– Eg veit at det er nokon som har lyst til å jobbe, sjølv om dei måtte slutte då dei var 67. Men eg er kjempeheldig som har fått lov å jobbe så lenge.
Det seier Ruth Karin Jensen, betre kjent som «tante Ruth» på kystruteskipet Havila Pollux. Ho stortrivst i jobben sin ute på sjøen. Og bra er det.
For er det eitt ord du truleg har høyrt mange gonger før, og enda vil høyre mange gonger til: Eldrebølga.
Det blir fleire eldre enn yngre i Noreg i åra framover, og eldre kjem til å jobbe lengre.
Regjeringa seier at vi allereie innan 2030 må ha 150.000 fleire ut i arbeid.
Ruth Karin Jensen si arbeidsoppgåve er først og fremst å passe på at crewet får mat nede i messa. Ho er også på lugarane og steller.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKSeier det sosiale er viktig
«Tante Ruth» har pensjonert seg, men valde å fortsette å jobbe etter det.
No er ho vikar på kystruteskipet, og det er ho så lenge sjefen tillèt det.
– Alle spør meg om eg ikkje har tenkt å slutte snart. Men eg seier: «Nei, eg har ikkje tenkt å slutte». Men eg høyrer at det ikkje er så mange som har lyst å jobbe så lenge, seier Jensen.
Ifølge SSB var 3 prosent i aldersgruppa 75-79 år i arbeid ved utgangen av 2023.
Jensen skjønner ikkje heilt kvifor folk ikkje vil jobbe så lenge, men trur det nok er fordi dei er leie og slitne når dei når pensjonsalderen.
Ruth Karin Jensen er veldig takksam for at ho framleis får jobbe.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Du blir ikkje sliten du da?
– Jo da, eg treng nokre dagar heime i godstolen. Men eg er flink å gå tur, og det hjelper.
76-åringen seier at den sosiale biten som følger med å vere i arbeid betyr veldig mykje.
Og Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, hyllar moralen.
– Eg håpar at riktig mange gjer som henne, og at arbeidsgivarar står klare med openheit.
– Eg tenker jippi, det er veldig bra. Det er sånn vi alle saman bør tenke, seier Kristin Krohn Devold.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK– Eit skikkeleg problem
Dei neste 40 åra er det venta å bli 700.000 fleire personar over 67 år, ifølgje perspektivmeldinga (ekstern lenke).
– Og om vi ikkje då får dei som er over 67 til å jobbe lenger, så har vi eit skikkeleg problem, seier Devold.
Direktøren legg til at dei derfor har ein ny kampanje gåande som handlar om å få folk til å stå lenger i arbeid.
– Då trekker vi fram det som er viktig: ringrevar. Det å kunne noko gjennom lang livserfaring, det å ha vore ute ei vinternatt før.
– Og vi ser også at arbeidsmoralen hos godt vaksne er veldig høg. Mindre sjukefråvær. Sånn at det er mange gode grunnar til å ha fleire godt vaksne på jobb.
Ho seier dette er viktig i alle næringar. Men ho trur det er lettare for mange å velje reiselivsnæringa når dei er godt vaksne.
– For vi har jo alle sosiale behov. Har du ein jobb du trivst i, så synest kanskje mange at det å gå heime frå vi er 60 til vi er 90 år ... Det er ikkje sikkert det er draumen, seier ho og legg til:
– Då får du dekt behovet ditt for å ha hyggelege kundar og ha gode kollegaer, og du får dekt behovet for å høyre til.
Ruth Karin Jensen seier at ho også tar nokon vakter i omsorgstenesta når ho er heime i friperiodane.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKRuth Karin Jensen nyt jobblivet langs kysten. Men det er særleg éin ting ho likar ekstra godt.
– Eg elskar styggevêr. Når bølgene slår opp, då kosar eg meg. Eg blir ikkje sjøsjuk.
Publisert 24.04.2025, kl. 15.49