Vil bruke bompengar til rassikring av Trollstigen

1 week ago 6


I juni i fjor blei den populære turistvegen med hårnålsvingane stengt umiddelbart då ein stein dundra ned fjellsida og trefte ein bil. På grunn av rasfaren blei den nasjonale turistvegen stengt resten av sesongen.

No har fylkestinget i Møre og Romsdal bestemt at det skal bli brukt bompengar til å rassikre strekninga. Vedtaket blei gjort med 35 mot 12 stemmer.

– Dette er vi nøydde til å gjere. Alternativet er å stenge Trollstigen, sa Torgeir Dahl (H).

Frank Sve (Frp) meiner pengane enten må bli henta frå rassikringspengane som fylkeskommunen får, eller at Staten tek over ansvaret.

– Vi veit at det er eit stort problem å få inn bompengar frå utanlandske turistar, meiner han.

Skal opp til Stortinget

Vedtaket i fylkestinget i dag var ei prinsippavklaring som skal danne grunnlaget for ein søknad om å få bruke bompengar.

Det er Stortinget som skal gjere det endelege vedtaket i saka.

– Glade

Kristine Rønning, styreleiar i Romsdal reiseliv, seier dei er fornøgde med dagens vedtak.

– Dette er vi veldig glade for, og vi støtter vedtaket. Trollstigen er svært viktig for reiselivet og lokalsamfunnet, det er ein motor for reiselivet her. Dei som køyrer over Trollstigen besøker butikkar, kafear og butikkar. Og dei stoppar ikkje berre her, det er viktig for heile regionen, seier ho.

Publisert 24.04.2025, kl. 12.53 Oppdatert 24.04.2025, kl. 13.06

Read Entire Article