Det har gått eit stort jordskred over E39 langs Hornindalsvatnet i Nordfjord. Ein bil er tatt av skredet, og har hamna oppå raset. Sjåføren av bilen skal vere uskadd, fortel trafikkoperatør Jørgen Bødtker i Vegtrafikksentralen Vest til NTB.
Han seier vegen truleg ikkje blir opna i natt.
Skredet har gått like ved Kongenestunnelen. Vegtrafikksentralen melder at det er kø i begge retningar ved staden.
Politiet er på plass på begge sider av raset. Dei jobbar med å få snudd bilane som står på begge sider.
– Politiet dirigere folk vekk frå området, for å stenge strekninga, seier Rolf Einar Vågheim i Vegtrafikksentralen Vest.