– Kulturarven vår er spennande, han er unik

1 hour ago 2


Veteranane i sognametal-bandet Vreid kjem denne veka med den nye låten «From These Woods» med tilhøyrande musikkvideo.

Eit band som i fleire tiår har brukt vår eiga historie til å skape musikk mange vil høyre.

Det nye albumet kjem i mars, før det ventar fulle hus på konsertscener over heile Europa.

Det skjer samstundes som interessa for norrøn tid og mellomalder er større enn nokon gong før.

– Vi har heilt fantastiske historier som folk finn interessante. Det er akkurat det å formidle det, som på ein måte er heile nøkkelen her.

Det seier bassist Jarle Kvåle i Vreid til NRK.

Han er ikkje minst kjend som sjef for festivalen Tons of Rock som kvart år trekker rundt 150.000 publikum til Ekebergsletta i Oslo.

Jarle Kvåle er frontfigur i Vreid

Jarle Kvåle er glad for at han og resten av Vreid no gir ut ny musikk.

Foto: Håvard Nesbø / Vreid

– Spennande

Heilt sidan starten av sjangeren sognametal på 90-talet har Kvåle og dei andre late seg inspirere av historiene.

Historier om vikingar, kongar og folk som levde i strid med den dramatiske naturen på Vestlandet.

Men også moderne historie, som til dømes motstandskampen under 2. verdskrigen.

– Kulturarven vår er spennande, han er unik. Interessa rundt dette er noko som eg trur vi kjem til å sjå ein enorm vekst av framover, meiner Kvåle.

Dynamisk historie

Kvåle får støtte for dette frå ein av landets fremste ekspertar på hardrock og heavy metal, musikkforskar Lars K. Norberg ved Universitet i Agder.

– Historia vår er dynamisk. Ho blir skapt gjennom forteljingar om fortida, og frå ulike perspektiv, seier Norberg.

Han peikar på at framveksten av black metal i Noreg har vore prega av nokre spesifikke oppfatningar, eller idear, om denne historia.

– Dette gir musikken særpreg, og ikkje minst autentisitet i den kulturen han oppstod i, meiner forskaren.

Stor auke

Reiselivet opplever også ein stor vekst i interessen for norsk historie blant dei mange turistane som kjem til landet.

Reiselivsdirektør Heidi Hauge i Visit Sognefjord fortel om ein årleg vekst i den amerikanske marknaden på om lag 30 prosent kvart år etter pandemien.

– Dei er veldig opptekne av historie. Spesielt vikinghistoria og det norrøne, seier Hauge.

Denne interessa merkar også band som Vreid når dei reiser utanlands for å turnere.

Som så mange andre norske band i metalsjangeren, har dei eit vel så stort publikum utanfor Noreg som innanfor landegrensene.

– Eg trur det handlar om at det blir fleire og fleire som er flinke til å fortelje om vår eiga historie, seier Jarle Kvåle.

Han meiner at det gjeld uansett om det er mat og drikke, musikk, film eller bøker.

Bandet Vreid spelar inn musikkvideo på Kaupanger

Videoen til den nye låten til Vreid blei spelt inn på Ramnereiret på Kaupanger i Sogn.

Foto: Tore Grindheim / Vreid

– Gler seg stort

For dei hardtslåande karane i Vreid starta det heile i Sogndal.

Pådrivar var blant andre Terje «Valfar» Bakken, og bandet Windir fekk kultstatus.

Bakken døydde berre 25 år gamal, men opp frå asken etter Windir kom bandet Vreid.

No dreg dei på full Europa-turné for første gong på åtte år og bandet gler seg stort, fortel Jarle Kvåle.

– Vi skal ut med fleire andre band, og det ser ut til å bli den største publikumsmessig vi har gjort. Så ja, det er rett og slett berre å glede seg enormt.

Publisert 10.12.2025, kl. 16.49

Read Entire Article