henriette Dæhli / NRKI lik sjargong får ein spor som «FyFaen», og ikkje minst «Advokat», kanskje den mest bråkete og forløysande 2J-låten til no. Her leikar han seg med formuleringsevna og demonstrerer ei kreativ slagkraft som ellers ville vore reservert for eit heilt boyband.
Om det er slik musikk 22-åringen har tenkt å laga meir av i framtida er det berre å stålsetja seg på 2J sin kommande legendestatus.
Meir av sjølve 2J
Tilsynelatande har 2J heile pakken. Tidlegare har han vist korleis spela opp til fest. Det er kjærkomme at han òg fortel meir om sitt eige liv og korleis det ikkje alltid er like festleg.
«2 Ting» og «Elsk Deg Selv» er meir introspektive og me får høyra dei ufiltrerte tankane til trønderen om kjærleik til familien sin og korleis leva med seg sjølv.
Når der er sagt så er 2J langt frå ferdig utvikla som låtskrivar. Ein får ein smakebit på at trønderen også har noko viktig å laga musikk om, men det er vanskeleg å gjere i løpet av 25 korte minutt.
Me har allereie høyrt åtte ulike versjonar av «Sam Sever» og «For mye». Det me treng meir av er dei låtane der 2J tør å utfalda seg.
Kommande stjerneartist
«Går broke prøver å bli rik» er eit prosjekt som har fleire spennande og innbydande element ved seg. 2J viser at han er noko meir enn ein rappar som berre lagar musikk om generell faenskap. Samtidig er det denne tematikken debuten hovudsakleg består av.
Heldigvis er ikkje musikken vond eller kjedeleg å lytte til. Men grunna den korte speletida er det lite av det nye 2J kjem med som blir utbrodert.
Om pennen hans med tida blir like sterkt som sverdet er no, vil det bli umogleg å ignorera rapparen som ein heilskapleg artist.
Om to år er 2J Noregs beste rappar.
Tommy Tee er bunde til NRK gjennom ein oppdragsavtale. Det har ikkje vore noko kontakt mellom ham og anmelderen i saka.
Publisert 19.05.2026, kl. 22.00














English (US)