4 av 10 førsteklassingar kan trenge særskild hjelp – får ikkje ekstra midlar

2 weeks ago 8



Aldri før har rektor tatt imot eit førsteklassekull der det har vore fleire utfordringar.

På ein skule i Ålesund har over 40 prosent av 6-åringane eit vedtak frå barnehagen som gjer at dei har fått ekstra hjelp før skulestart.

NRK anonymiserer skulen av omsyn til elevane. No er rektor spent på korleis dei vil takle overgangen frå barnehage til skule.

– Det vil naturlegvis gjere at det blir meir arbeid for lærarane våre. Kvar og ein av dei skal følgast opp og få den hjelpa dei har rett på, seier rektoren.

Døme på kva dei tilsette har måtte lære seg dei siste åra, er å handtere helserelaterte utfordringar og medisinar, og gi støtte til elevar utan talespråk.

Kjem ikkje éi krone ekstra

Men skulane i Ålesund får ikkje nokre ekstra pengar sjølv om elevane treng ekstra hjelp. Årsaka er at kommunen fordeler pengane jamt etter antal elevar, ikkje ut ifrå om dei har spesielle behov.

Resultata er at dei ordinære elevane taper. Vi må ta frå dei for å finansiere dei med spesielle behov.

Rektoren peikar på at det blir mindre tid til å følgje opp kvar enkelt elev. På fem år har skulen kutta fem stillingar, noko som gjer at kvar lærar får fleire elevar å ha ansvar for.

20 000 kroner under landsgjennomsnittet

Den økonomiske situasjonen i Ålesund kommune er svært krevjande. Ifølgje kommuneadministrasjonen er gjelda så høg at ein stor del av pengane må gå til nedbetaling framfor drift, noko som mellom anna går ut over skulane.

Utfordringane er ikkje unike for Ålesund. Fleire kommunar melder om kutt i skulebudsjetta. NRK har nyleg skrive om Osloskulane som varslar krise etter budsjettkutt:

KOSTRA-tal for 2024 viser at Ålesund brukar mindre pengar på grunnskule per elev enn både landsgjennomsnittet og samanliknbare kommunar.

Ifølgje SSB var utgifta per elev i Ålesund i fjor på 107 700 kroner. Til samanlikning er snittet nasjonalt 130 300 kroner.

Med andre ord: Ålesund brukar over 20 000 kroner mindre per elev enn landsgjennomsnittet, ifølge desse tala.

Ber politikarar vakne opp

På ein annan ålesundsskule viser rektor Hårek Sande fram kva manglande midlar får å seie i praksis.

– Det siste tilskotet til uteområdet vårt var dette klatretårnet frå 2011. No er stativet øydelagt, og det blir ikkje erstatta, seier rektoren på Lerstad skole.

en person som står ved et klatrestativ

– Elevane som gjekk ut av 7. klasse då klatrestativet var nytt i 2011, kan ha eigne barn no, seier Hårek Sande.

Foto: Remi Sagen / NRK

Som hovudtillitsvald i Skoleleiarforbundet i Ålesund kommune meiner han at låg tildeling går ut over både ordinær undervisning og elevar med særlege behov.

– Sjølv om skulane i Ålesund gjekk langt over budsjett i fjor, ligg rekneskapen lågare enn snittet i samanliknbare kommunar. På skule og SFO har ein brukt 40 millionar for lite for å vere på nivå med KOSTRA-snittet. Det viser at budsjettet rett og slett er sett for lågt, seier han.

Han oppmodar lokalpolitikarane til å ta større ansvar.

– No er tida for å investere i barna våre. Det er dei som skal stå i arbeidslivet om nokre år, betale skatt og leve gode liv. Då treng dei både trivsel og god læring, seier Sande.

Meiner kvaliteten er viktigare enn summen

Kommuneadministrasjonen stadfestar at Ålesund brukar mindre pengar på grunnskulane enn KOSTRA-snittet.

Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) peikar likevel på ein annan statistikk som viser at Ålesund brukar omtrent like mykje på grunnskule som andre kommunar.

