KOMMENTAR: I mars i fjor drog sju tenåringar til ein skulegard i Stavanger for å drikka. Det gjekk veldig, veldig gale.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
– Det var ganske stress, og eg var ganske redd. Prøvde å rista på henne.
– Eg trudde dei var normale personar.
– Det er altfor mange folk, for mykje lyd, alle ler, alle er fulle, ingen vet kva dei gjer.
– Eg tenkte ikkje heilt riktig, ikkje som eit vanleg menneske.
– Eg skulle ønska vi aldri hadde møtt dei den dagen.
– Eg var redd ho var død.
– Det er vondt å tenkja på korleis ho har det. Eg får ikkje sova.
Alt dette har blitt sagt i Sør-Rogaland tingrett denne veka. I ei alvorleg sak, der alle er svært, svært unge.
Saka
Tre tenåringsgutar er tiltalte. For grov valdtekt, for medverknad til grov valdtekt, for å ha utført andre seksuelle overgrep på den same fornærma jenta, og for å ha forlate henne i hjelpelaus tilstand. For valdtekt av den andre fornærma. Alle dei tre har bakgrunn frå Syria. Begge jentene var under 14 år då det skjedde, to av dei tiltalte gutane var mellom 16 og 18, ein skal ha vore 18. Det er saka frå i mars i fjor som nå har nådd tingretten.
Det er ein svært alvorleg tiltale. Strafferamma for grov valdtekt er 21 års fengsel. Statsadvokaten grunngir det med at den er utført på ein krenkande måte, det er fleire til stades, det blir filma, og den fornærma er svært rusa. Så skal det tas omsyn til at dei tiltalte er så unge. Men i den skjerpande retninga, er dei fornærma jentenes unge alder. Dei var under 14.
Det hevdar tiltalte at dei ikkje hadde grunn til å tru. Men kanskje burde dei ha visst, eller forstått, eller sjekka. Seksuelle overgrep mot barn under 14 er alltid valdtekt.
To av dei tre sa seg skuldige i å ha forlate eit menneske i hjelpelaus tilstand. Ingen av dei sa seg skuldige i valdtekt eller andre seksuelle overgrep då rettssaka starta tysdag denne veka.
Den kvelden
Dei hadde møttest i byen. Dagen før hadde nokre av dei avtalt det, dei skulle møtast og drikka. Dei som avtalte, kjende til kvarandre frå før. Fleire blir med, fire jenter og tre gutar drar etter kvart til ein skulegard i ein bydel. Ei flaske 40 prosent vodka blir tømt. Den eine jenta blir svært rusa. Ho blir liggjande på bakken. Overvakingskamera har fanga det opp. Også korleis hovudtiltalte ser ut til å prøva å utføra seksuelle overgrep på henne. Så blir ho flytta, dei tar tak i armar og bein og ber henne med seg.
Der borte skal fleire overgrep ha skjedd. Eitt av dei har ganske tydeleg kome med på kamera. Ho blir etterlatt der.
Fleire av dei som var der har filma, snappa og delt. Fordi dei alltid filmar alt, det er ein vane, seier ein, for å ha bevis, seier ein annan. Eg veit ikkje kvifor, seier ein tredje. Videoane blir delte, og spreidde. Det skal vera det aller, aller verste for denne fornærma jenta. Så mange har sett, så mange veit.
Tilstanden
Dei forlét alle staden, jenta ligg igjen aleine. Til slutt blei ein vaksen kontakta, og bedt om å bli med tilbake. Dei finn jenta i det den vaksne kallar ein forferdeleg tilstand. Det blir ringt etter ambulanse. Ho blir innlagt. Men sjukehuset kontaktar ikkje politiet, kjem det fram i retten. Valdtektsmottaket blir heller ikkje kopla på før dagen etter.
Dei fornærma er barn. I retten høyrer vi om jenter som slit alvorleg med å takla det som har skjedd, som lenge ikkje har klart kvardagen sin, ungdomslivet sitt. Om andre som var der, som slit med søvn, som ikkje klarer slutta å tenkja på det som skjedde den kvelden.
Det straffbare
Det einaste anstendige oppi dette, synest å vera rettssaka. Med dommar og meddommarar, forsvarsadvokatar og bistandsadvokatar, alle klar over rollene sine, alle menneskeleg innstilte overfor alle berørte.
Med lovar og reglar og erfaring og rettspraksis å halda seg til. Det er nødvendig.
For det er tre tiltalte i denne saka. Påtalemyndigheitene meiner dei kan bevisa at dei har gjort seg skuldige i grov valdtekt, i valdtekt, i medverknad til grov valdtekt, i andre seksuelle overgrep. Og i å ha forlate eit menneske i hjelpelaus tilstand. Det kan ikkje, og skal ikkje, bortforklarast med alkohol. Ansvaret kan ikkje, og skal ikkje, skyvast over på nokon andre, på stemninga, eller kaoset.
Kva aktor kjem til å leggja ned påstand om er ikkje klart, om nokon blir dømt, kva dei blir dømt for, og kva straffa i så fall blir, er sjølvsagt heller ikkje klart. Det er ennå eit par dagar igjen i retten.
Men det er openbart at her er det snakk om straffbare forhold. Uansett kaos, alkohol, alder, eller kva tiltalte for det grovaste overgrepet meinte å bli oppfordra til.
Og det er ganske openbart at dette var over alle grenser gale å utføra. Heilt forferdeleg gale.
Publisert:
Publisert: 29. mars 2025 09:26