Ap får gjennomgå i skulestriden: – Eg er ikkje ein politikar som gøymer meg

1 day ago 1



  • Rune Støstad (Ap) møtte sterke reaksjonar i Lom då Jotunheimen privatistskule opna, etter nedlegginga av seks vidaregåande skular i Innlandet.
  • Ap i Innlandet fylkesting var med på å nedlegge seks vidaregåande skular og skulestader, deriblant Lom i fjor haust.
  • Lokalsamfunnet skaffa 65 millionar; 90 elevar starta på den nye privatistskulen i Lom som vart opna måndag.
  • Støstad lova ingenting om godkjenning til ein privatskule med offentleg godkjenning og støtte.
  • Sp, Frp, SV og Raudt vil sikre denne om dei får makt.
  • Utdanningsdirektoratet kjem med sin konklusjon til vinteren.

– Eg er ikkje ein politikar som gøymer meg bort. Men eg forstår og anerkjenner at her er det mange som er misnøgde, forbanna og skuffa over Arbeidarpartiet. Eg er imponert over det dei har fått til her i Lom. Det er berre å ta av seg hatten for det, seier Rune Støstad, Ap-politikar og stortingsrepresentant frå Innlandet.

For mange er han ukjend. Fleire i Lom hadde venta at Ap sende anten statsministeren eller kunnskapsministeren til den store dagen i Lom då Jotunheimen privatistskule vart høgtideleg opna. Men dei kom ikkje.

I staden vart gudbrandsdølen og eks.ordføraren frå Vinstra i Nord-Fron sendt til løva si hole.

Han måtte ta imot litt buing og kritiske spørsmål frå debattscenen framfor fleire hundre frammøtte.

65 millionar

Fylkestinget i Innlandet med eit knapt fleirtal frå Ap, Høgre og MDG la ned den vidaregåande skulen i Lom og fem andre skulestader i fylket i oktober i fjor.

Berre ti månader etter opna ein ny skule i dei same lokala.

Alle vart møtt av 17. mai-stemning og hundrevis av frammøtte på oppstartsdagen for Jotunheimen privatistskule. Skulen vart oppretta med hjelp av 65 lokale millionar og eit lokalsamfunn som nekta å godta Ap/Høgre/MDG-fleirtalet sitt vedtak om nedlegging av den offentlege vidaregåande skulen i Lom før sommarferien.

 Tilde Bergheim Kveum (15) hadde sin første skuledag på Jotunheimen privatistskule. Ho heldt tale for fleire hundre frammøtte.TALA AP MIDT IMOT: Tilde Bergheim Kveum (15) hadde sin første skuledag på Jotunheimen privatistskule. Ho heldt tale for fleire hundre frammøtte.

– Ap, Høgre og MDG har ikkje hjelpt oss. Dei har motarbeida oss. Men vi har greidd å opprette denne skulen sjølv, her langt oppi Ottadalen, sa elev Tilde Bergheim Kveum (15) i den store fleirbrukssalen.

Ho er ein av 90 elevar som no startar opp på skulen.

Kva synest du om at lokalsamfunnet har starta ein ny vidaregåande privatistskule i Lom etter skulenedleggingane i Innlandet?aDet er glimrande for framtida til bygdene rundt og ungdomen.bDet er eg mot - sidan det vil ta elevar frå offentleg vgs.cHar ikkje teke stilling.

Rune Støstad frå nettopp Ap, forsvara at Innlandet og landets største parti ikkje sende nokre av partitoppane til den vesle kommunen nord i Gudbrandsdalen.

– Som du veit er det skulestart for ein halv million elevar over heile landet. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun hadde ikkje høve til å vere her. Men eg tek med meg inntrykka herifrå til kunnskapsministeren, lova Støstad.

 Rune Støstad frå Ap har nok møtt i folkemengder der han har kjent seg meir bekvem enn i Lom måndag 18. august 2025.FORSTÅR MISNØYA: Rune Støstad frå Ap har nok møtt i folkemengder der han har kjent seg meir bekvem enn i Lom måndag 18. august 2025.

– Angrar du på vegne av Ap at de gjekk inn for å legge ned den skulen som var her i Lom?

– Eg er her som stortingsrepresentant. Eg har vore ordførar i seks år i Nord-Fron, og eg veit kor viktig det er at lokale saker blir beslutta lokalt. Som stortingsrepresentant så blandar ikkje eg meg inn i saker om vidaregåande skule, som er eit ansvar for fylkespolitikarane, svara Støstad.