Han meiner uansett at kvaliteten er viktigare enn summen som blir brukt.

– Vi får ein pott frå staten som skal dekke alt frå skule og barnehage til helse og omsorg. Og då er det kjempevanskeleg å prioritere med den kommuneøkonomien vi har i dag, seier han, og er ikkje samd i at kommunen ikkje prioriterer barna.

en mann med skjegg

– Eg er bekymra for økonomien i alle kommunalområda i Ålesund. Når rammene blir strammare, rammar det òg grunnskulen, seier Håkon Lykkebø Strand.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Stabil statistikk, men meir krevjande kvardag

Talet på elevar med individuell tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervising) har vore nokså stabilt dei siste åra.

Landsgjennomsnittet for andel elevar som får individuell tilrettelagt opplæring er 8 prosent, medan det er 9,8 prosent i Ålesund kommune. På skulen NRK har anonymisert er det 11 prosent.

Men lærarar fortel at dei brukar stadig meir tid på tilpassa opplæring, utan at det blir registrert kor mykje tid som faktisk går med. Alle elevar har rett til ei opplæring som er tilpassa evnene og føresetnadene deira.

Ei undersøking blant medlemmene i Utdanningsforbundet frå i fjor viser at sju av ti lærarar meiner moglegheita til å følgje opp elevane har blitt dårlegare dei siste åra.

Mange peikar på fleire elevar med psykiske og sosiale vanskar og åtferdsproblem som krev tett oppfølging, noko som gjer det endå vanskelegare å gi alle elevar den hjelpa dei treng.

– Vi ser at altfor mange elevar ikkje får den oppfølginga dei har krav på, og mange lærarar opplever at dei ikkje har tid til å gjere jobben sin skikkeleg, seier leiar i Utdanningsforbundet, Geir Røssvoll.

en mann med briller

Geir Røssvoll meiner ambisjonane frå politikarane står i sterk kontrast til kvardagen i skulen. – Vi ser tydeleg at det ikkje følgjer med nok pengar,

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet

– Dobbel ulempe

Tilbake på skulen i Ålesund, der over 40 prosent av førsteklassingane kjem med vedtak frå barnehagen, lurer rektor på kor mange som faktisk vil få rett til individuell tilrettelagt opplæring.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser at andelen med slik spesialundervisning aukar utover i grunnskulen.

– Vi må løyse alt innanfor dei rammene vi har. Ålesund brukar klart mindre pengar på skule enn samanliknbare kommunar, og vi får ikkje noko ekstra for desse elevane. Dermed blir det ein dobbel ulempe, og kommunen skyver ansvaret over på oss, seier han.

Tidlegare fekk skulane midlar knytte direkte til elevar med særlege behov, og rektor meiner den nye tildelingsmodellen slår urettferdig ut for skulen hans.

Ordførar Lykkebø Strand har forståing for at skuleleiarar kan oppleve fordelingsmodellen som urettferdig, men minner om at endringar ikkje gir fleire midlar å dele ut.

– Det viktigaste er at modellen blir mest mogleg rettferdig, og at elevane med størst behov får oppfølginga dei treng, svarar han.

Skal sjå på modellen

Hildegunn Pedersen, kommunalsjef for oppvekst i Ålesund kommune, seier at dagens tildelingsmodell ikkje gjev vesentleg skeivfordeling mellom skulane.

Men i januar bestilte politikarane i Ålesund ein gjennomgang av modellen for å undersøke om den fungerer slik den skal.

– Eg veit at rektorane ønskjer seg ei meir behovsprøvd ordning, særleg knytt til individuelt tilrettelagd opplæring og personleg assistanse. Samstundes er det vanskeleg å få til fordi ein god tildelingsmodell bør vere bygd på objektive kriterium, seier Pedersen.

en kvinne som står foran en bygning

Hildegunn Pedersen seier at enten skal den noverande modellen justerast, eller så skal det lagast ei heilt ny. Arbeidet har ikkje starta.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 28.08.2025, kl. 05.40

Read Entire Article