Bye: – Eg føler meg utrygg i fengselet

1 week ago 5



Frå 15. august i år kan varetektsfengsling gjennomførast med fotlenke, såkalla elektronisk kontroll.

Det betyr at ein i staden for å sitte i varetekt i fengselet, kan gjere dette heime med fotlenke.

Det er retten som no skal avgjere om Arne Bye kan få gjennomføre denne typen varetekt.

Kriminalomsorga har undersøkt om den tidlegare kommuneoverlegen er eigna til dette.

I tillegg har bustaden til Bye blitt undersøkt om er eigna for varetekt med fotlenke og om sikkerheita hans kan ivaretakast heime.

Påtalemakta meiner Bye må sitte i varetekt i fengselet på grunn av omsyn til allmenta si rettsfølelse.

Arne Bye og forsvararane ønsker derimot at han skal få mogelegheit til å førebu seg til ei mogeleg ankesak heime i staden for i fengselet.

I tillegg meiner forsvararane at Bye si sikkerheit ikkje blir ivaretatt i fengselet.

– Å sitte i fengsel gjev nokre avgrensingar

For å vurdere om Bye er eigna til å sitte i varetekt heime er fleire vitne kalla inn til retten.

Ein av dei er avdelingsleiar i Trondheim fengsel, Preben Rosenvinge.

Sit du med noko inntrykk av at Bye er forhindra seg i å førebu seg til saka? spør aktor Ole Andreas Aftret.

Det kan eg ikkje svare på, for det veit eg ikkje, men det å sitte i fengsel gjev jo nokre avgrensingar, svarar Rosenvinge.

Bye får ikkje ha saksdokument på cella si, men han får tilgang til desse på eit besøksrom i fengselet, forklarar avdelingsleiaren.

På dette besøksrommet kan også forsvararane til Bye kome i vanleg arbeidstid på kvardagar og nokre kveldar i veka.

Der har Bye anledning til å sitte på dagtid sju dagar i veka, seier Rosenvinge.

Arne Bye blir fraktet til Trondheim fengsel

Arne Bye blei varetektsfengsla og frakta direkte til Trondheim fengsel då dommen mot han kom i Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

I midten av juli blei Bye utsett for vald frå ein annan innsett i fengselet.

– Er du bekymra for Arne Bye si sikkerheit i Trondheim fengsel?, spør Aftret.

– No har det oppstått ei valdshending og eg veit at det har vore tilrop frå innsette ved andre avdelingar mot Bye, av negativ karakter, svarar Rosenvinge.

– Viss han kjem i kontakt med feil innsett, så kan det oppstå ei ny valdshending, legg han til.

Likevel meiner kriminalomsorga at sikkerheita til Bye er så godt ivaretatt som mogeleg med ulike tiltak i fengselet.

– Eg føler meg utrygg i fengselet. Det er ei belastning kvar einaste dag, seier Arne Bye i retten.

Bye: – Korleis skal eg kunne førebu meg?

Både Arne Bye og forsvararane meiner dei ikkje får førebu seg godt nok til ei eventuell ankesak.

– Det går mot ei lang, komplisert ankesak, seier Bye i retten.

Han seier at han under rettssaka i Trøndelag tingrett brukte kvar kveld, og nokre netter, til å førebu seg til neste dag i retten.

Dette meiner han ikkje vil vere mogeleg å gjere dersom han må sitte i varetekt i fengselet medan ankesaka går for lagmannsretten.

– Korleis skal eg førebu meg til neste dag når eg ikkje har tilgang til besøksrommet etter klokka 15?

Det er berre for å eksemplifisere kor håplaus situasjonen blir då, legg han til.

Bye meiner besøksromma i fengselet er for dårleg til å kunne gå gjennom dokumenta i saka.

– Det er heilt forferdelege kontorfasilitetar der. Eg må sitte på kne over sofaen og legge utover papira. Det er ikkje ein vanleg kontorstol. Det er eit kafébord og er ein heldig får ein bruke dette, seier Bye.

Bye meiner også at han får for dårleg oppfølging av eigen helsetilstand i fengselet.

Lovendring kan gje Bye lågare straff

Endringar i lovverket gjer at Arne Bye kan få 16 år i fengsel i staden for 21.

6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.

Han blei funnen skuldig i mellom anna 70 valdtekter.

Men 1. juli gjorde endringar i straffelova at ein av paragrafane Bye er blitt dømt for, ikkje lenger finst.

Den tidlegare kommuneoverlegen blei funnen skuldig i 32 brot av paragrafen som inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.

Bye har anka dommen til Frostating lagmannsrett.

I førre blei det klart at påtalemakta ber lagmannsretten om å behandle spørsmålet om straffeutmåling.

Dersom lagmannsretten gjer dette, vil den nye strafferamma vere 16 år.

Dersom lagmannsretten også vil behandle spørsmålet om Bye er skuldig eller ikkje, vil påtalemakta vurdere om nokre av tiltalepunkta kan bli ramma av paragrafen om grov valdtekt.

– Dette vil utløyse ei samla strafferamme på 21 år, sa statsadvokat Eli Nessimo til NRK i førre veke.

Lagmannsretten kan derimot velje å berre behandle spørsmålet om lengde på straffa.

– Dersom berre anken over straffutmålinga blir tilvist, vil påtalemakta legge ned påstand om fengsel i 16 år, sa Nessimo.

en mann og en kvinne som sitter ved et skrivebord med en mikrofon

Statsadvokatane Eli Reberg Nessimo og Rikhard Haugen Lyng, under rettssaka mot Arne Bye i tingretten.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Publisert 04.09.2025, kl. 12.00 Oppdatert 04.09.2025, kl. 13.55

Read Entire Article