Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Innlandet - les mer.
Dagens pilegrimar går ikkje av religiøse grunnar, og har avgrensa økonomisk betydning for lokalt næringsliv langs pilegrimsleiene.
Pilegrimsarbeidet i Noreg er retta mot verdiskaping og positiv utvikling langs St. Olavsveiene til Trondheim – eit nettverk av historiske vegar som leiar til Nidarosdomen. (Foto: Colourbox)
Arbeidet med pilegrimar i Noreg er retta mot verdiskaping og positiv utvikling langs St. Olavsveiene til Trondheim – eit nettverk av historiske vegar som leiar til Nidarosdomen.
Det gjeld ikkje nødvendigvis økonomisk verdiskaping.
Det finst ikkje så mykje forsking på pilegrimsturisme, men no veit vi litt meir, fortel forskar Iveta Malasevska. (Foto: Ole Martin Ringlund / INN)
– Det viktigaste funnet er at vi fekk stadfesta kor mykje pilegrimane bruker av lokale tilbod og legger igjen på sin veg, seier forskar Iveta Malasevska.
Ho står bak ein nyleg publisert rapport frå Østlandsforskning på Universitetet i Innlandet. Rapporten er laga på oppdrag frå Pilegrimssenter Dovrefjell.
Går og går – bruker lite
Det finst ikkje så mykje forsking på pilegrimsturisme, men no veit vi litt meir.
Gjennom tre spørjeskjema har forskarane no eit klarare bilete av både kven dei er, kvifor dei går og kva dei betyr. Dei har fått svar frå pilegrimane, lokalbefolkninga og bedrifter i kommunane Dovre, Oppdal, Rennebu og Orkland.
93 pilegrimar svarte. Gjennomsnittsalderen er rundt 50 år. Fleirtalet er utanlandske, særleg frå Tyskland og Nederland, og med ei lita overvekt av kvinner. I snitt hadde dei som svarte på undersøkinga eit dagleg forbruk på 935 kroner, der halvparten gjekk til overnatting.
Nokre av dei små bedriftene langs leia opnar på sommaren, og held ope på grunn av at det går folk forbi som treng overnatting eller servering. For dei har pilegrimane ein verdi. (Figur: INN)
Er pilegrimsturisme berekraftig?
Målet med rapporten har vore å kartleggja i kva grad Pilegrimsleden bidreg til lokal økonomisk verdiskaping for bedrifter og lokalsamfunn i det undersøkte området.
Dette er viktig for å belysa korleis kultur- og naturbasert reiseliv kan fremme berekraftig utvikling i distrikta.
– Denne undersøkinga viser at pilegrimsturismen i desse kommunane har ein tydeleg, men avgrensa økonomisk betydning. Effekten merkast mest for små, lokalt forankra overnattings- og serveringsstader, fortel Malasevska.
Nokre av dei små bedriftene langs leia opnar på sommaren, og held ope på grunn av at det går folk forbi som treng overnatting eller servering. For dei har pilegrimane ein verdi.
– Du må hugsa på at pilegrimsturisme berre varer to–tre månader. Det vi fann er at dei legg igjen rundt sju millionar kroner i desse fire kommunane. Det er jo ganske bra. Ikkje sett opp mot vanlege turistar, men sett opp mot at dette er turistar som eigentleg ikkje bruker pengar, seier Iveta Malasevska.
Dei har andre grunnar til å gå
Stadig fleire går pilegrimsvandringar, men dei har andre grunnar til å gå enn å bruka mange pengar på vegen.
Motivasjonen til pilegrimsturistane er først og fremst naturopplevingar, åleinetid og ønsket om å oppdaga nye stader.
Funna viser at dagens pilegrimsvandringar i stor grad handlar om personleg utvikling og nærleik til naturen, snarare enn tradisjonell religiøsitet.
Men, kanskje har forskarane funne noko som kan brukast til å få dei til å leggja igjen litt meir enn dei gjer i dag.
Manglar informasjon om lokale tilbod
– Dei viser stor interesse for lokal mat og lokale tilbod, og vil gjerne støtta lokalt næringsliv. Samtidig påpeikar dei at det manglar informasjon om desse tilboda og kva dei kan finna på medan dei går. Her trur vi det finst eit potensial om ein klarer å informera pilegrimane betre, fortel Malasevska.
Motivasjonen til pilegrimsturistane er først og fremst naturopplevingar, åleinetid og ønsket om å oppdaga nye stader. (Foto: Colourbox)
Da bør ein ikkje basera seg på å bruka berre sosiale medium.
– Denne turistgruppa er ikkje så aktiv på sosiale medium som ein kan tenkja. Dei ønskjer meir truverdige informasjonskjelder. Så det å reklamera på sosiale medium til pilegrimar er ikkje veldig effektivt, konstaterer Iveta Malasevska.
Kommunane kan leggja til rette meir enn i dag
Noreg skil seg ut som det einaste landet i Europa med ein overordna plan og ein koordinert nasjonal innsats for å fremja vandringar langs historiske pilegrimsleier.
Den stadig aukande tilstrøyminga av vandrarar dei siste åra kan vitna om at denne strategien fungerar.
Og forskaren har nokre forslag til korleis ein kan utnytta desse turistane meir enn i dag. Det handlar om tilrettelegging, og å bruka kunnskapen vi no har lurare.
– Vi veit at pilegrimane ønskjer rimeleg overnatting. Da kan ein kommune stilla seg spørsmålet: Har vi nok billige overnattingar hos oss, eller kan vi utvida og leggja til rette meir? spør forskaren.
Går med telt for å spare penger
– Mange pilegrimar går med telt for å spara pengar. Kanskje kommunane kan leggja til rette for gode, tilrettelagde fine og autentiske stader dei kan bruka, foreslår Iveta Malasevska.
Moglegheita for auka verdiskaping ligg først og fremst i å skapa eksklusive tilbod, betre synleggjering av eksisterande tilbod, utvikling av relevante aktivitetar og produkt i tillegg til tettare samarbeid mellom aktørar langs leia, meiner forskaren.
– Med rett tilrettelegging kan pilegrimsturismen i større grad bli ei stabil inntektskjelde for små bedrifter, og samtidig utgjera eit viktig supplement til resten av reiselivet i regionen, seier Iveta Malasevska.
Referanse:
Iveta Malasevska: Pilegrimsledens økonomiske betydning. Rapport, Universitetet i Innlandet, 2025.

17 hours ago
2









English (US) ·