– Han sa at han ville gjort det igjen. Men smertene har begynt å tære på han.
Det seier Sam Issa, Ahmed al Ahmed sin migrasjonsadvokat, måndag kveld etter å ha besøkt han, ifølge The Sydney Morning Herald.
Mange jødar hadde samla seg på stranda Bondi Beach i Sydney for å feire hanukka, då to personar begynte å skyte mot forsamlinga.
Sjå Ahmed angripe inn her:
Video viser forbipasserande som grip inn og overmannar ein av skyttarane på Bondi Beach. – Eg har ingen tvil om at mange er i live i dag på grunn av hans heltemot, seier delstatsleiaren i New South Wales.
Ligg på sjukehus
Minst 16 er drepne, mellom anna eit barn, og 38 såra, ifølge australske styresmakter.
Ein av dei såra er Ahmed al Ahmed som stoppa ein av skyttarane ved å overfalle han og ta frå han våpenet.
Delstatsleiar Chris Minns i New South Wales og fleire andre la ned blomar ved Bondi Pavilion i til minne om ofra etter skytinga på Bondi Beach.
Foto: SAEED KHAN / AFP / NTBHan ligg no på sjukehus og får behandling.
– Han har det svært dårleg. Kroppen hans er full av skot, og han har det tungt no, seier advokaten som besøkte Ahmed.
Fleire har hylla den modige mannen.
Delstatsminister Chris Minns seier han er djupt imponert over han.
– Ein mann som går rett mot ein væpna skytar som trugar lokalsamfunnet, og som heilt åleine klarer å avvæpne han. Han var villig til å setje sitt eige liv i fare for å redde mange andre. Det er ein ekte helt, sa Minns.
Delstatsminister Chris Minns og statsminister Anthony Albanese på pressekonferanse etter angrepet.
Foto: MICK TSIKAS / Reuters / NTB– Eg er heilt sikker på at fleire menneske er i live i kveld på grunn av motet hans.
Hendinga er klassifisert som eit terrorangrep, og det er opplyst at to menn som skal vere som skal vere far og son, står bak.
Publisert 15.12.2025, kl. 10.36 Oppdatert 15.12.2025, kl. 10.59

















English (US)