Brukte millionar på Facebook-reklame

2 days ago 7



Sosiale medium har aldri prega ein norsk valkamp så mykje som i år.

Det viser også summane som politiske parti har brukt på å sponse innlegg i valkampen.

På Facebook og Instagram har partia brukt over 18 millionar kroner på reklame.

Det viser tal som NRK har henta frå Metas annonsebibliotek.

Arbeidarpartiet har brukt soleklart mest, i overkant av 5,5 millionar kroner.

Oversikta viser total pengebruk frå partia sentralt, ungdomsparti, lokallag og representantar.

Særleg viktig for unge veljarar

– Reklame på sosiale medium har blitt ein viktig og sentral del av valkampen, seier Johannes Bergh som er valforskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Han meiner det er særleg viktig for å nå unge veljarar som ikkje følgjer like godt med på nyheiter i aviser og anna presse.

Denne valkampen synest Bergh det er særleg interessant at aktørar utanfor dei politiske partia har vore meir markante. Ei rekke organisasjonar på begge sider av det politiske landskapet har drive store reklamekampanjar.

en mann i hvit skjorte

Johannes Bergh er valforskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Av dei som støttar venstresida i politikken er LO og deira forbund mest framståande. Dei har brukt over 2,9 millionar kroner på annonsar.

Også ei rekke grupper som støttar borgarleg side har brukt mykje pengar.

Aksjon for Norsk Eierskap har brukt 1,1 millionar. Og Fellesaksjonen for verdiskapning og privat norsk eierskap har brukt 639.223 kroner.

Påverkaren Sindre Wiig Norby har markert seg med motstand mot det han meiner er offentleg sløsing. Nordby har brukt 693.057 kroner på annonsar hos Meta dei siste 90 dagane fram mot valet.

Oppslutning

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

Viser endring fra forrige stortingsvalg.

Anonym konto

I løpet av valkampen har det også vore ei rekke anonyme kampanjar. Dette meiner Bergh er problematisk.

– Det er ein del av demokratiet at ulike aktørar kan bruke pengar på politisk påverking. Men når vi ikkje veit kven som står bak, så er det uheldig. Det kan svekke tilliten til politikken, seier Bergh.

Av anonyme kampanjar er sida «Virale Videoer» særleg framståande. Sida har brukt 382.631 kroner i løpet av valkampen.

Pengane gjekk til ein svertekampanje mot venstresida, der statsminister Jonas Gahr Støre blei stempla som «Juge-Jonas».

Pengane kjem frå den anonyme aktøren Occultus Spiritus, ifølge DN

Publisert 12.09.2025, kl. 14.16 Oppdatert 12.09.2025, kl. 14.31

Read Entire Article