Bergenspolitikar Ann Jorunn Hillersøy er valt til ny partileiar for Industri- og næringspartiet (INP).
Partiets landsmøte vedtok det med 87 mot 45 stemmer søndag ettermiddag.
– Eg er audmjuk og takksam. Eg takkar for tilliten og gjere mitt beste for partiet, seier Hillersøy til NRK.
Ho var innstilt av valkomiteen, trass i at førre partileiar Joar Nesse ønska å halde fram i vervet. Han trakk sitt kandidatur like før landsmøtet, ifølgje BT.
Men Hillersøy fekk ikkje støtte av eige fylkeslag i Vestland, som peika på Irene Stendal Østerbø frå Alver som motkandidat til i leiarvalet. Østerbø fekk også støtte frå Telemark-laget.
INP fekk 1,6 prosents oppslutning i Norstats meiningsmåling for NRK i april.
Det har vore mykje intern strid dei siste månadane. Deira aller første partileiar Owe Ingemann Waltherzøe trakk seg i januar, og starta opp eit nytt parti.
Publisert 28.04.2024, kl. 15.44 Oppdatert 28.04.2024, kl. 15.58