Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_c312dbfd87f62d881b3cc37fe49b35f3, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
«Mørkt materie» - NorwayToday

«Mørkt materie»

1 day ago 2


Når det nye Ary-albumet treff øyra mine første gong, tek det litt tid å bli akklimatisert.

Den mørke, elektroniske popmusikken hennar skil seg faktisk såpass mykje frå mykje annan moderne popmusikk.

I tillegg er han så djupt forankra i rørsle og rytmar at det kjennest feil å sitte stille og høyre han på plate.

Ary har i mange år imponert med høgt koreograferte liveopptredenar, der ho og dansarane hennar bruker musikken hennar til å kanalisere ekte 2000-tals popstjerneenergi. Det er heilt klart då ho er i sitt ess.

Mykje under overflata

Likevel tek det ikkje lang tid å kalibrere seg inn i plata. Som i eit dunkelt rom, kjem konturane i mørket hennar fram litt etter litt.

Ary sin musikk høyrest på overflata ut som skaparverket til eit større popmaskineri. Ein kan trass alt nærast sjå avanserte, stramme koreografiar i hovudet medan ein lyttar.

Ary danser i svart på scenen. Bak henne er det to dansere

Ary på Øyafestivalen 2023

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

Men Ary lagar musikken sin sjølv, til og med heime. Og under den dansbare, klubbete overflata, har ho mykje å seie. Om sorg, om bransjen og ikkje minst om seg sjølv.

På den siste singelen ho sleppte før albumet, «Withering Rose», syng Ary om forholdet sitt til musikkbransjen, press og sine eigne forventningar til karrieren sin. Låta er ekstremt sterk, med både bitande tekstlinjer som «Show me your tits or fuck off», knusande lydeffektar og ein hurtig og drivande beat.

Høyrer heime på store scener

«Withering Rose» er berre tredje låt, og også den eksplosive styrken i musikken blir sterkare og sterkare gjennom albumet.

På den mørke, forførande og nesten skremmande «I Switch» utforskar Ary ei mørkare bakside av seg sjølv. Det er på same tid blottlagt og krigersk.

Et nærbilde av ansiktet til Ary. Hun svinger hodet rundt og vi ser hestehalen hennes i været.

Ary på Øyafestivalen 2023

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Etter den låta kjem singelen «Running in a Dream», eit litt meir popmelodisk nummer med eit meir svevande refreng, men framleis same drivande elektropop i botn.

Og så kjem «Matador», eit av høgdepunkta til albumet.

Ikkje at det er langt mellom toppane og botnpunkta her, men nokre låtar skil seg ut.

Ary blir bært opp av danserne sine. Alle er kledd i svart fra topp til tå.

Ary på Øyafestivalen 2023

Foto: Tom Øverlie, NRK P3

«Matador» har skjerande effektar og eit ekstremt fengande refreng, som blir framført med låg tonehøgde og utan å lene seg på vokalen.

Eit stønnande, drivande mellomspel gjer det verkeleg klart at dette er ein låt som høyrer heime på store scener. Han vil utvilsamt skine denne festivalsommaren.

Dei inste tankane

Bak alt det sterke og dansbare, er sorg og tap likevel eit tilbakevendande tema gjennom «Darkstar». I 2020 mista Ary tvillingbroren sin til sjølvmord.

Temaet utforska ho i djupna både på debutalbumet «For Evig» frå 2022, og på seinare låtar, som nydelege «Himalayan Road» frå 2023.

Men ei sånn sorg slepper ikkje taket, og den er til stades også på denne utgivinga.

Aller tydelegast blir det på dei siste låtane til albumet. «New Night of Always» er eit sårt rop om hjelp og nærleik, og vanskane med å gi slepp på noko eller nokon.

Dei triste låtane hennar kan gjelde for alle typar sorg, og mange vil garantert kjenne seg igjen i det ho syng.

Ary ikledd sort hettejakke med pels på myser gjennom den mørke luggen sin.

Foto: Ida Bjørvik / promo

Den aller siste låta på plata er mykje rolegare enn resten, og sårare. På «Wear Me on a Silver Chain» ber Ary om å bli gjort om til ein diamant når ho døyr. Låta er svevande og strippa for den tunge bassen til resten av albumet.

Likevel er det mørkt, på ein enda kaldare og meir bitande måte enn resten av det elektroniske klubbmørket til albumet.

Det er heller sårt, trist og blottlagt. Trykker ein play på albumet igjen, har denne eine låta endra korleis heile prosjektet høyrest ut.

At vi får sjå så djupt inn i dei mørkaste, inste tankane til Ary, får tekstane på dei andre låtane til å treffe hardare. Sjølv om dei er pakka inn i energisk, fengande og dansbar elektropop.

Fødd stjerne

Sjølv om «Wear Me on a Silver Chain» skil seg musikalsk frå dei fleste av dei drivande energiske låtane til albumet, samanfattar dette på ein måte også heile prosjektet.

Kanskje er det erfaringane hennar, kanskje er det berre kven Ary er. Uansett er ho verken redd for å utforske, blottlegge seg eller spele på eigne premissar.

Ary ikledd en sort kjole og sorte strømper danser mens hun synger på scenen.

Ary på Øyafestivalen 2023

Foto: NRK P3

Musikken hennar er særeigen og sår. Samtidig er det noko av den norske musikken i dag som er aller lettast å sjå for seg på ei megascene på Roskilde, Glastonbury eller Coachella.

Ary er kompromisslaust seg sjølv i musikken sin. Så når han læt som den låtar, er det vel berre ei forklaring: Ho er ei fødd popstjerne.

Foto, toppbildet i denne nettsaka: Tom Øverlie, NRK P3

Publisert 15.04.2026, kl. 00.01

Read Entire Article