Dokument nr. 15:1927 (2023-2024)
Innlevert: 30.04.2024
Sendt: 30.04.2024
Til behandling

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Når ser Statsråden og regjeringa for seg at nytt politihus i Bergen vil vere ein realitet og kva er planen for den vidare prosessen for å få realisert eit nytt politihus med naudsynte fasiliteter og ein lovleg arrest, dersom den noverande prosessen for å få på plass eit moderne politihus i Bergen ikkje vert vidareført?

Begrunnelse

Politidirektoratet fekk i desember 2022 fullmakt til å inngå leigeavtale for nye lokaler til politihuset i Bergen. Politiet har, på bakgrunn av fullmakta frå Justis- og beredskapsdepartementet, invitert marknaden til en konkurranse i samsvar med gjeldande regelverk for denne type leigekontraktar.
Gjennom opplysningar frå Politiets fellesforbund Vest, så er konkurransen stilt i bero. Siste opsjon i eksisterande bygg utløper i 2028.
Statsbygg bekrefter at dei ikkje har tomter tilgjengelege for nytt politihus i Bergen. Vidare vert det opplyst at alle innkomne tilbod overskrider tildelt kostnadsramme, og vidareføring av den pågåande konkurransen er heilt avhengig av ein tilslutnad frå departementet til å auke rammen. Alternativt må konkurransen avlysast med den følge at det ikkje blir noko nytt politihus i Bergen.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig