Vil at staten skal ta rekninga for overgangs­plager

1 hour ago 1



– Det var kokvarmt sjølv om eg stod ute i isvind, og det var heilt umogleg å få sove om natta. Eg hadde sånn uro og skikkeleg hjernetåke.

Da Gro Anna Persheim nådde overgangsalderen for nokre år sidan, vart det vanskeleg å fungere både heime og på jobb.

Hormonmedisinar vart redninga.

Ein spray på huda, saman med kapslar, skal justere hormonbalansen i kroppen hennar.

en person som smiler foran et drivhus

– Energien kom tilbake, eg sov som ein stein, og leverte sjølvsagd mykje betre på jobb, seier Gro Anna Persheim om da ho begynte på hormonmedisinar.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Stadig fleire kvinner gjer som ho.

I fjor fekk nesten 300.000 kvinner over 35 år hormonbehandling for overgangsalder.

Det er ei auke på nesten 50 prosent sidan 2019.

Men dei aller fleste må betale alt sjølv.

Vil at staten tar rekninga

– Det kjendest litt som eit mirakel, det var sånn at eg nesten ikkje trudde på det sjølv.

Hormonmedisinane har gitt Gro Anna ein heilt ny kvardag, forklarar ho.

– Eg har vorte meg sjølv igjen. Eg var nesten ikkje klar over at eg ikkje var meg sjølv eingong, men dei verste symptoma er så å seie heilt borte, seier ho.

en persons hånd på en persons arm

Med eit klikk er dagens dose av hormonsprayen tatt.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Men pengane må ho ta av eiga lomme. Gro Anna får nemleg desse medisinane på kvit resept. Det betyr at ho betaler heile beløpet sjølv.

Det vil Sanitetskvinnene endre på.

– Vi treng at staten viser at dei bryr seg, seier Liv Bjørnhaug Johansen, som seniorrådgivar for kvinnehelse i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Dei krev no at staten skal ta rekninga, slik at kvinner får hormonbehandling for overgangsalder på blå resept. Det betyr at du berre betalar ein eigendel, og ikkje heile beløpet sjølv

– Urettferdig

– Kvinner i overgangsalderen er ikkje sjuke, men veldig mange har helseplager som det finst veldig god behandling for. Da skal det ikkje vere ei privatsak, det er eit ansvar som samfunnet skal ta, seier Johansen.

en person som sitter ved et skrivebord med en bærbar datamaskin og en kopp kaffe

Liv Bjørnhaug Johansen i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

I dag er det veldig få kvinner som får desse hormonmedisinane på blå resept.

Sanitetskvinnene meiner det skyldast at kriteria er for strenge.

– Du kan få det om du til dømes kjem i overgangsalderen før du er 40, eller har andre medisinske tilstandar. Men det gjeld altså berre 4 prosent av dei 250.000 kvinnene som i dag får desse medisinane. Det meiner vi rett og slett er urettferdig.

– Blir heilt desperat

Som dei fleste andre kvinner har Gro Anna hormonmedisinane på kvit resept.

– Det er jo skilnaden på ein kvardag der eg ikkje fungerer og ein kvardag der eg fungerer som eg gjorde i 30-åra. Men det er klart, det er ikkje gratis.

en person som holder hormonmedisiner i hendene

Gro Anna brukar både spray og kapslar som skal justere hormonbalansen i kroppen hennar.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Ho synest sjølv det er verdt å betale for dei, men seier det fort kan bli dyrt.

– Eg vil tru det er ein del som ikkje prioriterer å kjøpe det, rett og slett fordi nokre merke og typar er veldig dyre. Nokon kvinner vil vere avhengige av å betale rundt 10.000 i året, og om du da har lite pengar, er ikkje det noko du prioriterer, seier Gro Anna.

en person som står i et drivhus

Kroppen vart som eit drivhus da Gro Anna kom i overgangsalderen. – Det var ingen luker som opna seg. Det kjendest som om det var 60 varmegrader heile tida.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

– Korleis hadde det vore for deg om du ikkje hadde hatt råd?

– Når du stiller spørsmålet slik, får eg frysningar på ryggen. Eg hadde kanskje heldt ut i eit par veker til, og så trur eg at eg måtte ha sjukemeldt meg. Du blir jo heilt desperat når du ikkje får sove og du er innestengt i din eigen, svært varme kropp.

Lønnsamt for samfunnet

– Veldig mange kvinner i overgangsalderen opplever symptom som gjer arbeidslivet vanskeleg, seier Johansen i Sanitetskvinnene.

en person som sitter ved et bord med en bærbar datamaskin og en kopp kaffe

Sanitetskvinnene er ein organisasjon som mellom anna jobbar med å fremme kvinners helse og livsvilkår.

Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK

Dei meiner det vil lønne seg for samfunnet om fleire kvinner får hormonbehandling på blå resept.

– Dei pengane staten legg i det, trur eg dei får tilbake i lågare sjukefråvær.

Johansen seier det ikkje er eit mål i seg sjølv at alle kvinner skal gå på medisinar:

– Men vi treng at dei som har behov for det, får det. At ikkje økonomiske avgrensingar set rammene, men kvinners faktiske helsebehov.

Lovar endring

– Vi har sett oss som eit mål for den kommande perioden at det skal bli lettare, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Karl Kristian Bekeng, statssekretær, Helse- og omsorgsdepartementet (Ap)

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Karl Kristian Bekeng (Ap).

Foto: Hanna Johre

Dei har gitt Direktoratet for Medisinske Produkter (DMP) i oppdrag å sjå på, mellom anna, kva helsegevinstar det kan gi og kva det vil koste å gi fleire kvinner hormonbehandling på blå resept.

Dette arbeidet skal vere ferdig allereie i haust.

– Nøyaktig korleis det vil sjå ut, og kva kriterium som vil bli lagt til grunn kan eg ikkje seie noko om enno, fordi det er nettopp det direktoratet no jobbar med, seier Bekeng.

Publisert 17.09.2025, kl. 20.39

Read Entire Article