Høgre kom ikkje

Han nemnde det ikkje, men fleire andre kommenterte at korkje Høgre eller MDG var representerte i det heile under dei mange debattane og tilskipingane under den høgtidelege skulestarten som vara heile dagen i fjellbygda.

Støstad ville ikkje gi noko signal om Ap kunne kome til å snu og bidra til at privatistskulen i Lom får den godkjenninga dei treng for å bli ein offentleg godkjend skule og gje vitnemål og studiekompetanse på linje med andre vidaregåande skular.

 Trygve Slagsvold Vedum fekk låne bunad av lokale vener. Han presiserte at han har djupe røter i området.LÅNTE KLEDE: Trygve Slagsvold Vedum fekk låne bunad av lokale vener. Han presiserte at han har djupe røter i området.

Der var både Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Sylvi Listhaug (Frp), Grete Wold (SV) og Bjørnar Moxnes (R) lettare å få svar frå.

Alle fire gjekk langt i å love at skulen blir ein offentleg godkjend privatskule dersom dei kjem til makta eller kan skape fleirtal i Stortinget etter valet.

Slik det er no, kjem Utdanningsdirektoratet med si avgjerd komande vinter.

– Det er utruleg farleg dersom det går prestisje i dette. Dei dette går ut over, er dei elevane som ikkje får ut førstegongsvitnemålet. Det betyr at dei som vil studere vidare må ta eksamen i alle fag og eigentleg ha seksarar i alle fag for å kome inn på fleire av studia dei har som førsteval, seier Trygve Slagsvold Vedum til VG.

Han har sjølv røter i Nord-Gudbrandsdal, og fekk lånt seg ein bunad.

 Frp-leiar Sylvi Listhaug har merka seg at Ap og Høgre er på vikande front i Lom etter skulestriden. Ho fiska openlyst etter nye sympatisørar frå Ottadalen.SMILTE HEILE DAGEN: Frp-leiar Sylvi Listhaug har merka seg at Ap og Høgre er på vikande front i Lom etter skulestriden. Ho fiska openlyst etter nye sympatisørar frå Ottadalen.

Frp-leiar Sylvi Listhaug stilte i raude bukser - og kunne minne om ei Ap-dame på valkampstand. Men den førestillinga vart fort gjort til skamme.

– Eg ventar faktisk at Arbeidarpartiet gir skulen den offentlege godkjenninga og offentlege støtta som må til. Eg håpar uansett det blir eit regjeringsskifte slik at Frp kan vere med på å gi dei denne stønaden - dersom ikkje politisk leiing i Ap gjer det som må til, seier Sylvi Listhaug (Frp) til VG.

Korkje ho eller dei andre politikarane frå den sjeldsynte konstellasjonen Frp, SV, Raudt og Sp ser bort frå at ei slik løysing må heilt til det nye Stortinget for ei avgjerd.

 Grete Wold frå SV.KØYRDE LANGT: Grete Wold frå SV.

SV sin utdanningspolitikar på Stortinget Grete Wold køyrde frå Oslo klokka tre sist natt for å rekke skuleopninga i Lom.

– Dette eg har sett i Lom i dag, er eigentleg eit «fuck øvrigheita» til Ap og Høgre. No må vi pushe på og få ein fortgang i ein offentleg godkjend privatskule. Elles kan dette gå ut over elevane. Eg trur ikkje Utdanningsdirektoratet torer å seie nei til søknaden om at Jotunheimen blir ein ordinær, offentleg godkjend privat vidaregåande skule, seier Wold.

Raudt hadde sendt Bjørnar Moxnes til Lom. Han menga seg med både meisterkokk Arne Brimi og dei største pengegivarane til privatistskulen under lunsjen på Brimibue.

 Bjørnar Moxnes frå Raudt møtte Arne Brimi under lunsjen med lammekjøt og andre godsaker på Brimibue.LUNSJTREFF: Bjørnar Moxnes frå Raudt møtte Arne Brimi under lunsjen med lammekjøt og andre godsaker på Brimibue.

– Det er berre å bøyge seg i støvet over kva dei har fått til her i Lom etter det idiotiske vedtaket med eit syltynt fleirtal om å legge ned dei offentlege vidaregåande skulane i Innlandet. No er det viktig at skulen får offentleg godkjenning, for det trengst ein vidaregåande skule i Lom. Her er det jo nesten hundre prosent gjennomføring, seier Moxnes.

Han er innstilt på at Raudt går saman med mellom andre Listhaug og Frp for å gje Lom det fleirtalet dei treng på Stortinget for at privatistskulen blir privatskule.

Read Entire Article