Nesten 13.000 cruiseturistar til Ålesund på éin dag – MDG vil ha maksgrense

13 hours ago 2


– Vi er veldig overraska over at det er så mykje folk her. Dette er jo litt overveldande.

Eddy og Wilma Vos er frå Nederland og har reist på cruise til Noreg. No har dei gått i land i Ålesund.

Og dei er ikkje åleine. To cruiseskip har allereie lagt til kai onsdag føremiddag. Ein tredje båt er venta seinare på dagen.

Eddy og Wilma Vos fra Nederland på cruise til Ålesund

Eddy og Wilma Vos frå Nederland er overraska over straumen av turistar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er til saman nesten 13.000 turistar på dei tre skipa. Mange skal rett på utflukter, men andre vil fylle butikkar, gater og bussar i byen i løpet av dagen. Dette er ein av dei travlaste dagane i året.

– Vi er nysgjerrige på kva vi vil få oppleve i løpet av dagen. Vi vil gjerne finne oss ein vanleg bybuss i staden for å dra med turistbuss. Vi ønskjer å sjå kva folk her gjer til dagleg.

Avhengig av turistar

Ein straum av cruiseturistar inneber klingande mynt i kassa for næringslivet. Fleire av butikkane er avhengige av at det kjem turistar til byen.

– Det er veldig bra med så mykje folk i byen. Det er klart at dette er viktig for verksemda vår. Det er dette som gjer at vi kan overleve, seier Sarah Soumilas som eig kafeen Racoon i Ålesund sentrum

Mange cruiseturister i Ålesund da AidaNova og MSC Euribia dro med seg ca 12.000 passasjerer til byen. Sarah Soumilas eier kafeen Racoon i Kongens gate i Ålesund og er glad for omsetningen cruisepassasjerene gir.

Kafeeigaren Sarah Soumilas seier turistane er viktig for verksemda

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ønskjer ei maksgrense

Men det er delte meiningar om dette er bra.

Fleire stader i landet er det konflikt mellom turistnæringa og dei fastbuande.

Ein rapport har slått fast at Ålesund har nådd ei tolegrense dei dagane då turiststraumen toppar seg.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner det må bli sett ei maksgrense for kor mange turistar som kan kome på éin dag. Forslaget er eit tak på 8000 turistar.

– Vi er jo ikkje negative til at det skal kome turistar, men det må kunne gå an å sette ei grense for kor mange som kjem samstundes, seier andre nestleiar i MDG, Jonas Maas Nilsen.

Jonas Maas Nilsen, MDG

Jonas Maas Nilsen, MDG, meiner det må bli sett ei maksgrense.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nilsen peikar på utfordringar med forureining, beredskap, problem med å ta seg fram og korleis det er å opphalde seg i byen på dagar med mykje turistar.

– Skal det først og fremst vere ein by for lokalbefolkninga, eller skal det vere ein fornøyelsespark som blir fylt opp med stadig fleire sightseeingbussar og suvenirbutikkar som i eit slags Disneyland.

eit svært turistskip framfor byen

Bygningane i byen blir små i forhold til cruiseskipa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Lang kø

Dei som bur i Ålesund merkar at det blir trongt om plassen i sentrum.

Det er både plussar og minus med så mange turistar på ein gong, seier Sissel Standal.

– Det er kjempefint at det er eit yrande folkeliv i byen. Vi elskar det. Men vi ser at det er lang kø på serveringsstadane, det er lang kø i gangfelta, og det er kø i trafikken. Det blir eit veldig press på infrastrukturen.

Mange cruiseturister i Ålesund da AidaNova og MSC Euribia dro med seg ca 12.000 passasjerer til byen. Sarah Soumilas eier kafeen Racoon i Kongens gate i Ålesund og er glad for omsetningen cruisepassasjerene gir. Det er stor aktivitet på kafeen.

I gågata i Ålesund sentrum var det fullt av turistar onsdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Også Lars Ivar Sørnes synest det er hyggeleg med turistar. Men for den ivrige syklisten er det utfordrande å ta seg fram.

– Ålesund er ein veldig dårleg sykkelby. Når det i tillegg er 12.000 turistar i byen syklar du med livet til låns. Det er ikkje lagt til rette for så mange turistar samstundes. Vi må få på plass ein infrastruktur som kan tole dette.

Mange cruiseturister i Ålesund da AidaNova og MSC Euribia dro med seg ca 12.000 passasjerer til byen. Ålesunderne Lars Ivar Sørnes og Sissel Standal tar lunsjen i byen og tror det er klokt med noen reguleringer på cruisetrafikken.

Lars Ivar Sørnes og Sissel Standal liker at det kjem turistar, men meiner det skaper utfordringar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Besøksbidrag frå turistane

Det er seks dagar i sommar med over 13.000 turistar på samme tid i Ålesund. Det viser ein oversikt på nettsidene til Ålesund kommune.

Ifølge oversikta blir det heile 31 dagar med meir enn 8000 turistar.

Ordføraren i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand (Frp), er veldig godt fornøgd med at så mange turistar kjem til Ålesund.

Han fnyser av påstaden om at byen har blitt ein turistattraksjon, framfor ein stad å bu.

– Eg synest det er ein flåsete og respektlaus påstand. Ålesund er ei kommune i vekst. Ålesund skal vere ein fantastisk by der ein kan bu, leve og skape, og også få lov til å besøke.

I staden for maksgrense meiner ordføraren at det finst andre løysingar på problemet. Lykkebø Strand meiner eit besøksbidrag frå turistane er vegen å gå.

– Tolegrensanalysen viser at det er infrastrukturen som er under press, ikkje at det kjem for mange turistar. Då må vi gjere noko med infrastrukturen. Då vil eit besøksbidrag frå turistane gjere det mogleg å oppgradere infrastrukturen.

mann står med ryggen til

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) vil bruke besøksbidrag frå turistane for å løyse problem.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fleire toalett og skilt

Ålesundregionens Havnevesen har gjort nokre grep etter tolegrenseanalysen som kom i februar i år.

Det er sett opp toalett i byparken, og hamnestyret har løyvd 300.000 kroner til nye skilt for turistane, skriv Ålesundregionens Havnevesen på si Facebookside.

Det kjem også ei ny undersøking som skal vere klar våren 2027.

Publisert 20.05.2026, kl. 21.00

Read Entire Article