Å jubilere i ei krisetid

4 hours ago 3



KRONIKK: Mitt nyttårsønske for 2026 er at vi som borgarar i Stavanger tar med oss det lange tidsperspektivet frå jubiléet inn i det nye året og at vi nyttar det til å løfte diskusjonane om vår tids kriser.

Kongefamilien besøkte Stavanger under jubileumsåret. Foto: Jarle Aasland
  • Vidar Fagerheim Kalsås

    Vidar Fagerheim Kalsås

    Førsteamanuensis i historie, historiedidaktikk og historiekultur Universitetet i Stavanger

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Gjennom 2025 har Stavanger jubilert. Vi har feira at det er 900 år sidan domkyrkja sto ferdig, at bispesetet blei etablert i Stavanger og at det er 200 år sidan det første skipet med utvandrarar til Amerika la frå kai. Men i verda utanfor Stavanger har 2025 vore eit annus horribilis, prega av konflikt og kriser. Kva verdi ligg det eigentleg i å markere eit jubileum i ei slik krisetid?

Vår altoppslukande samtid

Klimakrise, naturkrise, storpolitiske kriser, krise i helsesektoren. Mange av dei viktigaste spørsmåla som samfunnet står overfor blir i dag presentert og ramma inn med bruk av ordet «krise». Ei krise blir i Nynorskordboka forklart som ein «vanskeleg eller farleg situasjon med akutte problem». Kriser er altså hendingar som slår akutt inn i nåtida og som krev vår merksemd og handling her og nå. Kva konsekvensar har det at stadig fleire samfunnsspørsmål blir forstått som kriser?

Å erkjenne korleis menneske i fortida har organisert seg i fellesskap, både i kvardag og i kriser, gir oss perspektiv for å tenke om og diskutere korleis vi, i dei problema vi i dag står i, ønsker å organisere vårt samfunn for å møte desse problema.

Eit perspektiv på utberinga av ordet «krise» er å sjå det som eit uttrykk for korleis samfunnet forheld seg til tid, og korleis dette forholdet har endra seg radikalt i løp av dei siste 30 åra. Historikarar og minneforskarar har i seinare tid peika på at den tidsforståelsen eller det tidsregimet som vaks fram under det moderne samfunnet har kome til ein ende.

Den moderne tidsforståelsen var prega av ein bestemt måte å binde saman fortid, samtid og framtid på: Tida utvikla seg lineært og i retning av menneskeleg framgang. Dermed blei nåtida forstått som ein overgang, frå ei «mørk» fortid prega av undertrykking og ufridom, til ei lys framtid med menneskeleg fridom, kulturell framgang og økonomisk vekst. Ein slik grunnleggjande tidsforståelse finn ein att i alle dei store ideologiane som vaks fram på 18- og 1900-talet.

Når nåtida blir altoppslukande

Berlinmuren sitt fall har blitt peika på som eit vendepunkt for denne tidsforståelsen. Med Sovjetunionen sitt samanbrot så forsvann den kommunistiske framtidsutopien, ideen om at kollektiv og sentral organisering av økonomien vil lede til menneskeleg fridom og harmoni. Dei neste tiåra blei kapitalismen tilnærma einerådande, og særskilt i dens nyliberale fasett. Men den ideologiske forteljinga om at vegen til ei betre framtid går gjennom den frie og deregulerte marknaden mista mykje av si truverd med finanskrisa i 2008. Kapitalismen er i dag framleis rådande som økonomisk system, men han har tapt sin utopiske appell.

Det er få som i dag ønsker seg tilbake til dei ideologiske konfliktane på 1900-talet. Men noko av det som ser ut til å ha gått tapt i dragsuget frå dei store ideologiane sin kollaps, er evna til å kunne førestille seg ei betre framtid, og at den framtidsvisjonen kan rettleie handlingar i nåtida. Historikar François Hartog har peika på at dette har leda til ei «allestedsnærværende nåtid», der nåtida utgjer den einaste horisonten vi har for å orientere oss i samfunnet.

I eit slikt presentistisk tidsregime passar også «kriser» godt inn, da ei krise nettopp krev at vi gir slipp på langtidsperspektivet og fokuserer på det som skjer nå. Men spørsmålet vi bør stille oss er om kriseomgrepet sitt fokus på «her og nå» eigentleg hjelper oss med å tenke, diskutere og agere i møte med dei mangfaldige og komplekse utfordringane som samfunnet i dag står i, som til dømes klimaendringar, storpolitikk og folkehelse. Treng vi ikkje også lengre tidsperspektiv for å kunne forstå samanhengar og diskutere politiske løysingar på slike problemstillingar?

Langtidsperspektiv i byjubileet

I den allestadsnærverande nåtida av kriser som vi lever i, har byjubileet fungert som ei forfriskande motvekt ved å tilby eit langtidsperspektiv på 900 år. Gjennom historier om menneska og samfunnet kring Vågen har byjubileet løfta fram korleis det har eksistert ulike måtar å leve på og andre måtar å organisere samfunnet på enn slik vi gjer det. Gjennom dei 900 åra som har gått sidan domkyrkja etablerte Stavanger som by har vi ei rekke døme på korleis menneske har levd sine liv under andre materielle og kulturelle forhold enn det vi lever under i dag. Vi har fått høyre historier om menneske som har vandra inn, gjort byen til sin heim og som medverka til kultur og samfunnsliv. Og vi har fått høyre historier om dei som vandra ut, men som påverka byen ved å halde kontakten på tvers av politiske og geografiske grenser.

Eit slikt langtidsperspektiv kan vere særskilt verdifullt i vår samtid. Ikkje fordi vi treng eit nostalgisk forhold til Stavangers historie. Å lengte tilbake til ei enklare fortid gir oss ingen svar på dagens problem. Og det finst nok av populistiske leiarar som forfører gjennom å spinne mytar om ei storslått fortid, som dei skal gjenopprette om dei berre får tilstrekkeleg og uhindra makt.

Men langtidsperspektiv er nyttige for å tenke om dei krisene vi i dag står i, enten det er snakk om klima, geopolitikk eller folkehelse. Å erkjenne korleis menneske i fortida har organisert seg i fellesskap, både i kvardag og i kriser, gir oss perspektiv for å tenke om og diskutere korleis vi, i dei problema vi i dag står i, ønsker å organisere vårt samfunn for å møte desse problema. Slik kan jubileet hjelpe oss med å løfte diskusjonane om krisene ut av det umiddelbare her og nå, og inn i ein større samanheng.

Mitt nyttårsønske for 2026 er derfor at vi som borgarar i Stavanger tar med oss det lange tidsperspektivet frå jubiléet inn i det nye året og at vi nyttar det til å løfte diskusjonane om vår tids kriser.

Publisert:

Publisert: 28. desember 2025 19:14

Read Entire Article